Hopp til hovedinnald

Skyssprofil er ein personleg profil du kan velje å bruke for å logge inn i Skyss-appen eller på skyss.no. Dette gjer at du kan logge inn og få tilgang til profilen din på tvers av einingar (mobilar, lesebrett, web og liknande), og at du ikkje mistar billetten eller andre personlege innstillingar om du er uheldig, og mistar eininga di. 

Når du opprettar en profil får du tilgang til ei rekkje tilleggstenester som du kan lese meir om.  

Kvifor behandlar Skyss mine personopplysningar (formål)? 

Dersom du registrerer en profil, behandlar Skyss personopplysningane dine og er behandlingsansvarleg for desse. Vi behandlar personopplysningar som er nødvendige for å kunne tilby deg tenester og funksjonalitetar tilknytte profilen din i samsvar med Profilavtalen.  

Formålet er å gi deg ein meir personleg tilpassa tilleggsteneste og betre oppfølging av kundeforholdet ditt. Vi vil i samband med dette også lagre kundeførespurnaden din dersom du tek kontakt med oss rundt spørsmål om profilen din. Dersom du har hemmeleg adresse og/eller hemmeleg telefonnummer tilrår vi for å vere på den sikre sida at du bruker Skyss sitt anonyme tenestealternativ. 

Når du opprettar en profil får du tilgang til tilleggstenester, slik at du kan: 

  • få tilgang til billetten din, uansett kva eining du bruker når du er logga inn i Skyss-appen 
  • lagre kjøpshistorikk, slik at du enkelt har tilgang til den uansett kva eining du vel å bruke 
  • lagre din føretrekte billettype 
  • lagre favorittstader, favoritthaldeplassar og reisesøk sentralt, slik at du får tilgang til den planlagde reisa, uansett kva eining du vel å bruke 
  • få oppdatert reise- og avviksinformasjon knytt til den planlagde reisa di 
  • dele lagra reisesøk med andre, slik at du lettare kan planleggje ei felles reise eller ei reise for andre, t.d. eigen familie 

Om du bruker Reisekort, kan du velje å registrere reisekortet i profilen. Då får du høve til å: 

  • bruke dei registrerte opplysningane om deg til å overføre verdien til eit nytt Reisekort, om du mistar eller blir stole frå kortet ditt. 
  • få automatisk fornying av 30-dagersbilletten, eller automatisk påfylling av reisepengar. Du må eventuelt inngå ein eigen avtale med Skyss om dette. 

Som ein del av det å gi deg personlege tilleggstenester vil vi bruke kontaktopplysningane dine for å varsle deg om forhold som påverkar kunderelasjonen din til Skyss, som inkluderer, men ikkje avgrensar seg til: oppdatering av avtalevilkår, personvernerklæring eller liknande, systemsvikt eller feil i våre tenester, store og varige endringar i tilbodet vårt til deg som kunde, eller annan kritisk informasjon som berørar kundeforholdet ditt. 

Vi nyttar opplysningar om kjøpa og reisesøka dine o.l. for å lage statistikk om bruk av appen, utan at vi knyter dette til deg. 

Kva er aldersgrensa for SkyssProfil? 

Du må vere fylt 15 år for å opprette ein Skyss-Profil. 

Kva for eit rettsleg grunnlag har Skyss for å behandle personopplysningar? 

Vi behandlar berre opplysningane dine dersom det må til for å oppfylle Profilavtalen. Du kan når som helst trekkje deg frå avtalen ved å slette profilen din. 

Vi bruker rettmessig interesse for å forbetre tenestene våre som behandlingsansvarleg for å lage anonym statistikk. Dersom du skulle ha nokre innvendingar mot bruk av personopplysningane dine til dette formålet, kan du fremje innvendinga ved bruk av kontaktskjemaet for personvernsaker. 

Kva personopplysningar blir behandla i Skyssprofil, og kva blir dei brukte til? 

Vi behandlar følgjande Kontaktopplysningar om deg: 

  • Telefonnummer: Blir brukt for å logge inn, og i kundedialog når du kontaktar oss.  
  • E-post: Blir brukt til å verifisere konto, sende kvitteringar for kjøp i app, i kundedialog når du kontaktar oss, og for å varsle deg om overnemnde forhold som påverkar kunderelasjonen din til Skyss.  
  • Fornamn og etternamn: Blir brukt til å verifisere konto ved byte av telefonnummer, og i kundedialog når du kontaktar oss.  
  • Adresse: Dersom du vel å registrere adressa di kan vi ved behov sende deg informasjon i posten knytt til kundeforholdet ditt.  
  • I samband med to-faktor autentisering behandlar vi også passord, men utan at vi har tilgang til sjølve passordet. 
     

Om du bruker Skyss -appen med profilen din, behandlar vi i tillegg desse opplysningane: 

  • Salsopplysningar ved kjøp av billettar, som billettype og tid for kjøpet, blir lagra for å gi deg enkel tilgang på billettypar du kjøper ofte, og kvitteringar.  
  • Den føretrekte billettkategorien din: For å raskare tilby billetten som passar for deg.  
  • Lagra favorittstader og -haldeplassar: For at vi raskt kan gi deg opplysningar om reiser som relevant for deg. Vi lagrar berre favorittstadene dine om du aktivt har lagra ein favoritt. 

Når du lagrar eit reisesøk, vil vi lagre følgjande for at vi skal kunne gi deg oppdatert reise- og avviksinformasjon om den reisa du har planlagt: 

  • GPS-posisjonar (frå/til) for lagra reisesøk: Posisjonen som blir lagra blir definert av kva du som kunde har fylt inn i «til» og «frå». Om du har gjort eit reisesøk ved å bruke «min posisjon», er det din eksakte GPS-posisjon som blir lagra.  
  • Oppgitt tidspunkt for avreise, innkomst og overgangar for dei lagra reisesøka dine. I tillegg lagrar vi tidspunktet for når du gjennomførte og lagra reisesøket.  
  • Type transportmiddel eller anna køyretøy og gonge.  
  • Føretrekt gangfart, slik at vi kan anslå kva transportmiddel du kan rekke. (innstilling i appen).  
  • Kunde-ID: knyter den lagra informasjonen til den spesifikke profilen din, slik at du har tilgang til informasjonen på tvers av einingar eller kan dele lagra reiseinformasjon med andre med Skyssprofil. 

Dersom du loggar deg inn i Profil etter å ha vore utlogga, behandlar vi også 

  • Favorittstader  
  • Lagrede reiser  
  • Betalingsmetode 

Om du bruker Reisekort, behandlar vi i tillegg desse opplysningane: 

  • Reisekortnummer: Nødvendig for å hjelpe deg med rekonstruksjon av billetten, om du mistar reisekortet ditt.  
  • Salsopplysningar ved kjøp av billettar: Nødvendig for å hjelpe deg med rekonstruksjon av billetten, om du mistar reisekortet ditt.  
  • Reiseopplysningar: Tid og stad for avlesing. Kundeservice har tilgang til å sjå tidspunkt og sone i eit avgrensa tidsrom etter avlesing. Dette er nødvendig for å hjelpe deg med rekonstruksjon av billetten, om du mistar reisekortet ditt. 

Om du kontaktar kundeservice, lagrar vi og behandlar følgjande saman med profilen din: 

  • Alle førespurnader, og dialogen som er knytt til saka di. 

Kva tilgang har Skyss til opplysningane dine, og blir dei delte med andre? 

Tilgangen til opplysningar om deg er avgrensa. Det blir tildelt tilgangar berre ut frå kva som er nødvendig. 

Vi utleverer ikkje personopplysningane dine til ein tredjepart så lenge vi ikkje er rettsleg forplikta til å gjere det overfor offentlege styresmakter. 

Vi vil dele anonymiserte data med samarbeidspartnarane våre innanfor kollektivtrafikk/mobilitetstenester. 

Skyløysingar 

Skyss nyttar AWS skytenester for lagring og aksessering av personopplysningar knytte til dei tenestene du nyttar. Sjølv om Skyss nyttar ein amerikansk leverandør, så har Skyss der det er mogleg valt å nytte tenester som er godkjende etter EUs åtferdsnorm CISPE, og på ein slik måte at leverandøren forpliktar seg til å ikkje overføre personopplysningar ut av EØS. 

For tenester som ikkje er CISPE-godkjende og der behandling i USA ikkje kan utelukkast i enkelte tilfelle, har Skyss fatta ei rekkje avtalemessige, organisatoriske og tekniske tiltak, som isolering av informasjon og kryptering, for å hindre at leverandøren har tilgang til opplysningane. For slike tenester krev Skyss at mottakaren forpliktar seg til å overhalde personvernregelverket og vi nyttar EU-kommisjonens reviderte standard kontraktuelle klausular. 

USA og EU har dessutan inngått ein avtale som skal sikre eit tilstrekkeleg nivå av personvernvern slik angitt i GDPR. Du kan lese meir om avtalen på Datatilsynets nettsider. 

Som eit ledd i det kontinuerlege arbeidet vårt med informasjonstryggleik, arbeider Skyss alltid med forbetringar av tenestene. 

Kva er dine rettigheitar? 

Du har rett til innsyn i, retting, dataportabilitet og sletting av opplysningar som er lagra om deg. 

Du har rett til å klage på det du meiner er feilaktig behandling av personopplysningar til Datatilsynet, men ta gjerne kontakt med oss først via personvernombodet vårt. 

Hvem skal kontaktes? 

Korleis blir opplysningane behandla? 

Opplysningane dine blir behandla som beskrive under: 

  • Vi behandlar berre opplysningane dine dersom det må til for å oppfylle Profilavtalen. Du kan når som helst trekkje deg frå avtalen ved å slette profilen din. Om du har uteståande betalingar som har oppstått gjennom bruk av Skyss sine tenester, så må desse betalast før du kan slette profilen din. Dersom du har eit abonnement må alle fakturaer tilknytt dette vere betalt, og du må deretter avslutte abonnementet før du kan slette profilen din. Dersom du har ein gyldig billett, kan du be om å få delar av billetten refundert før du slettar profilen din, i samsvar med Skyss sine reisevilkår for billettrefusjon. 
  • Kontaktopplysningane dine blir lagra så lenge du vel å ha en profil. Når du har sletta profilen din, er det ingen måte for Skyss å finne att informasjon om deg. 
  • Etter at du har sletta profilen din, vil vi slette opplysningane dine innan 14 dagar. Etter det vil ikkje sals- og reiseopplysningar kunne knytast til deg som person. Loggar du inn igjen i løpet av denne 14-dagast perioden vil du reaktivere profilen du hadde. 
  • Om du berre slettar appen, utan å slette profilen først, vil opplysningane framleis vere lagra hos oss. 
  • Når du har ein Skyss-profil blir sals- og reiseopplysningar lagra inntil 410 dagar etter at billetten er utgått, eller alternativt 410 dagar etter at klagaren har fremja skriftleg reklamasjon til Skyss om eit forhold ved reisa. Dette er for å handtere klageretten kunden har til Transportklagenemnda. Sjå forskrift om transportklagenemnda § 5-2, og rettleier om behandling av personopplysningar i Kollektivtransport. 
  • Opplysningar knytte til eit lagra reisesøk vil automatisk slettast sentralt i systema våre seinast tre timar etter at den faktiske reisa har hatt innkomsttid. Du kan også til kvar tid slette reisesøket direkte i appen. 
  • Opplysningar om ein favorittstad eller favoritthaldeplass kan til kvar tid slettast i appen. 
  • Skyss kan likevel ikkje slette personopplysningar viss anna lovgiving, som til dømes rekneskapslovgivinga, pålegg Skyss å behandle opplysningane vidare. Vi vil i tilfelle avgrense tilgangen ytterlegare og loggføre tilgang til slike opplysningar. 

Kundeopplysningane og reiseopplysningane blir lagra i separate databasar. 

Korleis kan eg be om innsyn eller sletting av opplysningar? 

Enkelte av personopplysningane dine kan du gjere innsyn i, endre eller slette i appen. Vil du ha innsyn i alle personopplysningane om deg, må du sende dette skriftleg, anten som post eller via kontaktskjema. 

Dersom du slettar appen utan å slette profilen din først, vil informasjonen framleis vere lagra hos oss. Dersom du slettar profilen din, vil informasjonen vere lagra hos oss i 14 dagar og deretter bli sletta. 

Kan eg framleis bruke tilbodet til Skyss utan å vere innlogga? 

Du kan alternativt reise anonymt med Skyss, utan profil. Det gir deg tilgang til ordinært reisesøk- og billettkjøp. Utan Skyssprofil vil du miste historikken din dersom du installerer appen på nytt, eller byter telefon. Når du reiser utan profil, må du derfor ta godt vare på ordrenummeret eller billettnummeret ditt. Viss mobilen din, av ein eller annan grunn, ikkje er tilgjengeleg eller mista, kan du oppgi ordrenummeret eller billettnummeret og få den verdien som er att refundert. 

Dersom du skulle ha nokre innvendingar mot bruk av personopplysningane dine til dette formålet, kan du fremje innvendinga ved bruk av kontaktskjemaet for personvernsaker. 

Gå til kontaktskjema for personvernsaker