Ny båtkontrakt tildelt
12. august tildelte Skyss ny kontrakt for drift av båtrutene mellom Bergen, Sogn og Nordfjord.

12. august tildelte Skyss ny kontrakt for drift av båtrutene mellom Bergen, Sogn og Nordfjord.
Kontrakten varer i utgangspunktet fram til 1. desember 2029, men kan forlengast med inntil tre år.
Opphavleg var det lyst ut ei kontrakt med lengre varigheit og krav om nullutsleppsteknologi for dei aktuelle båtrutene. Dette anbodet måtte avlysast grunna manglande statleg medfinansiering. Det er på denne bakgrunnen at det er lyst ut ei meir kortvarig kontrakt, noko som gjer det mogleg å lysa ut ny konkurranse med skjerpa miljøkrav om få år.
I konkurransen om denne meir kortvarige kontrakten har pris vorte vekta med 70%, medan klima og miljø har vorte vekta med 30%.
To operatørar har levert tilbod i konkurransen, Fjord1 og Norled. Når det gjeld klima og miljø oppnådde begge tilbydarane same skår, med litt ulike forslag om klima- og miljøtiltak, då med avgrensa effekt. Fjord1 sitt tilbod kom betre ut på pris, og kontrakten vert difor tildelt dei.
Publisert:
Oppdatert: