Kollektivtrafikken veks vidare
Totalt var det 95 millionar påstigingar på buss, båt og bybane i Vestland i 2025, mot 93 millionar i 2024.

Samla sett ser Skyss ein vekst i reisetala på 2 prosent frå 2024 til 2025. Dette er eit litt meir moderat resultat enn tidlegare år, med unnatak av åra med koronapandemien.
Reisetala for buss og bybane auka frå kring 91 millionar påstigingar i 2024 til nær 93 millionar i 2025.
Samvirke mellom transportformer
– Kollektivtrafikken beheld sin solide posisjon i trafikkbildet. Vi ser at det framleis går oppover i ein vekstkurve som har vart i snart tjue år, berre avbroten av koronapandemien, seier fylkesordførar Jon Askeland.
– Bybanen er utan tvil framleis ein suksess for kvardagsreisene, men vi skal heller ikkje gløyme at fleirtalet av dei kollektivreisande reiser med buss. Suksessformelen ligg i samvirket mellom dei ulike transporttilboda. For bussen ser vi at den sterkaste passasjerveksten skjer i det sentrale byområdet. Vi har over lang tid sett vekst i tilboda våre på hovudinnfartsårene til Bergen, og for 2025 er det særleg ein auke i reiser mellom Bergen og Bjørnafjorden som peiker seg ut, seier fylkesordføraren.
God vekst for bybanen
Totalt sett syner bybanen ein auke på om lag 2 prosent. Totaltalet er prega av fleire periodar med hendingar knytt til vintervêr og arbeid på linja i året som gjekk. Om ein ser bort frå avviksperiodene, var det god vekst på begge linjene. Det er samstundes grunn til å tru at sidan bybanen begynner å bli vaksen og infrastrukturen har større vedlikehaldsbehov enn før, så vil det kome nye periodar med avvikskøyring som kan påverke trafikk og reisestatistikk.
Totalt skjer meir enn 9 av 10 av alle kollektivreiser i Bergen og omlandskommunane, eller 87 millionar påstigingar (92 prosent).
Båtrutene i Vestland hadde over 1,8 millionar reisande i 2025, ein auke på nær 3 prosent frå året før.
Auka trafikk på fylkesvegferjene
Reisetala på fylkesvegferjene auka frå 2024 til 2025. Auken heng mykje saman med at sambandet Breistein–Valestrandsfossen er blitt fylkeskommunalt og dermed har kome med i statistikken. Men det har i tillegg vore oppgang i talet på passasjerar og køyretøy på mange av fylket sine ferjesamband. Sett bort frå Osterøy-sambandet var passasjerveksten på fylkesvegferjene totalt på 7 prosent, medan talet på køyretøy auka med 4 prosent.
I 2025 var det over 3,5 millionar køyretøy som reiste med ferjene, eller 4,9 millionar personbileiningar.
|
|
2024 |
2025 |
|
Bybanen |
|
|
|
Linje 1 |
20 090 000 |
20 117 000 |
|
Linje 2 |
5 760 000 |
6 196 000 |
|
Bybanen totalt |
25 850 000 |
26 313 000 |
|
|
|
|
|
Buss |
|
|
|
Buss innanfor Bergen kommune |
49 725 000 |
50 565 000 |
|
Buss i byvekstavtaleområdet |
58 735 000 |
59 579 000 |
|
Buss Vestland totalt |
65 079 000 |
66 473 000 |
|
|
|
|
|
Båt |
|
|
|
Båt Vestland totalt |
1 780 000 |
1 829 000 |
|
Båt Kleppestø-Strandkaiterminalen |
685 000 |
693 000 |
|
Båt Knarvik-Frekhaug-Strandkaiterminalen |
157 000 |
152 000 |
|
|
|
|
|
Ferje |
|
|
|
Passasjerar |
5 924 000 |
6 705 000 |
|
Personbileiningar (PBE) |
4 512 000 |
4 924 000 |
|
Tal køyretøy |
3 183 000 |
3 517 000 |
Publisert:
Oppdatert: