Hopp til hovedinnald

1. Innleiing

1.1. Denne avtalen blir inngått mellom Skyss og deg som bruker av Skyss sine digitale tenester anten via Skyss-appen eller skyss.no. Ved å opprette en profil, aksepterer du vilkåra i denne Avtalen. 

1.2. Formålet med denne Avtalen er å opprette en profil hos Skyss slik at du kan få tilgang til ei meir personalisert brukaroppleving på dei digitale flatene våre og hos kundeservice.  Vi vil i samband med dette også lagre kundeførespurnaden din dersom du tek kontakt med oss rundt spørsmål om profilen din. 

Ved å opprette en profil så vil vi kunne kople aktivitetar som er knytt til profilen til deg slik at du har tilgang til profilopplysningane og tilknytt historikk på ulike digitale flater. Til dømes vil du kunne behalde innstillingane dine og billettkjøpshistorikk om du byter mobiltelefon.  

1.3.Ved å opprette profil vil du ha høve til å ta i bruk funksjonalitet og tenester som krev at du har en profil. Du vil i så fall bli informert om kva som er påkravd for å ta i bruk funksjonaliteten. 

2. Opprette profil

a. For å opprette en profil må du vere minst 15 år gammal. Unntak gjeld om du har tilgang til fribillett og føresett har samtykt til at du kan få profil. 

b. Du må oppgi namn, gyldig telefonnummer og e-postadresse under registreringsprosessen. Opplysningane må vere knytte til deg, korrekte og oppdaterte. 

3. Bruk av profilen

a. Profilen er personleg og kan ikkje delast med andre. 

b. Du er ansvarleg for å halde oppe konfidensialiteten til kontoinformasjonen og passordet ditt. 

c. Bruken din av profilen skal vere i samsvar med denne Avtalen og gjeldande lover og forskrifter.  

d. Du kan ikkje manipulere profilen din for å søkje å oppnå fordelar som du ikkje har rett til. 

e. Ved bruk av profilen i strid med denne Avtalen, eller annan misbruk av tenestene som blir tilbodne på profilen, er du ansvarleg for økonomiske tap som Skyss blir i samband med dette påført. 

4. Behandling av personopplysningar

a. Vi samlar inn og behandlar personopplysningar i samsvar med vår Personvernerklæring, som er ein integrert del av denne Avtalen.

b. Ved å opprette en profil, godtek du innsamlinga og bruken vår av personopplysningar som beskrive i Personvernerklæringen.

5. Avslutning av profil

1. Du kan når som helst avslutte denne avtalen ved å slette profilen din. Dette gjer du ved å følgje instruksjonane for sletting av profil på dei digitale flatene våre. 

b. Vi beheld profilopplysningane dine i 14 dagar etter at du har sletta profilen din. Dette er for å kunne sikre at det ikkje ligg føre nokon uteståande saker eller krav som hindrar oss frå å slette personopplysningane dine, og for å gi deg høve til å angre dersom du har sletta profilen ved ein feil. 

c. Dersom du har ein gyldig billett, kan du be om å få delar av billetten refundert før du slettar profilen din i samsvar med #Skys reisevilkår for billettrefusjon. Du kan også kontakte Kundesenteret og be om å få flytta billetten til ein ikkje registrert app. 

d. Dersom det ligg nokre krav føre eller avhengnader tilknytte profilen din, vil det ikkje vere mogleg å avslutte profilen. Dette gjeld til dømes om du har ei open sak hos kundeservice eller uteståande betalingskrav. 

e. Avtalen blir avslutta og profilen blir sletta dersom du har vore inaktiv på dei digitale flatene våre i 13 månader. 

f. Dersom du slettar profilen din, vil andre avtalar du har inngått og samtykkjer du har gitt knytt til profilen din også bli trekt tilbake. 

g. Vi sikrar oss retten til å suspendere eller avslutte profilen din om du bryt denne Avtalen. 

 6. Endringar i Avtalen

a. Skyss sikrar seg retten til å endre denne Avtalen når som helst. 

b. Vesentlege endringar vil bli kommuniserte til deg. Din heldt fram bruk av profilen etter slike endringar utgjer din aksept av dei endra vilkåra. 

 7. Ansvarsavgrensing

a. Appen og profiltenesta blir tilboden "som ho er".

b. Vi er ikkje ansvarlege for følgjeskadar som oppstår frå bruken din av profilen. 

c. Avtalen blir regulert av elles av norsk rett.  

8. Kontakt og tvisteløysing

a. Om du har spørsmål om denne Avtalen, eller vil klage, kan du ta kontakt med Kundeservice. Du kan også vende deg til Transportklagenemnda. 

b. Ved klage om forbrukarforhold kan du i tillegg vende deg til Forbrukartilsynet. For meir informasjon om korleis du fremjar ei klage besøk www.forbrukertilsynet.no. 

Ved å opprette en profil, stadfestar du at du har lese, forstått og godteke vilkåra i denne Avtalen. 

Publisert:

Oppdatert: