Ruteendringar i Austevoll
Frå 1. november blir det endringar for buss mellom Austevoll og Bergen.

Linje 530 Stolmen–Hufthamar–Bergen vil ikkje lenger køyre til Bergen, men stoppar på Hufthamar. Reisande som skal vidare mot Bergen tek ferja Hufthamar–Krokeide gratis som vanleg passasjer, og byter til linje 61 Krokeide–Lagunen på Krokeide. Frå Lagunen terminal er det fleire reisemoglegheiter med buss og bybane til Bergen sentrum.
Endringar for linje 530:
- Ny avgang kvardag kl. 10.22 frå Bekkjarvik, som gir forbindelse til båt til Bergen kl. 11.15.
- Tre nye avgangar på laurdag.
- Justert avgang frå kl. 12.45 til kl. 13.01 frå Hufthamar. Gir vidare bussforbindelse for reisande som kjem med båt frå Bergen med ankomst Hufthamar kl. 12.58.
- Justert avgang frå kl. 20.45 til kl. 21.01 frå Hufthamar. Gir vidare bussforbindelse for reisande som kjem med båt frå Bergen med ankomst Hufthamar kl. 20.58.
Linje 531 Drøna–Huftahamar og linje 532 Storekalsøy–Eidsbøen får nokre justeringar.
Endringane er for å sikre gode overgangar til og frå Bergen.
Linje 61 Krokeide–Lagunen terminal får fleire avgangar, for å opprette reisemoglegheiter som i dag er med linje 530.
Du finn oppdaterte rutetider i reiseplanleggaren, og rutetabellar som er gyldige frå 1. november kan du finne under.
- Rutetabell for linje 530 Stolmen–Hufthamar gyldig frå 1. november.
- Rutetabell for linje 531 Drøna–Huftahamar gyldig frå 1. november.
- Rutetabell for linje 532 Storekalsøy–Eidsbøen gyldig frå 1. november.
- Rutetabell for linje 61 Krokeide–Lagunen gyldig frå 1. november.
Publisert:
Oppdatert: