Hopp til hovedinnald

1. Generelle reglar

Reglementet gjeld for personreiser på følgande av båtrutene til Skyss i Sogn og Fjordane:

  • Gulen – Ytre Solund
  • Hardbakke – Nåra – Mjømna
  • Hardbakke – Kolgrov – Utvær
  • Gåsvær – Midtre Solund – Hardbakke
  • Nord-Solund
  • Kystvegekspressen Måløy – Smørhamn – Florø
  • Måløy – Silda /Måløy – Hennøystranda
  • Vik - Ortnevik
  • Ortnevik - Måren - Nordeide

Prisen blir rekna ut på grunnlag av ombord- og avstiging. Prisane går fram av dei gjeldande pristabellane.

Sjå norled.no for meir informasjon om prisar og rabattordningar for ekspressbåt Bergen – Sogn og Bergen – Nordfjord.

1.1 Reisebevis

Du må alltid kunne vise fram gyldig reisebevis. Reisebevis er gyldig billett for vald strekning, og eventuelt gyldig dokumentasjon ved krav på rabatt (legitimasjon, studentbevis/honnørbevis o.l.). 

Alle rabattordningar gjeld uavhengig av bustadland og nasjonalitet.

Ved krav på rabatt må du vise dokumentasjon i samsvar med gjeldande reglar.

Billettformatet kan variere alt etter kor du kjøper billetten.

  • Papirbillett utferda av mannskap
  • Kringom Periodekort båt
  • Ungdomsbillett i appen Skyss Billett eller på Skysskort (Merk: Gjeld berre ungdomsbillett)

2. Kjøp av billett

2.1 Om bord

Om bord i båten kan du kjøpe enkeltbillett og periodebillett (30 dagar) for strekninga. Ved kjøp av periodebillettar må du ha Kringom Periodekort, som du bestiller hos Fjord1.

Betalingsmåtar: bankkort, kontant, Kringom Verdikort

Merk: Det er ikkje mogleg å kjøpe billett til båt i Sogn og Fjordane i appen Skyss Billett eller i Skyss nettbutikk.

2.2 Kringom Verdikort

Kringom Verdikort kan nyttast i staden for kontantar, og gjeld som betaling for personreiser på båt i Sogn og Fjordane. Verdikortet gir 17 prosent rabatt ved kjøp av billett over minstetakst til vaksen eller barn. Verdikortet gjeld ikkje for bil på båt. Verdikortet må fyllast på med minimum 300 kroner.

3. Billettypar

3.1. Enkeltbillett båt

Ein enkeltbillett båt gjeld for ei enkeltreise på ei bestemt båtstrekning. 

 3.2 Periodekort

 3.2.1 Kringom Periodekort båt (30 dagar)

Kringom Periodekort båt er personleg og gjeld for ein vaksen eller eit barn for ei fast strekning med båt i Sogn og Fjordane. Periodekortet er gyldig i 30 dagar frå kjøpsdato, med uavgrensa tal på reiser i perioden.

Kringom Periodekort båt kan bestillast hos Fjord1. Du får fylt på kortet om bord på båtane. Dersom du har rett på rabatt, må du dokumentere dette i samsvar med gjeldande reglar ved kjøp og påfylling av kortet.

Ved reiser utover den strekninga du har gyldig periodekort for, må du kjøpe enkeltbillett. Du betaler for den strekninga du ikkje allereie har billett for.

3.2.3 Ungdomsbillett – 16 til og med 20 år

Du kan bruke 30-dagars ungdomsbillett frå du fyller 16 år og fram til den månaden du fyller 21 år. Elevar i vidaregåande skule som ikkje har fylt 16 år, kan òg kjøpe denne typen billett, men må då dokumentere gjennom inntaksbevis at dei går på vidaregåande.

30-dagars ungdomsbillett gjeld på alle bussrutene til Skyss i heile Vestland og på Bybanen i Bergen. Billetten gjeld i tillegg på følgjande transportmiddel:

Andre bussruter:

  • Bussrutene til Fram i Sogn og Fjordane
  • Bussrutene (inkludert nattavgangane) til Kolumbus i kommunane Haugesund, Karmøy, Bokn, Tysvær og Vindafjord i Rogaland
  • Trygt heim-ruter
  • Flybuss i Førde og Sogndal
  • NB: Gjeld ikkje på Flybussen i Bergen


 Båt:

  • Alle båtruter i Vestland, med følgjande unntak:
    • Båtrute Osterfjorden
    • Geitanger – Knappskog
    • Turistrute Hardanger (Norheimsund – Herand – Utne – Kinsarvik – Lofthus – Ulvik – Eidfjord)
  • Ekspressbåtrutene til Norled mellom Sogn-Bergen, og mellom Nordfjord-Bergen. Du kan reservere plass om bord ved reise med ungdomsbillett. Sjå norled.no.

Ferje: 

  • Alle ferjesamband i Vestland. Dei fleste ferjesamband i Vestland bruker AutoPASS-regulativet, der passasjerar reiser gratis. Der det ikkje er gratis, kan du nytte ungdomsbilletten.

Ekspressbuss:

Ekspressbussane til Vy og NOR-WAY Bussekspress i Vestland fylke, med unntak av ekspressbussruter rundt Bergen på strekningane:

  • mellom Bergen busstasjon og Knarvik
  • mellom Bergen busstasjon og Halhjem
  • mellom Bergen busstasjon og Trengereid

For at du skal vere garantert plass på ein ekspressbuss, må du reservere plass på førehand. Dette gjer du i kanalane til Vy eller NOR-WAY.

Tog:

  • Avgangar mellom Bergen og Myrdal (Vossebanen/Arnalokalen). 
  • NB: Ungdomsbilletten kan ikkje brukast på regiontog/fjerntog (tog mellom Bergen og Oslo) eller Flåmsbana.  

Ungdomsbilletten gjeld ikkje på andre private buss- og båtruter i Vestland.

Hugs kvittering:

Du må vise kvittering og legitimasjon når du reiser med ekspressbuss, tog eller ekspressbåt.

4. Kategoriar

Dei reisande betaler ulik pris ut frå kva kategori dei kjem inn under.

4.1 Vaksen

Personar mellom 16 og 67 år gjeld som vaksne, og betaler full pris for alle billettypar for båt.

4.2 Barn

Barn mellom 4 og 16 år betaler ca. halv pris på enkeltbillettar og periodebillettar.

Barn opptil 4 år reiser gratis. Ved tvil om alder kan mannskapet be om å få sjå gyldig legitimasjon.

4.3 Honnør

Honnør er:

  • personar over 67 år
  • blinde/døvblinde
  • personar som får uførepensjon etter folketrygdlova med uføregrad 50 prosent eller meir
  • personar, uavhengig av nasjonalitet og bustadland, som har ei varig lovfesta trygdeyting basert på minst 50 prosent uføretrygd frå ei offentleg trygdeordning i eit anna EØS-land, tilsvarande norsk folketrygd
  • uføre flyktningar med supplerande stønad

Honnørreisande betaler ca. halv pris på enkeltbillettar for båt.

Ektefelle / registrert partnar som reiser saman med honnørreisande på enkeltbillett, betaler same pris som honnør.

Honnørreisande skal kunne legitimere seg med gyldig legitimasjon. Honnørreisande under 67 år må i tillegg vise honnørkort frå NAV. Blinde skal i tillegg til legitimasjon vise bevis frå Blindeforbundet, medan døvblinde viser eige tilleggsbevis.

4.4 Student

Følgjande grupper blir rekna som student og betaler halv pris på enkeltbillettar for båt i Sogn og Fjordane:

  • Elevar i grunn- og vidaregåande skule.
  • Heiltidsstudentar ved fagskule, teknisk fagskule, høgskule eller universitet i Noreg eller utlandet, frå fylte 19 år til og med månaden dei fyller 30 år.
  • Vaksne framandspråklege under 30 år som får opplæring i norsk og samfunnskunnskap i minst ti timar i veka i meir enn tre månader, eller flyktningar under 30 år som tek del i introduksjonsprogrammet.
  • Lærlingar og lærekandidatar på heiltid som innfrir krava i Lov om opplæring, kap. 4.

På førespurnad frå mannskap eller billettkontrollør må du som student kunne vise dokumentasjon på at du studerer / går i lære i det aktuelle semesteret. Følgjande blir rekna som gyldig dokumentasjon:

  • Gyldig elevbevis frå vidaregåande skule med foto.
  • Studentbevis med gyldig semestermerke og foto.
  • Elevbevis som viser personidentitet med foto, namn og fødselsdato, namn på kursarrangør, kursstad og stadfesting av tidspunkt for opplæringa.
  • Signert lærekontrakt/opplæringskontrakt frå Vigo.no eller fysisk kopi av lærekontrakt/opplæringskontrakt saman med bankkort med bilde, førarkort eller pass.

Studiebevis for vårsemesteret gjeld til og med august, og for haustsemesteret ut januar.

4.5 Militær

Militær er vernepliktig mannskap i førstegongsteneste. Denne gruppa betaler ca. halv pris på enkeltbillettar. Militær omfattar berre norske statsborgarar som er knytte til det norske forsvaret.

Militær gjeld for tenesteperioden som står på ID-kortet frå Forsvarsdepartementet (FD-ID). FD-ID gjeld som dokumentasjon. For innkallingsreiser nyttast innkallingsordren som dokumentasjon.

4.6 Følgjeperson

Følgjepersonar til nokon med nedsett funksjonsevne som har følgjekort og gyldig billett, reiser gratis. Følgjepersonen treng ikkje eigen billett.

5. Rabattar

Dersom du reiser saman med fleire, eller du kombinerer reiser med buss, kan du oppnå ulike rabattar.

5.1 Minigruppe båt

Det blir gitt 25 prosent rabatt på vaksenpris når 2–11 personar reiser saman og løyser vaksenbillett om bord. Barn under 4 år reiser gratis og blir ikkje rekna med i talet på reisande.

Grupperabatt kan ikkje kombinerast med andre rabatterte billettar.

5.2 Gruppe båt

Det blir gitt 18 prosent rabatt når 12 eller fleire personar reiser saman på vaksen- eller barnetakst. Barn under 4 år reiser gratis og blir ikkje rekna med i talet på reisande.

Grupperabatt kan ikkje kombinerast med andre rabatterte billettar.

6. Reisegods o.l

6.1 Handbagasje

Du kan ta med handbagasje på inntil 20 kilo gratis.

 6.2 Barnevogn

Du kan ta med barnevogn gratis så lenge det er plass.

6.3 Hund/dyr

Hundar/dyr kan takast med på lokale ruter til barnetakst, med mindre mannskapet meiner dyret er til skade, ulempe eller sjenanse for andre passasjerar.

Det er tillate for uniformert politi å ha med seg politihund, og for blinde å ha med seg følgjehund.

Hundar skal vere i band under transporten og plasserast slik at dei ikkje sjenerer andre reisande.

Dyr som er aggressive eller på andre måtar sjenerer dei reisande, kan bli sette av undervegs.

6.4 Sykkel

Det gjeld gjeld eigne takstar for sykkel på båt, og det må tingast plass på førehand.

7. Refusjon

Enkeltbillettar blir ikkje refunderte.

7.1. Pant på kort – Kringom Periodekort

Ved første kjøp betaler du 100 kroner i pant for produksjon av kortet.
Du kan levere inn att kortet når du ikkje skal nytte det meir. Panten på 100 kroner blir refundert så lenge kortet ikkje er skada eller øydelagt.
Det vil vere operatøren du kjøpte kortet frå opphavleg, som refunderer panten.

7.2. Refusjon for Kringom Periodekort båt

I sjukdomstilfelle blir det gitt refusjon med 1/30 av periodekortprisen per dag for påbyrja periode der kortet ikkje har vore brukt, under føresetnad av at kortet har vore brukt i minst 10 dagar. Ubrukt periode blir refundert med aktuell kjøpspris. Refusjon blir gitt av operatør.

7.3 Refusjon for ungdomsbillett

30-dagars ungdomsbillett kan refunderast. Kontakt Skyss kundesenter for avrekning og overføring av eventuell restverdi til bankkonto.

7.4 Refusjon for Kringom-verdikort
Kortet kan løysast inn. Verdien i kortet blir refundert med fråtrekk av 10 prosent, eller maks 100 kroner, i administrasjonskostnader. Det same gjeld dersom du mister kortet, så lenge du kan dokumentere med kvittering og/eller kortnummer at du er rettmessig eigar. Ubrukt innlevert verdikort blir refundert med beløpet som er betalt inn på kortet. Refusjon blir gitt av operatør.

 7.5. Gebyr

Dersom kortet blir sperra grunna misbruk, eller eigaren av kortet ber om at kortet blir sperra, vil det koste 100 kroner å få det aktivert att.

7.6. Teknisk feil

Ved teknisk feil på eit kort skal restverdi og pant betalast tilbake utan fråtrekk for administrasjonskostnader.