Passasjerbåt til faste tidspunkt ved stenging av Askøy-brua
Vestland fylkeskommune er i gang med planlegging av tilbodet med passasjerbåt dei to nettene Askøybrua blir stengd.

— Vi kjem til å ha eit tilbod med passasjerbåt mellom Askøy og Bergen på faste tidspunkt gjennom heile stengeperioden. Dette gjer vi først og fremst for å sørge for at dei som skal på arbeid, særleg knytt til Haukeland sjukehus, kjem seg til jobb både om kvelden og tidleg om morgonen. Vi vil justere litt på bussrutene på Askøy, seier Øyvind Strømmen, pressekontakt i Skyss, Vestland fylkeskommune.
Vestland fylkeskommune kjem tilbake med konkret ruteopplegg, og tek sikte på at det skal vere klart neste veke.
Arbeidet på Askøybrua er i rute, og entreprenør er godt i gang med å med å demontere eksisterande brufuge på Bergen-sida, seier Jorunn Hillestad Sekse, seksjonsleiar for vedlikehald, drift og beredskap i Vestland fylkeskommune.
For at det skal vere trygt for dei som arbeidar på brua og dei som køyrer, er fartsgrensa sett til 50 km/t. Det vil gjelde heilt fram til arbeidet er ferdig i november.
Vestland fylkeskommune er i dialog med Askøy kommune og nødetatane for å ivareta beredskapen.
—Båtruta er ikkje meint å vere ein beredskapsbåt for naudetatar. Dette blir løyst av naudetatane sjølve. Båt- og busstilbodet er ein minimumsløysing, så vi oppmodar folk som kan unngå å reise dei aktuelle dagane til å gjere det, seier Strømmen.
Kontaktpersonar:
Øyvind Strømmen, mobil 456 57 423, pressekontakt i Skyss, Vestland fylkeskommune
Jorunn Hillestad Sekse, mobil 974 25 209 seksjonsleiar for vedlikehald, drift og beredskap i Vestland fylkeskommune
(Foto: Nordnes og Askøy, av Bernt Rostad, CC BY 2.0)
Publisert:
Oppdatert: