Hopp til hovedinnald

Skyss har laga ei «verktøykasse» som skal hjelpe oss å prioritere tiltak når det økonomiske handlingsrommet endrar seg. Denne verktøykassa kan vi bruke mellom anna når vi skal gi innspel til budsjettarbeidet til fylkestinget.

Kunnskapsgrunnlaget viser oss til dømes:

  • Forskjellar mellom dei ulike transportmidla når det gjeld fleksibilitet og økonomi. For eksempel kan vi legge ned ein bussavgang relativt enkelt og spare inn det avgangen kostar. Dersom vi tar vekk ein ferjeavgang midt på dagen, er det derimot lite eller ingenting å spare. Desse forskjellane påverkar korleis vi kan tenke om tiltak i ulike tidsperspektiv.
  • Finansiering av mobilitetstenestene: Kva er «dei store tala», kvar kjem finansieringa frå, kva skjer med kostnadene for tida?
  • Den største delen av dokumentet er ein «tiltakskatalog». Her går vi gjennom ulike strategiar og tiltak for korleis vi kan justere rutetilbodet opp og ned i by og distrikt, og korleis vi gjennom tiltak knytt til takstar og billettar kan påverke både inntektene og bruken av tilbodet. Når det gjeld rutetilbod, bygger vi her vidare på arbeid som er gjort i fleire omgangar med å utarbeide retningslinjer og «standardar» for rutetilbodet i fylket.
  • Til slutt er det ein kapittel om korleis vi kan gjere faglege vurderingar av ulike tiltak, altså korleis vi kan vurdere ulike tiltak når det gjeld effekten for dei reisande, for nettverket vårt og for økonomien.

Du finn verktøykassa her (pdf).

Forsida av dokumentet som er omtala

(Foto: Morten Wanvik/Skyss)

Publisert:

Oppdatert: