Hopp til hovedinnald

Det gjeld rutene Espevær–Eidesvik,  lokalbåt Austevoll, Reksteren–Våge–Os og Hellesøy–Hernar. Dette er alle mindre båtruter, men dei er viktige for å sikra føreseielege kvardagsreiser til bebuarar i fleire øysamfunn.

Rutetilbodet vert i hovudsak vidareført som idag, men på ruta Hellesøy–Hernar vert det gjort ei tilpassing til etterspurnaden, og difor ein reduksjon til fem dagar i veka. På rutene Espevær–Eidesvik og Austevoll vert køyretøykapasiteten redusert frå to til eitt køyretøy.

Kontrakten på dei fire rutene er tildelt til det økonomisk mest fordelaktige tilbodet, samstundes som klima- og miljøomsyn er vekta med 30 prosent, gjennom fråtrekk i pengeverdi for reduksjon i CO2-utslepp. Det var forventa utsleppskutt på mellom 10 og 50 prosent samanlikna med i dag, og utsleppskuttet i den tildelte nye kontrakten vil vere på om lag 20 prosent.

Tre selskap leverte tilbod i konkurransen: Boreal Sjø As, Rødne Trafikk AS og GulenSkyss AS. Av desse var det GulenSkyss som hadde det samla sett beste tilbodet, og det er difor dei som får tildelt kontrakten.

Kontrakten vil bli signert etter ein karensperiode på 10 dagar, med mindre det vert klaga på tildelinga. Den har oppstart 1. januar 2028, og varigheit på 15 år, fram til 31. desember 2042. Det er ingen opsjon på forlenging av kontrakten.

Foto: Litlakalsøy i Austevoll – eit av stoppa til lokalbåten, her sett frå Veten. Fotografert av Marius Vassnes, under CC BY-SA 4.0-lisens.

Publisert:

Oppdatert: