Enkeltbillett båt Hordaland
Enkeltbillett båt gjeld for ei enkeltreise på ei bestemt båtstrekning. Du kan kjøpe enkeltbillett til båt i kategoriane vaksen, barn, honnør og militær.
Slik kjøper du enkeltbillett til båt i Hordaland
Kjøp i appen Skyss Billett
Du kan kjøpe enkeltbillett til båt med mobilen din ved å bruke Skyss Billett-appen. Du treng ikkje registrere billetten frå Skyss Billett om bord, men både mannskap og kontrollør kan likevel krevje å få sjå gyldig billett når som helst under reisa.
Kjøp i nettbutikken
Du kan kjøpe enkeltbillett til båt i nettbutikken. Når du kjøper enkeltbillett i nettbutikken, kan du få billetten på ulike måtar. Du kan velje mellom å knytte billetten til Skysskort, få den tilsendt på SMS eller e-post, eller skrive den ut på papir.
Kjøp på billettautomat
Du kan kjøpe enkeltbillett til båt på billettautomat. Du kan betale med anten bankkort, myntar eller Skysskort (reisepengar). Dersom du ikkje har Skysskort får du ut ein elektronisk enkeltbillett (Skyss minikort). Du treng ikkje registrere billetten om bord på båten. Enkeltbillett kjøpt på billettautomat blir aktivert ved kjøpstidspunktet.
Kjøp om bord hos mannskapet
Du kan kjøpe enkeltbillett til båt om bord med kontantar, bankkort eller Skysskort (reisepengar). Du får ein papirlapp som billett og kvittering.