Hopp til hovedinnald

Prøveprosjektet vart avslutta nøyaktig tre månader etter at den vesle bussen starta sitt offisielle oppdrag i Førde. Etter ei stor opning med politikarar og presse 16. september, har bussen dagleg frakta reisande mellom riksvegen ved Concord og høgskulen sitt Campus Verftet.

I tillegg har det vore arrangert ein rekkje aktivitetar knytt til bussen, som namnekonkurranse, seminar, informasjonsmøte, podkastar, stands, fokusgrupper og kundeundersøkingar. Olai har til og med fått plass som miniatyr i Peparkakebygda i Førde.

Dei reisande kjenner seg trygge
Det er gjennomført fleire spørjeundersøkingar undervegs. Her kjem det mellom anna fram at dei fleste har tiltru til teknologien med tanke på tryggleik for dei reisande, men at eit mindretal er litt skeptiske til tryggleiken til myke trafikantar langs ruta.

Det at bussen køyrer sakte gjer likevel at den ikkje vert oppfatta som farleg. Samstundes kan den låge farten vere til hinder for at bussen blir eit reelt transportalternativ. Låg fart kan dessutan faktisk skape farlege situasjonar fordi annan trafikk prøver å køyre forbi.

Teknologien er framleis ung
– Dei siste to vekene har Olai hatt nokre tekniske problem, i tillegg til utfordringar grunna manglande snøbrøyting. Dette er også nyttige erfaringar som vi tar med oss vidare, og som syner at denne teknologien stadig er ung, seier prosjektleiar Kari Steinsland i Skyss.

– Vidare utvikling avheng likevel av at transportaktørar som Skyss bidrar til meir testing. Vi ser difor for oss at vi vil setje i gang fleire liknande prosjekt, men det er framleis usikkert kva tid vi vil få sjølvkøyrande køyretøy i vanleg trafikk, seier Steinsland.

Les meir om prosjektet her

Prosjektleiar Kari Steinsland i Skyss i samband med oppstarten av prosjektet 16. september.

Olai vidare til nye oppdrag
Målet med prosjektet har vore å samle erfaringar med drift av sjølvkøyrande passasjertransport. Prosjektet blir no avslutta fordi ein har sikra læringa ein var på jakt etter. Evalueringa av prosjektet skal etter planen vere klar i januar. Ein skal mellom anna evaluere samarbeidet mellom partane, finansieringa, transporttilbodet, val av trasé og publikum sine reaksjonar.

Etter avslutninga i Førde skal Olai vidare på nye oppdrag hos nye oppdragsgjevarar, og han vil då kunne få både nytt namn og ny utsjånad.

Publisert:

Oppdatert: