ABC for kollektivplanlegging
Korleis sikrar vi at kollektivtrafikken følger utprøvde prinsipp og ser mest mogleg einskapleg ut på ulike stader?

Dette forsøker vi å svare på i vår nye Rettleiar for planlegging av linjenettet i Vestland (pdf). Her har vi samla dei viktigaste prinsippa for planlegging og utvikling av kollektivtrafikken. Prinsippa bygger på beste praksis og erfaring i kollektivbransjen over fleire år. Målet er eit enkelt og attraktivt linjenett for dei reisande.
By og land, hand i hand
Vestland er eit svært variert fylke, både med tanke på kor tett folk bur og korleis geografien og vegnettet ser ut. Når vi har generelle prinsipp, kan vi nytte dei både i tettstader og mindre folkerike område. Nokre av prinsippa i rettleiaren fungerer likevel best i områda der passasjergrunnlaget er størst, og rettleiaren er litt mindre utfyllande for distriktet.
Unngå fotnoter i rutetabellen
Sidan kollektivtransporten fraktar dei reisande innanfor eit nettverk og ikkje direkte fra A til B, så er det sentralt å sikre god samanheng mellom linjene, med trygge og effektive knute- og bytepunkt.
Eit anna prinsipp er å sikre at bussen køyrer faste strekninger som ikkje varierer mellom turane, og at den betener alle haldeplassane på strekninga. Dette gjer kollektivtilbodet føreseieleg og lettare å forstå, i motsetnad til rutetabellar med unntak og fotnotar.
Det er også smart med faste intervall mellom avgangane, til dømes kvart kvarter eller kvar halvtime, slik at det er lettare for dei reisande å hugse rutetider.
Ulike linjetypar og variantar av bestillingstransport er beskrivne i rettleiaren, saman med retningslinjer for korleis ein best mogleg set saman heile nettverket og legg opp til byte mellom transportmiddel.
Råd til arealplanleggarar
Kollektivtransporten er heilt avhengig av framkomsten i vegnettet og arealbruken i kommunane. Med avgrensa kollektivbudsjett er det ikkje mogleg å både betene store område og køyre avstikkarar og omvegar, og samstundes tilby hyppige avgangar.
Kor folk bur og jobbar har mykje å seie for om det er mogleg å planlegge eit godt kollektivtilbod. Kollektivtrafikken sine behov bør derfor bli tatt omsyn til tidleg i arealplanlegginga til kommunane. Rettleiaren skildrar beste praksis i kollektivvennleg arealplanlegging. Det handlar til dømes om å konsentere utbygging i område som er utbygde frå før og langs transportkorridorar der det allereie finst kollektivtilbod.
Målet med rettleiaren er å inspirere og skape god kollektivfagleg forståing i fagmiljø og hos folkevalde og andre aktørar, også dei som ikkje jobbar med kollektivtransport til dagleg.
Du finn heile rettleiaren her: Rettleiar for planlegging av linjenettet i Vestland (pdf)
Publisert:
Oppdatert: