Familien på tre tok eit uvanleg val – selde bil nummer to
Det er ein varm fredag i midten av mai når vi møter Malin Jakobsen og Tom Rune Sæverås på Godt Brød på Fløttmansplassen. Sola står midt på himmelen over Småpudden, og vi bestiller iskaffi før vi set oss ned ute.

– Vi skal på fleire reiser framover. Vi er veldig bevisste på sparing og har tatt fleire val som gjer at vi kan oppleve meir. For ein månad sidan bestemte vi oss for å selje den eine av to bilar. Då hadde vi tenkt på det i eit år, fortel Malin.
Valet om å selje den eine bilen har blitt møtt med nysgjerrigheit og spørsmål om korleis dei får det til å gå rundt. Tom Rune har ein son frå eit tidlegare forhold, og med barn i barnehagen og jobb på kvar si side av byen er dei ærlege om at det krev litt meir logistikk og koordinering. Dei opplever det likevel ikkje som noko problem. Det går både buss og bybane i nærleiken, og paret samkøyrer ofte. Det viktigaste er at det funkar i kvardagen.

– Då vi flytta saman, sette vi oss ned og såg på vår felles økonomi. Vi kjøpte hus saman i Hatlestad terrasse, så det var veldig naturleg å vere bevisste på det, fortel Tom Rune.
Han utdjupar:
– Vi rekna ut kva bilen kosta oss. I reine driftskostnader sparer vi rundt 5000 kroner i månaden. Så kjem service og EU-kontroll oppå det igjen. Det kostar fort nokre tusenlappar. Vi kom fram til at vi kunne spare 60 000 i året berre på løpande utgifter, og 10–15 000 på service og vedlikehald. I tillegg kjem verditapet.
Det er pengar paret heller kan bruke på andre ting, som reiser. Dessutan er dei glade i å gå på restaurant når dei skal unne seg noko ekstra i kvardagen. Tom Rune smiler lurt og legg til at han håper dei skal gifte seg i løpet av dei neste fem åra.
– Det er nok lurt å begynne å spare til bryllaup. Det er heller ikkje gratis. Men akkurat no sparer vi nok mest til reiser og opplevingar, ler Tom Rune.
Malin tar ein slurk av kaffien og hoppar tilbake til dei praktiske vala i kvardagen.
– Kollektivtransport var viktig då vi såg på hus som vi kunne kjøpe. I tillegg bruker vi ofte pendlarparkeringane på Skjold og Lagunen. Det kjem litt an på om vi skal levere i barnehagen eller ikkje, før vi tar bybanen kvar vår veg, smiler Malin.

Paret har 180-dagarsbillett og reiser kollektivt dagleg, både til og frå jobb. Begge er IT-konsulentar. Ho har kontor på Sandsli og han i sentrum. Med éin bil mindre er dei blitt meir bevisste på kollektivtilbodet i området, og dei sjekkar reiseplanleggaren til Skyss ofte. Dei er einige om at det fungerer godt.
Samtidig forstår dei at valet om å selje den eine av to bilar kanskje ikkje er for alle.
– Dersom ein har fleire barn som skal på ulike aktivitetar, forstår vi at det kan bli vanskeleg. For oss har det gått veldig fint å gå frå to bilar til éin, og vi trur at det kan gå fint for fleire, så lenge ein bur sentralt. Vi er heldige med kollektivtilbodet, fortel Malin.
Kaffikoppane er snart tømde, og det er på tide for paret å hente i barnehagen. Men før vi rundar av praten og tar helg, spør vi om dei har nokon gode tips til andre som har to bilar og vurderer å selje den eine. Malin og Tom Rune er einige om tre ting.
Tre tips:
- Set av fem minutt i veka til å planlegge. Det er ofte berre litt planlegging som skal til for at alt skal gå rundt, sjølv med berre éin bil. Du får god oversikt i reiseplanleggaren til Skyss.
- Invester i 180-dagarsbillett hos Skyss. Då får du éin månad gratis samanlikna med om du betaler månad for månad. Barn reiser gratis i følge med ein vaksen.
- Bruk pengane du sparer, på noko kjekt, som reiser og opplevingar. Då blir det litt meir motiverande å ta økonomiske val og å sette av pengar. Sjekk bilkalkulatoren til Skyss for å sjå kva du kan spare på å ha éin bil mindre.