Hopp til hovedinnald

Hanne Haugland Nesbø er ein av rådgjevarane i avdelinga digital transformasjon og teknologi. Her jobbar ho som prosjektleiar innanfor digital forretningsutvikling, og har hovudsakleg ansvar for det overordna perspektivet ved prosjekta.

Ei potet med eit heilskapleg perspektiv

Som utdanna samfunnsvitar, med ein master i samanliknande politikk, fungerer ho som det ho sjølv på godt og vondt vil kalla ei potet. Men den breie bakgrunnen hennar sørger for at ho har ei forståing for dei heilskaplege linjene ved prosjektleiing, og eit innblikk i politiske prosessar.

Hanne forklarer sjølv at noko av grunnen til at ho ønskte å jobbe i Skyss, var at vi rører ved kvardagen til mange menneske. Ho har alltid hatt eit ønske om å bidra i samfunnsutviklinga, og at Skyss dermed var eit naturlig val som arbeidsgjevar.

– Då eg var med i Vestlandsakademiet, snakka vi mykje om kva som skal til for å utvikle regionen vidare, og å gjere den attraktiv for flinke folk. For å få til det, treng vi ein mobil region som bind folk saman. Dette er noko av grunnen til at eg ønskte å arbeide i Skyss. Vi driv mykje med drift, men vi har også gode mål for framtida, og jobbar for at Vestland skal bli ein attraktiv region.

Ei fagleg breidde

Når ho fortel om det ho liker best med å jobbe i Skyss, kjem den faglege breidda, kombinert med tverrfaglege prosjektteam, fort på banen.

– Vi tilset ikkje berre økonomar eller juristar, men vi har eit breitt spekter inne i Skyss, med tanke på utdanning og bakgrunn. Dette skaper rom for nye spørsmål, god læring og ei mengde spennande perspektiv. Eg opplever óg at det i Skyss alltid er lov å heve stemma si, om ein har noko ein ønsker å seie, og at denne haldninga skaper eit miljø med opne dører og godt samarbeid.

Gode vekstmoglegheiter

Hanne trekker også fram korleis Skyss er gode på kompetanseheving, og forklarar kvifor dette er ein stor del av kvardagen vår.

– Dette er nødvendig for ein organisasjon som står framfor ei stor omstilling, og skal levere til ei framtid som kjem til å sjå annleis ut enn i dag. Vi endrar oss i takt med samfunnet, som fører til nye prosjekt og problemstillingar heile tida. Eg har alltid kjent på at eg ikkje ønska å jobbe med rutinearbeid og de same problemstillingane over tid, og det har eg i alle fall klart å oppnå i denne stillinga!

Publisert:

Oppdatert: