Hopp til hovedinnald

Kontrakten startar opp 16. august 2027,  varer i 12 år, med moglegheit for eitt års forlenging. 

Tenestetilbodet vert i all hovudsak vidareført som før, men nye bestillingstransportløysingar kjem på plass. 

Det er stilt krav som inneber om lag 50% reduksjon i klimagassutslepp samanlikna med dagens kontrakt. 

Elektrisk drift er berre kravd på dei strekningene der infrastrukturen legg til rette for dette. I praksis tyder dette at busslinjene 300 og 300E skal køyrast med elbussar. I tillegg er det stilt krav om at enkelte avgangar på linje 310, 320 og 330 skal gjennomførast med elbusser. 

Det er dessutan ei rekkje minstekrav til bussane, i hovudsak basert på den felles nordiske bransjestandarden Bus Nordic. Det inneber mellom anna krav til moderne kollisjons- og tryggleikssystem for å ivareta sjåførtryggleik. Når det gjeld universell utforming er det stilt særleg strenge krav, også utover krava i den nemnde standarden. 

Tildelinga skjer på bakgrunn av ein konkurranse med forhandling. Fire selskap kvalifiserte seg for deltaking og leverte også tilbod som oppfyller krava. Det var Vy Buss, Tide Buss AS, Nobina AS og Firda Billag Buss As. Vy Buss AS kjem best ut på pris, og har difor fått tildelt kontrakten. Signering av kontrakten vil fyrst skje etter utløpt karensperiode.

Publisert:

Oppdatert: