Ruteendringar på ferjesambandet Fjelberg – Utbjoa
Frå og med 1. september blir det fleire endringar i rutetidene på sambandet Fjelberg – Sydnes – Utbjoa i Kvinnherad. Endringane er mellombelse.

Dei fleste avgangane måndag til fredag får ny rutetid.
Reisande på sambandet vil i størst grad merke at
- Den første avgangen frå Borgundøy om morgonen vil gå noko seinare. Dette gjeld måndag til og med fredag.
- Dei siste avgangane frå Borgundøy og Utbjoa om kvelden vil gå tidlegare. Dette gjeld måndag til og med torsdag.
I tillegg til nye rutetider for avgangar morgon og kveld, må reisande vere merksame på at dei fleste avgangar måndag til fredag vil gå tidlegare enn før. Antal avgangar er som tidlegare.
NB! Avgangane fredag kveld, og alle avgangar laurdag og søndag vil ha lik rutetid som før.
- Her finn du ny rutetabell (gjeld frå og med 1. september).
Endringane i rutetider er mellombelse, og gjeld til og med 31. desember. Endringane er gjort for å sikre bemanning på sambandet.
Publisert:
Oppdatert: