Hopp til hovedinnald

Totalt var det 89,1 millionar påstigingar på buss, båt og bybane i Vestland i 2023, mot 78,5 millionar i 2022. I 2019 var talet 81,8 millionar. Talet for 2023 vart dermed 14 prosent høgare enn året før, og 9 prosent høgare enn «normalåret» 2019.

– Eg er vilt takksam for desse kanontala, seier fylkesordførar Jon Askeland.

–  Eg vil takke dei reisande og alle som yter tenestene for at vi lykkast så godt saman. Fylkeskommunen sitt fremste ønske er jo gjennom Skyss å tilby eit best mogleg kollektivtilbod. Gode reisetal er viktige for oss og gir oss argument overfor staten for å få økonomiske midlar til å utvikla tilbodet vidare, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Mange fleire bybanereisande 

I 2023 var det 24,3 millionar påstigingar på bybanen. Året før var talet 19,1 millionar. Ein stor del av veksten heng naturlegvis saman med at linje 2 til Fyllingsdalen vart opna i november 2022. Med to linjer i staden for ein har det blitt mange fleire reisande totalt sett.

Samstundes har det vore passasjervekst på linje 1 mellom Bergen sentrum og flyplassen. I 2022 var det 18,6 millionar påstigingar, som auka med 4 prosent til 19,3 millionar i 2023.

I snitt er det om lag 70 000 påstigingar på linje 1 kvar dag, og om lag 20 000 på linje 2.

Bybanen utgjorde 27 prosent av alle kollektivreisene i Vestland i 2023. 

Totalt føregjekk 92 prosent av kollektivreisene i bergensområdet. 

Ni prosent auke for buss 

Statistikken over påstigingar syner ein auke på 9 prosent for påstigingar på buss i heile Vestland samanlikna med 2022. Passasjerutviklinga på alle innfartsårene til Bergen sentrum har vore aukande heile det siste året. Den største veksten har skjedd på innfartsårer der Skyss har endra eller styrkt rutetilbodet.  

Skyss etablerte ein ny busslinje 600 mellom Bergen og Osøyro i samband med opninga av nye E39.  

– Dette har vore ein suksess. Det nye veganlegget har gjort det lettare for bilistane, og på førehand var vi usikre på korleis effekten ville bli for bussane. Men mange fleire har tatt buss enn vi forventa. Her ser vi at insentiv faktisk fungerer. Det er høge bomkostnadar for privatbil på den nye vegen, samstundes som det er relativt låge busstakstar på strekninga, påpeiker Jon Askeland. 

Svært gode reisetal for båt 

Båtrutene hadde over 1,7 millionar reisande i heile Vestland i 2023. Dette er ein auke på 10 prosent frå året før, og det er 17 prosent høgare enn før pandemien. 

Nordhordlandsruta hadde 164 000 påstigingar i 2023, mot 117 000 i 2022, som er ein auke på heile 40 prosent. Veksten heng saman med endringa av billettprisen, der båten vart innlemma i sone A med vanleg busspris.

Askøyruta hadde 657 000 påstigingar i 2023, mot 588 000 i 2022. 

Ferjetrafikken har også auka 

På fylkesvegferjene var det nær 5,4 millionar passasjerar i 2023, ein auke på 3 prosent. Det var 3 millionar køyretøy som reiste med ferjene, eller nær 4,4 millionar personbileiningar i 2023, som er 5 prosent meir enn året før. 

Transportmiddel

2022 

2023 

% endring 

Vestland buss  

57 805 000 

63 071 000 

 9 % 

Vestland bybane  

19 122 000 

24 288 000 

 27 % 

Vestland båt  

1 596 000 

1 762 000 

 10 % 

Totalt kollektiv

78 517 000 

89 121 000 

 14 % 

 

Område

2022 

2023 

% endring

Bybane 

19 122 000 

24 288 000 

 27 % 

Buss bergensområdet* 

51 405 000 

57 015 000 

 11 % 

Båt bergensområdet* 

705 000 

820 000 

16 % 

Totalt bergensområdet*  

71 232 000 

82 123 000 

 15 % 

Buss øvrige Hordaland   

6 014 000 

5 591 000 

–7 % 

Buss Sogn og Fjordane  

2 205 000  

2 476 000 

12 % 

Båt Askøyruta 

588 000 

657 000 

12 % 

Båt Nordhordlandsruta 

117 000 

164 000 

40 % 

* byvekstavtaleområdet

 

Ferje Vestland 

2022 

2023 

% endring 

Passasjerar 

5 206 000 

5 371 000 

3 % 

Personbileiningar (PBE) 

4 135 000 

4 359 000 

5 % 

Tal køyretøy 

2 925 000 

3 077 000 

5 %

 

Publisert:

Oppdatert: