Vil du bli sjåfør
Ønsker du å søke jobb som bussjåfør, bybaneførar, eller som mannskap på båt eller ferje? Sjå korleis du kjem i kontakt med trafikkselskapa her.
I Skyss får du vere med på å påverke kvardagen til folk som bur i Vestland. Vi har eit komplekst samfunnsoppdrag som krev at vi har mange ulike fagfolk på laget vårt.

Skyss er eit kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk. Vi står bak det offentlege tilbodet med buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylke, og vi vidareutviklar mobilitetstenester. Vi er stolte av å vere ein av landets leiande mobilitetsaktørar. Skyss går i tet med å ta i bruk ny teknologi for meir berekraftig mobilitet.
Vi har om lag 100 engasjerte tilsette med bakgrunn frå mellom anna juss, økonomi, pedagogikk, marknadsføring, leiing, rådgiving, statsvitskap, geografi, ingeniørfag og informatikk. Dette gir oss kunnskapsrike team med brei kompetanse, og mykje tverrfagleg samarbeid både internt og eksternt.
Vil du bli med på å sikre at dei kollektivreisande i Vestland får riktig og nøyaktig informasjon slik at reisa blir enklast mogleg? Vi treng ein ny informasjonskoordinator som skal bidra til gode og framtidsretta kundeopplevingar for alle som reiser kollektivt i Vestland. I denne stillinga vil du jobbe med kampanjar, rute- og trafikkinformasjon, innhaldsproduksjon og publisering, og orienteringsdesign og merking av fysiske flater på terminalar. Mykje av arbeidet omfattar å lage framdriftsplanar, å leie og koordinere internt arbeid ved trafikkomleggingar og å kommunisere med eksterne interessentar. Hos oss kjem du inn i eit engasjert fagmiljø med hyggelege kollegaer!
Les meir og søk på stillinga her (webcruiter.no)
Søknadsfrist 06.04.2026

Ønsker du å søke jobb som bussjåfør, bybaneførar, eller som mannskap på båt eller ferje? Sjå korleis du kjem i kontakt med trafikkselskapa her.