Hopp til hovedinnald

Hovudendringar

  • Nye rutetabellar. Det er gjort nokre endringar for å tilpasse reisebehova og få betre korrespondansar.
  • Frå 1. mai kan du kjøpe båtbillettar i Sogn og Fjordane med appen Skyss Billett og i nettbutikken på skyss.no.
  • Endra ordning for bestilling av plass til køyretøy på båtane der dette gjeld.
  • Betre informasjon om forseinkingar og endringar. Dette vil du no finne på skyss.no og i Skyss reiseplanleggar.

Endringane gjeld desse båtrutene

  • 290 Kystvegekspressen: Florø–Smørhamn–Måløy–Selje
  • 291 Florø–Veiesund–Stavang–Askrova–Svanøy (Florabassenget sør)​
  • 292 Florø–Barekstad–Batalden–Fanøy–Rognaldsvåg–Kinn (Florabassenget nord og vest)
  • 192 Måløy–Silda​
  • 193 Måløy–Gangsøy–Risøy
  • 1190 Vik–Ortnevik​
  • 1190 Ortnevik–Måren–Nordeide​
  • 1131 Kaupanger kai–Frønningen

Rutetilbodet frå 1. mai

Sjå kva endringar som gjeld for ruta di. Du finn oppdaterte rutetider i reiseplanleggaren.

Rutetilbodet er justert for å tilpasse seg reisebehova i området og vil gi betre korrespondansar .

  • Ruta blir forlenga til Selje på første og siste avgang måndag til torsdag. Avgang frå Selje blir 04:50 og frå Måløy 05:18, og reisande vil kunne rekke flyavgangar frå Florø. Båten som går frå Florø klokka 16.05 skal ha endestopp i Selje. På fredagar vil ruta ha ein ekstra avgang frå Selje på kveldstid mot Florø, slik ruta har frå Måløy i dag. Laurdagar vil båten gå som den gjer i dag mellom Florø og Smørhamn. Søndag vil ruta ha avgang frå Florø til Selje på ettermiddagen.
  • Båten går framleis til Smørhamn, Leirgulen og Hennøystrand. Leirgulen og Hennøystrand er bestillingsstopp. Smørhamn er fast stopp, med unntak av bestilling fredag kveld og på søndagar.
  • Reisetid: Om morgonen vil reisetida ligge på om lag 1 time og 40 minutt frå Selje til Florø. På ettermiddagen vil ruta bruke om lag 1 time og 55 minutt frå Florø til Selje. Bakgrunnen for forskjellen er at ettermiddagsruta har nokre fleire stopp, slik at reisetida blir litt lengre.
  • Nytt fartøy på sambandet er MS Fjordsol. Det nye fartøyet på ruta har ikkje plass til køyretøy.

Sjå rutetabell som gjeld frå 1. mai her.

 

  • Det blir ikkje større endringar i tilbodet på lokalrutene i Florabassenget. Men det blir mindre endringar i kva kaier som er bestillingsstopp på enkelte avgangar. Det betyr at du må bestille på førehand for at båten skal stoppe der.
  • Nye fartøy på sambandet er MS Frey, MS Trym og MS Dagning, og sambandet får fleire plassar til køyretøy.

Sjå rutetabell som gjeld frå 1. mai her.

 

 

  • Det blir ikkje større endringar i tilbodet på lokalrutene i Florabassenget. Men det blir justering i kva kaier som er bestillingsstopp på enkelte avgangar. Det betyr at du må bestille på førehand for at båten skal stoppe der.
  • Nye fartøy på sambandet er MS Frey, MS Trym og MS Dagning, og sambandet får fleire plassar til køyretøy.

Sjå rutetabell som gjeld frå 1. mai her.

  • Det blir ikkje endring i rutetilbodet, men to avgangar må bestillast på førehand. Dette gjeld første og siste avgang på kvardagar.
  • Nytt fartøy på sambandet er MS Sea Service.

Sjå rutetabell som gjeld frå 1. mai her.

  • Det blir ikkje endring i rutetilbodet.
  • Nytt fartøy på sambandet er MS Sea Service.

Sjå rutetabell som gjeld frå 1. mai her.

  • Tilbodet vil stort sett vere som i dag.
  • Ruta går ikkje lenger til Findabotnen kai.

Sjå rutetabell som gjeld frå 1. mai her.

  • Tilbodet vil stort sett vere som i dag.
  • Nokre av turane er forlenga til Høyanger.

Sjå rutetabell som gjeld frå 1. mai her.

  • Dei reisande må bestille tur innan klokka 18 dagen før. Dette gjeld alle avgangar.
  • Fleire av avgangane onsdag og fredag har nye rutetider.
  • Nytt fartøy på sambandet er MF Hidraferja.

Sjå rutetabell som gjeld frå 1. mai her.

No kan du kjøpe båtbillettar i app og nettbutikk 

Frå 1. mai kan du kjøpe billettar til alle lokalbåtrutene i Sogn og Fjordane i appen Skyss Billett og Skyss nettbutikk.

Prisane og rabattane er dei same som før. Når du kjøper billett til båtruter i Sogn og Fjordane i appen eller nettbutikken, skal du vise fram billetten når du går om bord.

Du kan framleis kjøpe billettar slik som før, hos mannskapet om bord.

Les meir om appen Skyss Billett

Les meir om nettbutikken 

Kringom verdikort og Kringom periodekort 

Du kan framleis kjøpe og bruke Kringom verdikort og Kringom periodekort på dei fleste båtane i Sogn og Fjordane.

Vi anbefaler deg å kjøpe periodebillett i appen Skyss Billett eller i nettbutikken på skyss.no.

Ny ordning for bestilling av plass til køyretøy

Skal du ha med køyretøy på reiser med båt frå og med 1. mai, må du ringe inn di bestilling.

Her finn du meir informasjon om korleis du bestiller plass.

Slik kan du sjå om båten er forseinka 

Frå 1. mai finn du informasjon om forseinkingar og endringar på alle lokalbåtrutene i Sogn og Fjordane på skyss.no og i reiseplanleggaren.

Her finn du oversikta

Du kan også få varsel på SMS om endringar.
Her er telefonnummer og kodar som vil gjelde frå 1. mai.

Rute

Send SMS til 2077

Florabassenget nord og vest
292 Florø–Barekstad–Batalden–Fanøy–Rognaldsvåg–Kinn

Norled varsle 2046

Florabassenget sør
291 Florø–Veiesund–Stavang–Askrova–Svanøy

Norled varsle 2047

192 Måløy–Silda​ 

193 Måløy–Gangsøy–Risøy 

Norled varsle 2048

1190 Vik–Ortnevik​ 

1190 Ortnevik–Måren–Nordeide​ 

Norled varsle 2049

1131 Kaupanger kai–Frønningen 

Norled varsle 2050

290 Kystvegekspressen: Florø–Smørhamn–Måløy–Selje 

Norled varsle 2089

Eksempel på melding: «norled varsle 2050» til 2077.

 

 

Publisert:

Oppdatert: