Hopp til hovedinnald

Bilistar i Øygarden og Askøy kan få tilbake delar av køyrekostnadane sine ved å tilby samkøyring på ruter dei vanlegvis køyrer aleine. For passasjerar med periodebillett eller som skal reise mindre enn 10 kilometer er det heilt gratis å sitte på (sjå detaljert prisinformasjon lenger nede i saka).

Samkøyring er betre for miljøet og for alle som reiser, anten dei reiser kollektivt eller med bil. Og det kan gjere reising enklare i område der det ikkje alltid passar å reise med buss.

Samkøyring kan også bidra til å få slutt på bilkøar! På vegane som går frå Øygarden og Sotra til Bergen er det mange som brukar tid på å stå i kø. Visste du at berre 10-20 prosent av bilane som køyrer frå Øygarden og Askøy til Bergen har passasjerar? Det er mykje ubrukt potensiale for samkøyring!

Korleis fungerer det?

Den nye samkøyringstenesta er eit samarbeid mellom Skyss og Nabogo, eit selskap som jobbar for å gjere det enklare å køyre saman i kvardagen. Nabogo gjer det mogleg for sjåførar å tilby skyss til reisande på ruter som startar eller stoppar i Øygarden eller Askøy.

Både passasjerar og sjåførar må laste ned Nabogo-appen og opprette ein brukarkonto. Merk at du må velje norsk nummer (+47) i nedtrekksmenyen når du skal taste inn telefonnummeret ditt.

Last ned appen her.

Som passasjer søker du på start- og sluttadresser, samt tidspunkt for turen du ønsker. Appen matcher dine behov med sjåførane sine ruter. Du kan sette opp ein fast pendlartur eller enkeltturar. Turane går mellom digitale møtestader som er markert på kartet i appen. Desse møtestadane er plasserte slik at det er enkelt og trygt å komme seg inn og ut av bilen. 

Aldersgrensa for å vere passasjer er 16 år, og ein kan ikkje booke inn barn som passasjer. Bekreft alderen din i appen.

Her kan du sjå skjermbilder frå Nabogo-appen.
Det er enkelt å søke opp og velje turar i appen.

Sjåførane køyrer den strekninga dei normalt ville gjort. Dei får minst 15 kr i tilskot for kvar passasjer dei tek med seg. Som sjåfør kan du tilby enkeltturar eller opprette regelmessige automatiserte turar. Alle turar må starte eller stoppe i Øygarden eller Askøy.

Prisar

Med periodebillett (ungdomsbillett, 7-, 30-, eller 180-dagersbillett): Gratis!

Utan periodebillett: Første 10 kilometer gratis, deretter 1 kr pr kilometer.

Merk at sjåføren alltid får minimum 15 kr per passasjer, for dei første 10 kilometerane, deretter 1 kr per kilometer. Betaling skjer via appen til Nabogo.

Hjelp

Skulle noko gå gale, kontakt Nabogo support.

Du finn også svar på vanlege spørsmål her.

 

Publisert:

Oppdatert: