Personvernerklæring for abonnement i appen Skyss
Her finn du informasjon om korleis Skyss behandlar personopplysningane dine når du vel å teikne eit abonnement på periodebillett i Skyss-appen.
Vi behandlar personopplysningane dine knytte til Skyss-profilen din i tråd med personvernerklæringa for Skyssprofil, og du har dei same rettane som er skildra der.
Føremål
Føremåla med behandlinga av personopplysningane er:
-
Å tilby automatisk fornying av 30-dagarsbilletten og kundeoppfølging i samband med dette
-
Å samle innsikt om bruk og behov for å forbetre tenesta
-
Å oppfylle lovkrav om rekneskapsføring
Rettsleg grunnlag
Det rettslege grunnlaget for behandling av personopplysningar knytte til abonnement på 30-dagarsbilletten er at behandlinga er nødvendig for å oppfylle avtalen.
For behandling av opplysningar som er nødvendige for å oppfylle lovkrav om rekneskapsføring, er det rettslege grunnlaget at behandlinga er nødvendig for å oppfylle våre rettslege plikter etter rekneskapslova og bokføringslova.
For å kunne tilby abonnementstenesta er det nødvendig å behandle følgjande opplysningar:
| Opplysning | Behandling | Lagringstid |
|---|---|---|
| Betalingskort | Gjennomføre betaling for periodebilletten |
Så lenge du har betalingskort registrert på profilen |
| Salsopplysningar | Lagring av betalingshistorikk i samsvar med krava i rekneskapslova |
5 år |
| Telefonnummer | Sende varsel om betaling og gjennomføre betalinga på oppgitt dato |
Så lenge du har Skyss-profil knytt til telefonnummeret |
| Fornyingsdato for abonnementet |
Sende varsel om betaling og gjennomføre betalinga på oppgitt dato |
Så lenge du har eit gyldig abonnement |
| Informasjon om avslutting av abonnement |
Sende deg SMS-varsel om, og gjennomføre, avslutting av abonnement |
7 dagar |
| Varsel som blei sendt til deg, tidspunktet det blei sendt og kva abonnement det gjeld |
Lagrast slik at kundebehandlar kan hjelpe kunden ved førespurnader |
1 år |
Vi behandlar berre anonyme opplysningar som ikkje kan knytast til deg når vi utarbeider innsikt og statistikk for å forbetre tenestene våre.