Samtykke til og personvernerklæring for SkyssProfil
Bakgrunn, personopplysningar og vilkår når du opprettar ein SkyssProfil.
Kva er ein SkyssProfil?
Ein SkyssProfil er ei innlogga teneste der du lagrar preferansane dine, billettar og personalia hos Skyss. Reiser du mykje med oss bør du inngå samtykke om bruk av Skyssprofil.
Behandling av personopplysningar
Bruk av Skyssprofilen din blir lagra. Dette gjer at du får med deg historikk mellom einingar, tillèt personleg filtrering av informasjon til deg (t.d. avviksmelding og reiseforslag) og tillèt kundestøtte å betre forstå din situasjon om noko skulle oppstå som gjer at du har behov for hjelp til bruk av våre tenester.
Når du samtykkjer til å opprette ein Skyssprofil er rettsleg grunnlag for denne behandlinga av personopplysningar GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav a, samtykke.
Har du ei ubetalt rekning, eller ein avtale som av andre årsaker føreset at du har ein Skyssprofil, behandlar vi opplysningar i profilen i det omfanget det er nødvendig for oppfyllinga av avtalen (GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav b).
Du kan lese meir om formålet med behandlinga og korleis vi bruker opplysningar i personvernerklæringa.
Personvernerklæring for Min profil (SkyssProfil)
Skyssprofil er ein personleg profil du kan velje å bruke for å logge inn i Skyss-appen eller på skyss.no. Dette gjer at du kan logge inn og få tilgang til profilen din på tvers av einingar (mobilar, lesebrett, web og liknande), og at du ikkje mistar billetten eller andre personlege innstillingar om du er uheldig å mistar eininga di.
Når du opprettar en profil får du tilgang til ei rekkje tilleggstenester som du kan lese meir om.
Kvifor behandlar Skyss personopplysningane mine?
Dersom du registrerer en profil, behandlar Skyss personopplysningane dine og er behandlingsansvarleg for desse. Formålet er å gi deg ein meir personleg tilpassa tilleggsteneste og betre oppfølging av kundeforholdet ditt. Vi vil i samband med dette også lagre kundeførespurnaden din dersom du tek kontakt med oss rundt spørsmål om profilen din. Dersom du har hemmeleg adresse og/eller hemmeleg telefonnummer tilrår vi, for å vere på den sikre sida, at du bruker Skyss sitt anonyme tenestealternativ.
Når du opprettar en profil får du tilgang til tilleggstenester, slik at du kan:
- få tilgang til billetten din, uansett kva eining du bruker når du er logga inn i Skyss-appen
- lagre kjøpshistorikk, slik at du enkelt har tilgang til den uansett kva eining du vel å bruke
- lagre din føretrekte billettype
- lagre favorittstader, favoritthaldeplassar og reisesøk sentralt, slik at du får tilgang til den planlagde reisa, uansett kva eining du vel å bruke
- få oppdatert reise- og avviksinformasjon knytt til den planlagde reisa di
- dele lagra reisesøk med andre, slik at du lettare kan planleggje ei felles reise eller ei reise for andre, t.d. eigen familie
Som ein del av det å gi deg personlege tilleggstenester vil vi bruke kontaktopplysningane dine for å varsle deg om forhold som påverkar kunderelasjonen din til Skyss, som inkluderer, men ikkje avgrensar seg til: oppdatering av avtalevilkår, personvernerklæring eller liknande, systemsvikt eller feil i våre tenester, store og varige endringar i tilbodet vårt til deg som kunde, eller annan kritisk informasjon som berører kundeforholdet ditt.
Vi nyttar opplysningar om kjøpa og reisesøka dine o.l. for å lage statistikk om bruk av appen, utan at vi knyter dette til deg.
Kva er aldersgrensa for SkyssProfil?
Du må være fylt 15 år for å opprette ein SkyssProfil. Det er fordi verjemålslova set dette som lågaste alder for inngåing av ein rettsgyldig avtale.
Kva for eit rettsleg grunnlag har Skyss for å behandle personopplysningar?
Behandlingsgrunnlaget for behandling av personopplysningar er samtykke.
Vi bruker rettmessig interesse for å forbetre tenestene våre som behandlingsansvarleg for å lage anonym statistikk. Dersom du skulle ha nokre innvendingar mot bruk av personopplysningane dine til dette formålet, kan du fremje innvendinga ved bruk av kontaktskjemaet for personvernsaker.
Har du ei ubetalt rekning, eller ein avtale som av andre årsaker føreset at du har ein Skyssprofil, behandlar vi opplysningar i profilen i det omfanget det er nødvendig for oppfyllinga av avtalen (GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav b).
Vi behandlar også andre personopplysningar på anna rettsleg grunnlag. Sjå i samband med dette dei andre personvernerklæringane våre.
Kva tilgang har Skyss til opplysningane dine, og blir dei delte med andre?
Vi behandlar følgjande kontaktopplysningar om deg:
- Telefonnummer: Blir brukt for å logge inn, og i kundedialog når du kontaktar oss.
- E-post: Blir brukt til å verifisere konto, sende kvitteringar for kjøp i app, i kundedialog når du kontaktar oss, og for å varsle deg om overnemnde forhold som påverkar kunderelasjonen din til Skyss.
- Fornamn og etternamn: Blir brukt til å verifisere konto ved byte av telefonnummer, og i kundedialog når du kontaktar oss.
- Adresse: Dersom du vel å registrere adressa di kan vi ved behov sende deg informasjon i posten knytt til kundeforholdet ditt.
Om du bruker Skyss-appen med profilen din, behandlar vi i tillegg desse opplysningane:
- Salsopplysningar ved kjøp av billettar: Blir lagra for å gi deg enkel tilgang på billettypar du kjøper ofte, og kvitteringar.
- Din føretrekte billettkategori: For å raskare tilby billetten som passar for deg.
- Lagra favorittstader og -haldeplassar: For at vi raskt kan gi deg opplysningar om reiser som relevant for deg. Vi lagrar berre favorittstadene dine om du aktivt har lagra ein favoritt.
Når du lagrar eit reisesøk, vil vi lagre følgjande for at vi skal kunne gi deg oppdatert reise- og avviksinformasjon om den reisa du har planlagt:
- GPS-posisjonar (frå/til) for lagra reisesøk: Posisjonen som blir lagra blir definert av kva du som kunde har fylt inn i «til» og «frå». Om du har gjort eit reisesøk ved å bruke «min posisjon», er det din eksakte GPS-posisjon som blir lagra.
- Oppgitt tidspunkt for avreise, innkomst og overgangar for dei lagra reisesøka dine. I tillegg lagrar vi tidspunktet for når du gjennomførte og lagra reisesøket.
- Type transportmiddel eller anna køyretøy og gonge.
- Føretrekt gangfart, slik at vi kan anslå kva transportmiddel du kan rekke. (innstilling i appen).
- Kunde-ID: knyter den lagra informasjonen til den spesifikke profilen din, slik at du har tilgang til informasjonen på tvers av einingar eller kan dele lagra reiseinformasjon med andre med Skyssprofil.
Om du bruker Reisekort, behandlar vi i tillegg desse opplysningane:
- Reisekortnummer: Nødvendig for å hjelpe deg med rekonstruksjon av billetten, om du mistar reisekortet ditt.
- Salsopplysningar ved kjøp av billettar: Nødvendig for å hjelpe deg med rekonstruksjon av billetten, om du mistar reisekortet ditt.
- Reiseopplysningar: Tid og stad for avlesing. Kundeservice har tilgang til å sjå tidspunkt og sone i eit avgrensa tidsrom etter avlesing. Dette er nødvendig for å hjelpe deg med rekonstruksjon av billetten, om du mistar reisekortet ditt.
Om du kontaktar kundeservice, lagrar vi og behandlar følgjande saman med profilen din:
- Alle førespurnader, og dialogen som er knytt til saka di.
Tilgangen til opplysningar om deg er avgrensa. Det blir tildelt tilgangar berre ut frå kva som er nødvendig.
Vi utleverer ikkje personopplysningane dine til ein tredjepart så lenge vi ikkje er rettsleg forplikta til å gjere det overfor offentlege styresmakter.
Vi vil dele anonymiserte data med samarbeidspartnarane våre innanfor kollektivtrafikk/mobilitetstenester.
Skyløsningar
Skyss nyttar AWS skytenester for lagring og aksessering av personopplysningar knytt til dei tenestene du nyttar.
Sjølv om Skyss nyttar ein utanlandsk leverandør, så har Skyss der det er mogleg valt å nytte tenester som er godkjende etter EUs åtferdsnorm CISPE, og på ein slik måte at leverandøren forpliktar seg til å ikkje overføre personopplysningar ut av EØS.
Skyss overfører som utgangspunkt berre personopplysningar til land utanfor EØS viss EU-Kommisjonen har vurdert at landet har eit tilstrekkeleg vernenivå.
For tenester som ikkje er CISPE-godkjende og der behandling utanfor EØS, eller land som EU-Kommisjonen ikkje har vurdert har eit tilstrekkeleg nivå av personvern, ikkje kan utelukkast i enkelte tilfelle, har Skyss fatta nødvendige avtalemessige, organisatoriske og tekniske tiltak for å sikre eit tilstrekkeleg vernenivå. Om nødvendig vil vi berre overføre krypterte eller pseudonymisert tekst. For slike tenester krev Skyss at mottakaren forpliktar seg til å overhalde personvernregelverket og vi nyttar EU-kommisjonens reviderte standard kontraktuelle klausular.
Som eit ledd i det kontinuerlege arbeidet vårt med informasjonstryggleik, arbeider Skyss alltid med forbetringar av tenestene.
Kva er rettane dine?
Du har rett til innsyn i, retting, dataportabilitet og sletting av opplysningar som er lagra om deg.
Du har rett til å klage på det du meiner er feilaktig behandling av personopplysningar til Datatilsynet, men ta gjerne kontakt med oss først via personvernombodet vårt.
Korleis blir opplysningane lagra og sletta?
Opplysningane dine blir behandla som beskrive under:
- Vi behandlar berre opplysningane dine dersom du har samtykt til det. Du kan når som helst trekkje dette samtykket ved å slette profilen din. Om du har uteståande betalingar som har oppstått gjennom bruk av Skyss sine tenester, så må desse betalast før du kan slette profilen din. Dersom du har eit abonnement må alle fakturaer tilknytt dette vere betalt, og du må deretter avslutte abonnementet før du kan slette profilen din.
- Kontaktopplysningane dine blir lagra så lenge du har en profil. Når profilen er sletta er det ingen måte for Skyss å finne att informasjon om deg.
- Etter at du har trekt samtykket, ved å velje å slette profilen din, vil vi slette opplysningane dine innan 14 dagar. Etter det vil ikkje sals- og reiseopplysningar kunne bli knytt til deg som person. Loggar du inn igjen i løpet av denne 14-dagar perioden vil du reaktivere profilen du hadde.
- Om du berre slettar appen, utan å slette profilen først, vil opplysningane framleis vere lagra hos oss.
- Når du har ein Skyssprofil blir sals- og reiseopplysningar lagra inntil 410 dagar etter at billetten er utgått. Alternativt 410 dagar etter at klagaren har fremja skriftleg reklamasjon til Skyss om eit forhold ved reisa. Dette er for å handtere klageretten kunden har til Transportklagenemnda. Sjå forskrift om transportklagenemnda § 5-2, og rettleier om behandling av personopplysningar i Kollektivtransport. Opplysningane blir av sikkerheitsmessige årsaker lagra i 7 dagar.
- Opplysningar knytte til eit lagra reisesøk vil automatisk bli sletta sentralt i systema våre seinast tre timar etter at den faktiske reisa har hatt innkomsttid. Du kan også til kvar tid slette reisesøket direkte i appen.
- Opplysningar om ein favorittstad eller favoritthaldeplass kan til kvar tid bli sletta i appen.
- Skyss kan likevel ikkje slette personopplysningar viss anna lovgiving, som til dømes rekneskapslovgivinga, pålegg Skyss å behandle opplysningane vidare. Vi vil i tilfelle avgrense tilgangen ytterlegare og loggføre tilgang til slike opplysningar. Kundeopplysningane og reiseopplysningane blir lagra i separate databasar.
Korleis kan eg be om innsyn eller sletting av opplysningar?
Enkelte av personopplysningane dine kan du gjere innsyn i, endre eller slette i appen. Dersom du slettar appen utan å slette profilen din først, vil informasjonen framleis vere lagra hos oss. Dersom du slettar profilen din, vil informasjonen vere lagra hos oss i 14 dagar og deretter bli sletta. Vil du ha innsyn i alle personopplysningane om deg, må du sende dette skriftleg, anten som post eller via kontaktskjema.
Kan eg framleis bruke Skyss sitt tilbod utan å vere innlogga?
Du kan alternativt reise anonymt med Skyss, utan profil. Det gir deg tilgang til ordinært reisesøk- og billettkjøp.
Når du har gjennomført reisa du ønskte skulle vere anonym tilrår vi at du straks etter sletter appen, installerer han på nytt, og loggar inn på nytt så framtidige reiser vil bli talt med i oppteninga di av rabatt.
Når du ikkje er innlogga i Skyssprofilen din vil du miste historikken din dersom du installerer appen på nytt, eller byter telefon. Når du reiser utan profil, må du derfor ta godt vare på ordrenummeret eller billettnummeret ditt. Viss mobilen din, av ein eller annan grunn, ikkje er tilgjengeleg eller mista, kan du oppgi ordrenummeret eller billettnummeret og få refundert den verdien som er att.
Når du loggar inn på nytt har du valet mellom å ta med aktive billettar, kvitteringar, opptent rabatt, betalingskort og favorittar med inn i profilen, eller ikkje. Ønskjer du å bevare anonymiteten av gjennomførte reiser kan du gjeninstallere appen og deretter logge inn på nytt. Då bør du samtidig vurdere å:
- Ta vare på ordrenummeret eller billettnummeret ditt og for å få delar av ein aktiv billett refundert
- Eksportere kvitteringar for historiske reiser ved behov
- Skrive favorittar inn på nytt (om du har lagt til nye favorittar medan du ikkje var innlogga)
- Leggje til betalingskort på nytt (om du har lagt til eit nytt betalingskort medan du ikkje var innlogga)
Dersom du skulle ha nokre innvendingar mot bruk av personopplysningane dine til dette formålet, kan du fremje innvendinga ved bruk av kontaktskjemaet for personvernsaker.
Skyssprofil
Med ein Skyssprofil, får du tilgang til billetten og innstillingane dine på tvers av einingar som mobil, nettbrett og web.
Kva er Skyssprofil?
Skyssprofil er ein personleg profil du kan bruke til å logge inn i Skyss-appen eller MinSide. Skulle du vere uheldig å miste eininga di, har du tilgang til billett og innstillingar gjennom profilen.
Med ein Skyssprofil, kan du også
- flytte billetten din frå éi eining til ein annan
- lagre kjøpshistorikk, slik at du enkelt kan finne den igjen uavhengig av kva eining du bruker
- laste ned kvitteringane dine
- lager favorittstader, favoritthaldeplassar og reisesøk slik at du får tilgang til den planlagde reisa uansett kva eining du vel å bruke
- få oppdatert reise- og avviksinformasjon knytt til reisa du planlegg
- få automatisk fornying av 30-dagersbillett eller automatisk påfylling av reisepengar. Du må eventuelt inngå ein eigen avtale med oss om dette.
Korleis opprettar eg ein Skyssprofil?
Hugs at du får tilgang til profilen din på alle einingar, uavhengig av kvar du opprettar han.
I Skyss-appen
- Last ned Skyss-appen
- Vel " "Profil"-fanen nedst i appen.
- Trykk på "Psst! Du er ikkje logga inn".
- Skriv inn telefonnummeret ditt og trykk "Neste".
- Du får ein eingongskode på sms. Skriv inn denne.
- Du må samtykkje til å opprette Skyssprofil. Huk av for at du forstår informasjonen, og trykk "Neste".
Korleis slettar eg Skyssprofilen min?
Du kan slette profilen frå Skyss-appen.
I Skyss-appen
- Logg inn på profilen din.
- Vel " "Profil"-fanen nedst i appen.
- Trykk på "Informasjonen din".
- Trykk på "Slett profil" og "Bekreft".
Har du ein aktiv billett kan du ikkje slette profilen frå appen.
Vi tilrår at du kontaktar kundeservice for å få delar av billetten refundert for så deretter å kunne slette profilen. Alternativt kan du slette profilen på skyss.no (sjå nedanfor), då treng du ikkje tale med kundeservice.
Angrar du på at du sletta profilen?
Du kan avbryte slettinga ved å logge inn igjen med same telefonnummer i løpet av 14 dagar.
Når du slettar profilen, trekkjer du samtidig samtykket ditt tilbake. Du må derfor samtykkje på nytt dersom du ønskjer å opprette ein ny skyssprofil.
Sist revidert: 27.11.2025, kl. 09:00.