Hopp til hovedinnald

– Framtida er elektrisk. Vestland fylkeskommune har sett seg i førarsetet når det gjeld grøne løysingar i kollektivtrafikken, og det er veldig gledeleg at vi no får elbussar også i distrikta, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Dei nye bussane kjem på vegen i samband med at gamle busskontraktar løper ut og nye kontraktar startar. Med ny kontrakt blir heile bussparken skifta ut, og det er stilt nye krav mellom anna til klimavennleg teknologi. På denne merkedagen startar Skyss opp tre nye busskontraktar i ulike delar av fylket.

–  Skyss sitt mål er eit godt og føreseieleg busstilbod for alle våre reisande. Vi har stilt høge krav til at bussen kjem når han skal, og vi er svært nøgde med å få desse gode busskontraktane på plass, seier direktør i Skyss, Målfrid Vik Sønstabø.

Over hundre elbussar i Hardanger og Voss

104 elektriske bussar og 47 nye minibussar og mellomstore bussar skal køyre på vegane i ruteområdet som dekkjer Voss, Samnanger, Kvam, Ulvik, Eidfjord, Ullensvang, Kvinnherad, Bjørnafjorden (Fusa), Tysnes og Etne. Omlegginga til elektriske bussar vil føre til at klimagassutsleppa blir kutta med 90 prosent samanlikna med førre kontrakt. Tide Buss AS skal drifte kontrakten for Hardanger og Voss dei neste 13 åra.

– Vi ser fram til å ønske dei reisande velkommen om bord i nye, moderne og miljøvennlege bussar. Målet vårt er å bidra til ei meir berekraftig framtid, både gjennom auka bruk av buss og med teknologi som reduserer utslepp. No satsar vi på begge delar, seier administrerande direktør Jørgen Haukås i Tide Buss AS.

Nye bussar i Norheimsund. (Foto: Tide Buss AS)

Nye elbussar i Nordfjord

I ruteområdet som dekkjer Stryn, Stad og nordre del av Kinn, blir over 50 nye bussar sette i rute, der 36 av dei er elektriske. Her har Skyss teikna kontrakt med Firda Buss Billag AS.

– Vi gler oss stort til kontraktsstart og til å ta i bruk dei nye elektriske bussane i Nordfjord. Dette markerer eit viktig steg mot ei meir miljøvennleg kollektivløysing, og vi ser fram til å tilby eit moderne og komfortabelt transporttilbod til innbyggjarane, seier Lars Andreas Kårstad, dagleg leiar i Firda Billag Buss AS.

Elbussar på plass i Stryn. (Foto: Firda Billag Buss AS)

 

I Modalen og Vaksdal kjem 13 nye bussar i trafikk, i regi av Modalen Eksingedalen Billag AS. I busskontrakten for dette ruteområdet har Skyss stilt krav om minst 50 prosent utsleppsreduksjon frå 2030.

– Dette har vi sett fram til. Vi gler oss til å tilby dei reisande nye og komfortable bussar, og sjåførane våre ein god og moderne arbeidsplass, seier Knut Moe, dagleg leiar i Modalen-Eksingedalen Billag AS.

Mange kan bestille buss heim

Frå 23. juni vil mange reisande få moglegheit til å bruke eit eige bestillingstilbod. Bestillingsbuss blir tilgjengeleg i Bjørnafjorden (Fusa), Etne, Eidfjord, nordre del av Kinn, Kvam, Kvinnherad, Modalen, Samnanger, Stad, Stryn, Tysnes, Ullensvang, Ulvik, Vaksdal og Voss. 

Tilbodet er kalla Skyss Bestilling og er bussar som køyrer frå der ein er til dit ein skal, innanfor gitte soner og tidspunkt, og bestillingsbuss langs faste ruter på faste dagar som køyrer når nokon har bestilt. Tilbodet er for alle og er godt tilrettelagt for personar med funksjonsvariasjonar. Ein bestiller enkelt i app, på nett eller på telefon. Detaljar per område finn ein på skyss.no/bestillingsbuss

Meir robuste ved ulukker

Dei nye bussane har i tråd med nye krav mellom anna fått sterkare konstruksjon i fronten for å kunne tole kollisjon med større køyretøy.

I tillegg kan dei reisande glede seg over at bussane er komfortable, har ladekontakt ved seta og informasjonsskjermar framme i bussen som viser dei neste haldeplassane og anna relevant reiseinformasjon.

Justerte rutetider

Skyss har justert litt på rutetidene i samband med oppstart av dei nye kontraktane. Det vert også lagt om til sommarruter, med litt redusert tilbod som vanleg medan det er skoleferie. Rutetider for kvar busslinje er å finne her på skyss.no og i den digitale reiseplanleggaren.

Nye bussfargar i Nordfjord

Alle dei nye bussane har Skyss-logo og -fargar, og dermed forsvinn dei blå og kvite bussane med Kringom-logo i Stryn, Stad og nordre del av Kinn. Etter fylkessamanslåinga i 2020 vart det vedtatt at Skyss skulle vere felles varemerke for kollektivtrafikken i heile Vestland. I dei andre to ruteområda i Sogn og Fjordane vil det framleis køyre bussar med Kringom-dekor, fram til det kjem nye bussar i samband med nye busskontraktar sommaren 2026.

Publisert:

Oppdatert: