Bybanen linje 1 og 2: Haldeplass Nonneseter stengd i retning frå Bergen sentrum
Haldeplass Nonneseter i retning frå Bergen sentrum vil vere stengd frå og med 23. februar. Haldeplassen i retning mot Bergen sentrum er i bruk som normalt.
For information in English, click here.
På grunn av arbeid med riving av Sølvvarefabrikken i Bergen vil haldeplassen Nonneseter i retning frå sentrum vere stengd frå og med 23. februar. Arbeidet er planlagt å vere ferdig i 2027, og haldeplassen vil vere stengd i heile perioden.
Næraste alternative haldeplassar i retning ut frå sentrum:
- Bybanen linje 1: Bergen busstasjon A
- Bybanen linje 2: Bergen busstasjon C
Meir informasjon om rivingsarbeidet og korleis det skal vere i området når arbeidet er slutt, kan du finne på Bybanen sine nettsider.
Publisert:
Oppdatert: