Hopp til hovedinnald

Ein 30‑dagars periodebillett for éi sone med buss, bybane og båtar med sonepris kostar frå 1. mai 700 kroner for vaksne og 350 kroner for barn. Det er 144 kroner rimelegare for vaksne og 72 kroner rimelegare for barn enn dagens pris.

Prisreduksjonen gjeld buss, bane og båt, og omfattar alle kategoriar: vaksen, barn, honnør, militær, student og ungdom. Du finn alle prisane i tabellane under.

Rabatten gjeld i utgangspunktet til utgangen av april neste år og er mellombels finansiert gjennom eit statleg tilskot til fylkeskommunane.

Rabatten gjeld for deg som kjøper:

  • 30‑dagarsbillett for buss, bybane og båtar med sonepris
  • 30‑dagarsbillett for båt
  • 30‑dagars ungdomsbillett

180-dagarsbilletten blir fjerna

Med den nye rabatten på 30‑dagarsbilletten vil 180‑dagarsbilletten ikkje lenger vere eit lønsamt alternativ for deg som reiser ofte. Vi stoppar difor salet av denne billetten så snart som mogleg. Har du kjøpt ein 180‑dagars billett, kan du bruke han som vanleg til han går ut.

Tips: Abonner på billetten i Skyss-appen

I den nye Skyss-appen kan du abonnere på 30‑dagars periodebillett og 30‑dagars ungdomsbillett. Då blir billetten automatisk fornya kvar månad, og du slepp å hugse å kjøpe ny billett. For å starte abonnementet opnar du periodebilletten du har kjøpt i appen. Under billettdetaljar finn du valet «Start abonnement».

Oversikt prisar frå 1. mai 2026–30. april 2027

Buss/bybane og båter med sonepris

  1 sone 2 soner 3 soner 4–10 soner
30-dagarsbillett vaksen 700 1052 1745 2445
30-dagarsbillett barn 350 526 875 1225
30-dagarsbillett honnør 350 526 873 1223
30-dagarsbillett student 420 632 1047 1467

30-dagars ungdomsbillett 350 kroner

Nye prisar båtsamband

Pristrinn Turlengde
Vaksen
Barn/Honnør Student
1 0–15 km 716 358 430
2 15–22 km 1504 753 903
3 22–29 km 2220 1112 1333
4 36–43 km 2936 1471 1763
 

Alle pristabellar blir oppdaterte 1. mai 2026.

 

Publisert:

Oppdatert: