Hopp til hovedinnald

Legg merke til at du på enkelte andre kollektivtilbod kan bruke utvalde Skyss-billettar.

Ekspressbuss (avgangar merkte med NW og VY)

Ekspressbussaktørane Vy og NOR-WAY Ekspressbuss har fleire ruter til/frå og gjennom Vestland. I reiseplanleggar og rutetabellar er avgangar som vert køyrde av ekspressbussar merka med VY og NW, med eit tal bak.

På ekspressbussane gjeld eigne prisar og reglar. Du finn informasjon om dette på Vybuss.no og Nor-Way.no. Oversikt over rutene finn du her.

Følgande Skyss periodebillettar er gyldige på alle ekspressbussane til Vy og NOR-WAY Bussekspress i Vestland fylke:

  • 30- og 180-dagars periodebillett.
    • Du må ha periodebillett for sonene der du reiser med ekspressbussen. Ved reiser utover sonene du har gyldig periodebillett for, må du kjøpe enkeltbillett hos Vy eller NOR-WAY. Du betaler for den strekninga du ikkje allereie har billett for.
  • 30-dagars ungdomsbillett.

Dersom du vil ha enkeltbillett eller annan billett til ekspressbuss, må du kjøpe denne i kanalane til Vy eller NOR-WAY.

OBS: Dersom du har Skyss-billett på Skysskort (30 og 180-dagars periodebillett eller 30-dagars ungdomsbillett), må du vise kvittering frå nettbutikken i tillegg til Skysskort når du skal reise med ekspressbuss.

Enkeltbillett på Haukeliekspressen (NW180)
På Haukeliekspressen (NW180) kan du på strekninga Odda-Røldal-Etne reise med Skyss enkeltbillett som er gyldig i sone D. Du kan kjøpe billetten i Skyss sine kanalar, om bord i bussen eller i NOR-WAY sine kanalar. Dersom du har billetten på Skysskort, må du vise kvittering frå nettbutikken i tillegg til Skysskort. 

Billettar kjøpt i NOR-WAY sine kanalar er berre gyldige på NW180 Haukeliekspressen. Dei kan ikkje brukast på Skyss sine transportmiddel.

Strekningar der Skyss-billettar ikkje kan nyttast:
Ver merksam på at Skyss-billettar ikkje kan brukast på ekspressbuss på strekningar der Skyss sjølv har eit godt tilbod. Dette gjeld alle ekspressbussruter rundt Bergen på strekningane

  • mellom Bergen busstasjon og Knarvik
  • mellom Bergen busstasjon og Halhjem
  • mellom Bergen busstasjon og Trengereid

På desse strekningane må du kjøpe eigen billett hos Vy eller NOR-WAY.

Skyss-billettar kan heller ikkje nyttast på flybussen i Bergen.

OBS: For at du skal vere garantert plass på ein ekspressbuss, må du reservere plass på førehand. Dette gjer du i kanalane til Vy eller NOR-WAY. Sjå vybuss.no og nor-way.no for meir informasjon. 

Flybussar (avgangar merkte med FB)

Flybussen i Bergen

Bussruter til og frå Bergen Lufthavn Flesland blir køyrd av Flybussen. Bussen går til/frå Bergen sentrum og Åsane, via Knappetunnelen og Fyllingsdalen. Du finn informasjon om rutetider, haldeplassar, pris og billettkjøp på flybussen.no

Kaibussen ved Bergen lufthavn

Bussen går mellom Bergen lufthavn og Flesland kai blir køyrd av Flybussen. Du finn informasjon om rutetider, haldeplassar, pris og billettkjøp på flybussen.no

Flybussar i Førde og Sogndal

Rutetabellar 


Prisar og billettar

Flybussane til Førde lufthamn Bringeland og Sogndal Lufthamn Haukåsen har eigne prisar og reglar.

På reiser med flybussen som startar eller sluttar på flyplassen, gjeld følgande:

  • Enkeltbillettar for vaksen 90 kroner. Enkeltbillettar for barn, honnør og militær 45 kroner. 
  • Du kjøper billett om bord på bussen, der du kan betale med kontantar eller med bankkort.
  • 30-dagars ungdomsbillett kan brukast som billett.

Merk: Familierabatt, grupperabatt og reiserabatt gjeld ikkje.

På korte reiser med flybussen som ikkje startar eller avsluttar på flyplassen, gjeld følgande reglar:

  • Du betaler vanleg pris (sonepris).
  • Du kan bruke periodebillettar (7-, 30- og 180-dagarsbillett).

 

Bussar frå andre fylke

FRAM: 
På bussar som vert køyrde av Skyss og FRAM, til og frå Møre og Romsdal fylke, gjeld FRAM sine prisar og billettar. Sjå frammr.no for meir informasjon. På Skyss sine bussar gjeld Skyss sine prisar, dersom ein ikkje skal krysse fylkesgrensa og reiser lokalt i Vestland fylke.

Innlandstrafikk:
På bussar som vert køyrde av Innlandstrafikk, til og frå Innlandet fylke, gjeld Innlandstrafikk sine prisar og billettar. Sjå innlandstrafikk.no for meir informasjon.

Kolumbus:
På Kolumbus sine bussar gjeld eigne prisar og billettar. Sjå kolumbus.no for meir informasjon. 

Serviceskyss i Sogn og Fjordane

Serviceskyss er eit transporttilbod i Sogn og Fjordane som skal vere ope og tilrettelagt for alle.  

Brukarane bestiller skyss seinast innan eit bestemt tidspunkt dagen før. Brukarane blir henta heime og køyrde frå dør til dør. Dei som nyttar tilbodet, betaler 30 kroner kvar veg. Du kjøper og betaler billett om bord, og kan betale med bankkort eller kontantar.

Sjå alle serviceskyssrutene her

Ekspressbåtruter Bergen-Sogn og Bergen-Nordfjord

På ekspressbåtrutene mellom Bergen-Sogn og Bergen-Nordfjord gjeld eigne prisar, rabattar og billettar, som du finn på norled.no. Du kan bestille billettar direkte på booking.norled.no

Båt i Hordaland

På båtruter som Skyss ikkje har ansvar for (utan Skyss-logo), gjeld eigne prisar.

Bruk av Skysskort på andre båtruter i Hordaland
På desse båtane kan du bruke Skysskort:

Her kan du ikkje bruke Skysskort: 

Andre lokale reisetilbod

Beffen:
Beffen er namnet på ulike båtruter i hamnebassenget i Bergen. Informasjon om billettar og prisar finn du her.

Ulriken:
Gondolbana Ulriksbanen i Bergen går mellom  Haukelandsbakken, over Haukeland Universitetssykehus, og til toppen av fjellet Ulriken. Informasjon om billettar og prisar finn du her.

Bergenskortet

Bergenskortet er godt eigna for turistar og gir deg fri reise med Skyss sine bussar i Vestland, Bybanen i Bergen og båtrutene Askøybåten og Nordhordlandsbåten. I tillegg får du fri inngang eller rabatt til ei rekke museum, attraksjonar, kulturtilbod, ulike sightseeingtilbod, restaurantar og parkering.

Informasjon om Bergenskortet