DKS-billetten (Kulturbilletten)
For grunnskolen til bestilling av kollektivreiser til Den kulturelle skolesekken.
Gå vidare for å bestille billettar eller sjå historikk
Den kulturelle skolesekkens (DKS) program for resten av 2024 blir dekka av Bergen kommune DKS. DKS blir finansiert av statlege spelemidlar som blir fordelte av Kulturtanken og tildelt av Vestland fylkeskommune. Spelemidla blir forvalta av Seksjon for kunst og kulturutvikling, og midlane er øyremerka til å oppfylle mål og prinsipp med ordninga. Det er difor viktig å påpeike at det kun er reiser til DKS-programmet som blir dekka, og ikkje reiser med andre føremål.
Billettløysinga er opent ut året med det føremålet å sikre transport til program i Den kulturelle skolesekken. Billettløysinga kan ikkje nyttast til andre føremål.
Skolane må hugse å skrive kva klassar/trinn som skal på kva DKS-program ved bestilling.
Transport blir dekka til desse produksjonane:
PRODUKSJON |
UTØVER |
STED/ARENA |
Alle har en liten dør bak øret |
Foretak |
Cornerteateret/kulturhus i |
Bli inspirert! - heltrinnstilbud |
Bergen Filharmoniske |
Grieghallen |
Prosjekt Opera: Amahl og de |
Bergen Nasjonale Opera |
Peer Gynt-salen, Grieghallen |
Heksejakt |
Den Nationale Scene |
DNS |
Kvinna i svart |
Det Vestnorske Teateret |
DVT |
Mali Befaler |
Foretak |
Cornerteateret/kulturhus |
Formidling av samtidskunst |
Bergen Kunsthall |
Bergen Kunsthall |
Film på BIFF for grunnskolen |
BIFF |
Bergen Kino, USF |
Luker, tau og årer |
Norges Fiskerimuseum |
Norges Fiskerimuseum |
Ved spørsmål om transport kontakt Seksjon for kunst og kulturutvikling/DKS Bergen ved Ragni Stoltenberg, Ragni.Stoltenberg@bergen.kommune.no
Avtalen
Kulturbilletten er ein avtale mellom Skyss og Bergen kommune om transport for kulturføremål for å fremje kvalitet i opplæringa. Kvar skole skal bidra til at elevane får ei innføring i skikk og bruk på transportmiddelet før reiser blir gjennomførte.
Avtalen inneber:
Kvar skole bestiller billettane sine gjennom denne løysinga. Det må bestillast éin billett for tur og éin for retur. Føremålet skal vere ei DKS-oppleving innanfor Bergen kommune.
Billetten gjeld for opp til 33 elevar og 2 lærarar.
Reiser må gå føre seg innanfor dette tidsrommet måndag-fredag:
- Buss og Bybanen: 09.00–13.50
Legg merke til at løysinga viser rutetider heile døgnet, men du kan berre velje tidspunkt innanfor tidsromma over.
Gruppene må vere budde på at heile eller delar av gruppa må vente til neste avgang dersom det er fullt på bussenybanen. Billetten vil vere gyldig sjølv om den ikkje viser heilt rett avgangstid dersom gruppa må vente til neste avgang.
Hugs å bestille returbillett! Det må bestillast éin billett for tur og éin for retur.
Kulturbilletten skal ikkje brukast til transport som vanlegvis blir rekvirert av skolane, til dømes transport til svømmeundervisning, ekskursjonar, studiebesøk osv.
Ein kan bestille billettar for inneverande halvår. På bybanen kan det vere fleire enn 35 tilgjengelege plassar sjølv om systemet maksimalt viser 35 ledige på kvar avgang. Bestill billettar på avgangen før eller etter dersom fleire enn 35 personar skal reise på same tid. Desse avgrensingane gjeld:
Bybanen: 70 personar på kvar avgang
Bestilte reiser kan kansellerast fram til dagen før reisedagen.
Dette gjer du under Mine reiser. Her kan du òg sjå alle bestillingar, både dei som ligg fram i tid og reiser som er gjennomførte.