Hopp til hovedinnald

Det er ikkje tillate å endre eller manipulere fast innhald på applikasjonen.

Alle forsøk på å gjenskapa den opphavlege kjeldekoden til programvare (kjent som reverse engineering) er strengt forboden.

Skyss billettar og/eller data som Skyss gjer tilgjengeleg, skal ikkje bli kopiert, overført, omsett og/eller distribuert på nokon måte.

Billettar kan berre bli brukt på ei eining av gongen. 7-, 30-, og 365-dagersbillett kan berre bli flytta til ny eining nokre få gonger.

Misleghald

Dersom vilkåra i bruk av tenesta ikkje blir overhaldne, kan Skyss sperre profilen for vidare bruk. Skyss vil i samband med dette refundere eventuelle uteståande rettmessige krav.

Ved bruk av appen i strid med vilkåra, eller annan misbruk av tenesta, er du ansvarleg for økonomisk tap som Skyss i samband med dette blir påført.

Tilbaketrekking av samtykke

Du kan trekkje samtykket ditt ved å slette profilen din i appen. Av omsyn til om du skulle angre blir profilen først sletta etter 14 dagar. Du kan avbryte slettinga ved å logge inn igjen med same telefonnummer i løpet av 14 dagar.

Har du ein aktiv billett kan du ikkje slette profilen i appen, og vi ber deg då kontakte kundeservice for å få delar av billetten refundert innan profilen blir sletta. Du kan alternativt trekkje samtykket utan å kontakte kundeservice ved å slette profilen frå MinSide. Då tilrår vi at du først noterer ordrenummer eller billettnummer om du har nokre aktive billettar.

Sist revidert: 27.11.2025, kl. 09:00.