Hopp til hovedinnald

I 2009 vart eit par kollektivpassasjerar i Seattle så fornøgde med bussjåførane i byen at dei foreslo ein eigen dag for å sette pris på sjåførane. Og slik starta det som skulle bli den internasjonale sjåførdagen.

Den 18. mars seier vi takk til dei mange buss- og banesjåførane i Skyss, i Noreg og i resten av verda. Dei gjer ein viktig jobb med å få folk fram!

Men kvifor 18. mars? Det er fordi den 18. mars 1662 opna verdas første tilbod for offentleg transport i Paris: Corrosses à cinq sols.

Sidan den gong har sjåførane bytta ut hest og vogn med buss og bane. Men dei jobbar framleis hardt med å få oss til og frå, dag og kveld, heile veka, heile året. Og for det takkar vi dei!

Videoen viser reisande som takkar for turen.

Publisert:

Oppdatert: