Hopp til hovedinnald

Alle tre kontraktane varer i ni år, med moglegheit for tre års forlenging.

Tilbydarane i anbodskonkurransen har konkurrert på pris, men Skyss har stilt minstekrav til utsleppskutt i kombinasjon med ein bonusmodell. I Sogn er det lagt opp til at om lag 60 prosent av bussdrifta vert elektrisk, og i Sunnfjord og Sunnhordland er det lagt opp til 80 prosent elektrisk drift. Når prosentdelen ikkje er høgare, er det i stor grad knytt til at det er behov for minibussar, og gode elektriske køyretøy for norske forhold lar framleis vente på seg.

Alle tilbydarane oppfyller dei fastsette klimakrava. 

I konkurransen er det stilt ei rekkje minstekrav til bussmateriellet, blant anna av omsyn til sjåførtryggleiken. Desse krava bygger i hovudsak på den fellesnordiske bransjestandarden Bus Nordic. Når det gjeld universell utforming er det stilt strengare krav enn i den nordiske standarden. 

Dagens rutetilbod vil bli vidareført i dei nye kontraktane, samstundes som det vil bli vidareutvikling og utviding av fleksible bestillingstenester. Kontraktane omfattar også individuelt tilrettelagt skuleskyss. 

Kontraktane inneheld ein bonusmodell som skal stimulere til rekruttering av sjåførar og til betring av sjåførane sine arbeidsvilkår. I modellen vert det gitt bonus til operatørselskap som klarer å redusere graden av delte skift. 

Dei nye kontraktane for Sogn og Sunnhordland er tildelt Tide Buss AS. Kontrakten for Sunnfjord er tildelt Firda Billag Buss AS.  Det er dei same selskapa som har kontraktane for dei aktuelle områda i dag.

Publisert:

Oppdatert: