Nye prisar på ferjene frå 1. januar
Frå 1. januar 2026 aukar prisane på alle fylkesvegferjer i Vestland med 3,6 prosent. Prisauken gjeld også for deg som reiser med køyretøy på båt.

Du finn gjeldande prisar for alle ferjesamband i ferjepriskalkulatoren på autopassferje.no. Denne lar deg enkelt finne pris avhengig av kva type køyretøy og eventuell rabattavtale du har.
Du kan ta med køyretøy på nokre av båtrutene i Vestland. Dette er:
- 291 Florø–Veiesund–Askrova–Stavang–Svanøy (Florabassenget sør)
- 292 Florø–Rognaldsvåg–Kinn (Florabassenget vest)
- 293 Florø–Barekstad–Batalden–Fanøy (Florabassenget nord)
- 294 Florø–Barekstad–Batalden–Fanøy–Rognaldsvåg–Kinn (fellesturar i Florabassenget vest og nord)
- 1190 Ortnevik–Måren–Nordeide
- 1190 Vik–Ortnevik
Prisar for køyretøy på desse rutene finn du også i ferjepriskalkulatoren.
Prisane for køyretøy på ferjer og båtar i Vestland følger AutoPASS-regulativet for ferjetakstar, som ligg på Statens vegvesen sine nettsider. Prisane og reglane blir vanlegvis oppdaterte ved årsskiftet, og gjeld for ferjer i heile landet.
Her finn du meir informasjon om regulativa hos Statens vegvesen
Publisert:
Oppdatert: