Hopp til hovedinnald
Norled varsla tidlegare i månaden at dei frå og med 27. mars som hovudregel vil avgrense frakt av varer og gods i Florabassenget til eigne lasteruter. Norled køyrer på kontrakt med Skyss, og kontrakten omfattar også godstransport. Avgjersla om denne endringa er Norled si eiga, og Skyss ser henne i samanheng med den pågåande rettstvisten mellom Skyss og Norled rundt kontrakten.
 
– Vi vil gjere vårt beste for at lokalsamfunna i Florabassenget ikkje skal verte skadelidande som eit resultat av denne tvisten, seier Målfrid Vik Sønstabø, direktør i Skyss. 
 
Skyss har difor kartlagt fraktbehov både på kortare og lengre sikt, og har no inngått ei mellombels avtale med GulenSkyss, for å sikre handtering av den godstransporten Norled ikkje lenger vil utføra. I praksis betyr dette at det vil verta gjennomført rundturar med MS Øyservice på tysdagar og torsdagar, til stoppestadene Svanøy, Askrova, Rognaldsvåg og Fanøy. Hovudformålet er å sikra frakt av varer til nærbutikkane. Lasting vil normalt skje kl. 0700. Dersom Øyservice vert brukt i rutekøyring vil lastinga starta kl. 0815. 
 
Bruken av Øyservice til slik godstransport startar 31. mars 2026. 
 
Dette påverker ikkje passasjertransport. Norled vil – slik dei har varsla – på si side som hovudregel handtere gods på sine vanlege lasteruter, tysdag i sør og onsdag i vest og nord. 

Publisert:

Oppdatert: