Hopp til hovedinnald

Vestland har til saman ti prissoner. Sonene gjeld for reiser med:

  • Skyss sine bussar
  • Bybanen i Bergen 
  • Askøybåten - båtruta Kleppestø - Strandkaien
  • Nordhordlandsbåten - båtruta Knarvik - Frekhaug - Bergen
  • To av båtrutene i Florabassenget
    • Florø-Askrova-Stavang-Svanøy (Florabassenget sør)
    • Florø-Barekstad-Batalden-Fanøy-Rognaldsvåg-Kinn (Florabassenget nord og vest) 
  • Passasjerar på båtruta Kaupanger kai-Frønningen
  • Tog mellom Bergen og Voss.

Enkeltbillettar gjeld berre på Skyss sine transportmiddel. Les meir om korleis du kan bruke periodebillettar frå Skyss på ekspressbussar.

Slik fungerer det

Innanfor ei sone betalar du same pris, uansett kor lang reisa er. Enkeltbillettar er gyldige i 90 minutt i ei sone, og blir gyldige i 30 minutt ekstra for kvar ekstra sone du betalar for.

Dersom du skal krysse ei eller fleire sonegrenser på reisa di, vil billettprisen gå opp avhengig av kor mange sonegrenser du kryssar. Du betalar aldri for meir enn fire soner.

Dersom du til dømes har periodebillett for éi sone, men skal reise éin tur inn i ei anna sone, kjøper du enkeltbillett for den sona du ikkje allereie har billett for.

Vestland er delt inn i ti prissoner. 

Hovudtrekk i soneinndelinga er slik:

Sone A: Gjeld kommunane Bergen, Askøy, Øygarden, Osterøy, Alver, Austrheim, Fedje og tidlegare Os kommune.
Sone B: Områda rundt Bjørnafjorden.
Sone C: Sunnhordland.
Sone D: Odda, Eidfjord og Rosendal.
Sone E: Voss, Granvin og Ulvik.
Sone F: Samnanger, Kvam, Vaksdal og Modalen.
Sone G: Masfjorden, Gulen og sørsida av Høyanger kommune.
Sone H: Sunnfjord, Solund, Hyllestad, Høyanger (norsida), Fjaler, Askvoll, sørleg del av Kinn.
Sone I: Stad, Bremanger, nordleg del av Kinn, Gloppen og Stryn.
Sone J: Aurland, Lærdal, Årdal, Vik, Sogndal og Luster.

Sjå kart for detaljerte grenser mellom sonene 

Innanfor kvar sone gjeld dei same reglane, med unntak av kontanttillegget i sone A. 

Du kan reise så mykje du vil i 90 minutt innanfor ei sone. Billetten er gyldig så lenge du går om bord i siste transportmiddel før 90 minutt er omme. 

Du er sjølv ansvarleg for å ha med gyldig reisebevis under heile reisa.

Sone A inkluderer kommunane Bergen, Askøy, Øygarden, Osterøy, Alver, Austrheim, Fedje og staden Os. Askøybåten og Nordhordlandsbåten er inkludert i soneprisen.

I sone A er det kontanttillegg når du kjøper enkeltbillett kontant om bord:

  • Kontanttillegg: I sone A må du betale kontanttillegg når du kjøper enkeltbillett kontant om bord. Kontanttillegg for vaksen, student og militær er 16 kroner, og for barn og honnør 8 kroner.

Dersom du kjøper enkeltbillett kontant om bord i sone A, må du betale kontanttillegg, sjølv om du skal reise over fleire soner. Kjøper du billett utanfor sone A, må du ikkje betale kontanttillegg, sjølv om du avsluttar reisa innanfor sone A.

Du unngår kontanttillegget ved å kjøpe billett før du går om bord. Spar pengar ved å bruke:

Dersom du skal krysse ei eller fleire sonegrenser på reisa di, vil billettprisen gå opp avhengig av kor mange sonegrenser du kryssar.

Du betaler aldri for meir enn fire soner.

Støttesonene som tidlegare var i yttergrensene av Hordaland, er no ein del av dei ordinære sonene. 

Sjå kart for detaljerte grenser mellom sonene 

På båtrutene som ikkje er inkludert i sonesystemet gjeld eigne prisar:

Prisar for båt i Hordaland

Prisar for båt i Sogn og Fjordane