Hopp til hovedinnald

Lurer du på kva tid bussen går?

Det er enkelt å planlegge reiser frå haldeplass eller adresse i reiseplanleggaren vår. 

Vel område i lista under og finn rutetabellen din

Rutetabellane blir opna i PDF-format.


Heilagdagar
Oversikt over korleis linja di køyrer på heilagdagar, finn du her.Du finn også rutetidene i reiseplanleggaren.

Rutetabellar

 


Utskrift av rutetabellar

For privatpersonar som ikkje har anna moglegheit, kan du bestille papirutskrift av rutetabellar her.

 

Heilagdagar
Oversikt over korleis linja di køyrer på heilagdagar finn du her:
Bergen sentrum, Bergen vest og Åsane.
Du finn også rutetidene i reiseplanleggaren.

Rutetabellar


Utskrift av rutetabellar
For privatpersonar som ikkje har anna moglegheit, kan du
bestille papirutskrift av rutetabellar her

 

Heilagdagar
Oversikt over korleis linja di køyrer på heilagdagar, finn du her.
Du finn også rutetidene i reiseplanleggaren.

Rutetabellar




Utskrift av rutetabellar

For privatpersonar som ikkje har anna moglegheit, kan du bestille papirutskrift av rutetabellar her.

Heilagdagar
Oversikt over korleis linja di køyrer på heilagdagar, finn du her.
Du finn også rutetidene i reiseplanleggaren

Rutetabellar

Utskrift av rutetabellar
For privatpersonar som ikkje har anna moglegheit, kan du bestille papirutskrift av rutetabellar her.

 

Heilagdagar
Oversikt over korleis linja di køyrer på heilagdagar, finn du her.
Du finn også rutetidene i reiseplanleggaren.


Rutetabellar




Utskrift av rutetabellar

For privatpersonar som ikkje har anna moglegheit, kan du bestille papirutskrift av rutetabellar her.

 

Andre busstilbod

Vy og Nor-Way Bussekspress køyrer fleire kommersielle ekspressruter til, frå og gjennom Vestland. I reiseplanleggar og rutetabellar er avgangar som vert køyrde av ekspressbussar merka med VY og NW, med eit tal bak.

Du finn informasjon om rutetider, haldeplassar, pris og billettkjøp på Vy.no og Nor-way.no

Vy sine ekspressruter:

  • VY190 Førde- Ørsta
  • VY430 Fjordekspressen: Bergen-Ålesund
  • VY450 + R41/R45 Sognebussen: Bergen-Sogndal (tog mellom Bergen og Voss, og buss mellom Voss og Sogndal).
  • VY146 Nordfjordekspressen: (Ulsteinvik - Volda - Stryn/ Måløy - Nordfjordeid - Stryn - Gardermoen - Oslo)

Nor-way sine ekspressruter:

  • NW400 Kystbussen: Bergen-Haugesund-Stavanger
  • NW431 Fjordekspressen: Bergen-Førde-Stryn (-Trondheim)
  • NW420 Sognefjordekspressen: Haukeland sjukehus-Bergen-Voss-Flåm-Lærdal-Sogndal
  • NW162 Øst-Vestekspressen: Bergen-Voss-Flåm-Lærdal-Fagernes-Lillehammer
  • NW180 Haukeliekspressen: Oslo-Åmot-Haugesund/Bergen (bytte på Seljestad til Skyss lokalbuss 930 Bergen). Informasjon om korrespondanse for Haukeliekspressen (NW180) finn du her

Du kan reise med enkelte Skyss-billettar på ekspressbuss. Informasjon om dette finn du her

Flybussen i Bergen

Bussruter til og frå Bergen Lufthavn Flesland blir køyrd av Flybussen. Bussen går til/frå Bergen sentrum og Åsane, via Knappetunnelen og Fyllingsdalen. Du finn informasjon om rutetider, haldeplassar, pris og billettkjøp på flybussen.no

Kaibussen ved Bergen lufthavn

Bussen går mellom Bergen lufthavn og Flesland kai blir køyrd av Flybussen. Du finn informasjon om rutetider, haldeplassar, pris og billettkjøp på flybussen.no

Flybussar i Førde og Sogndal

Rutetabellar 


Prisar og billettar

Flybussane til Førde lufthamn Bringeland og Sogndal Lufthamn Haukåsen har eigne prisar og reglar.

På reiser med flybussen som startar eller sluttar på flyplassen, gjeld følgande:

  • Enkeltbillettar for vaksen 90 kroner. Enkeltbillettar for barn, honnør og militær 45 kroner. 
  • Du kjøper billett om bord på bussen, der du kan betale med kontantar eller med bankkort.
  • 30-dagars ungdomsbillett kan brukast som billett.

Merk: Familierabatt, grupperabatt og reiserabatt gjeld ikkje.

På korte reiser med flybussen som ikkje startar eller avsluttar på flyplassen, gjeld følgande reglar:

  • Du betaler vanleg pris (sonepris).
  • Du kan bruke periodebillettar (7-, 30- og 180-dagarsbillett).

Trygt heim er eit tilbod med nattavgangar i distrikta for deg mellom 16 og 24 år. Andre reisande kan nytte tilbodet dersom det er ledig plass. Du kjøper og betaler billett på vanleg måte. Nokre av rutene er bestillingsruter som må bestillast på førehand. 

Tilbodet er tilgjengeleg her:

  • Bømlo / Stord
  • Florø
  • Førde
  • Kvinnherad
  • Nordfjordeid
  • Sandane
  • Sogndal
  • Stryn
  • Voss / Granvik / Ulvik

Her finn du meir informasjon om Trygt heim-rutene.

På Tertnes i Bergen kan du bestille bussen til deg. Bussen køyrer måndag til fredag frå klokka 08.30 til 12.00 og frå 12.30 til 16.30.

Slik fungerer bestillingsbussen: 

  • Bestill buss via appen Skyss Bestilling, på nettsida bestilling.skyss.no eller ring 55 55 90 99. 
  • Vel kvar du vil bli henta og kvar du vil bli køyrt til. Bussen hentar deg så nært som mogleg.  
  • Du vil få ein SMS som fortel når bussen kjem. Du kan også følge bestillinga di via appen eller på nettsida.  
  • Du kan bestille turen din tidlegast sju dagar før avtalt tidspunkt, og seinast 30 minutt før avreise.  
  • Du betalar heilt vanlege billettprisar når du skal reise med bestillingbussen.  

Dess tidlegare du bestiller, dess større sjanse er det for at bussen kjem akkurat når du ønsker. Bussen køyrer i hovudsak etter "først til mølla"-prinsippet. 

Heilagdagar
Bestillingstransport på Tertnes i Bergen er tilgjengeleg kvardagar enten det er skulefri eller ikkje, og er innstilt på bevegelege heilagdagar. 

Les meir om bestillingstransport i Tertnes-området her. 

I Odda går ikkje alle bussane til faste tider heile dagen. Mellom kl. 16.00 og 20.00 kan du bestille bussen. 

Slik fungerer HentMeg

  • Bestill buss på hentmeg.no eller ring 55 55 90 70/ 177.
  • Vel kvar du vil bli henta. Bussen kjem til næraste haldeplass.
  • Du vil få ei melding om når bussen kjem. Du kan også følgje bestillinga di på nett.
  • Bussen køyrer til avtalt haldeplass. 

Korleis bestiller eg?

Bestill buss her

Bestill bussen på hentmeg.no eller ved å ringe Skyss på 55 55 90 70/177.

Bestillinga blir bekrefta på SMS. Der står det hentetidspunktet du har fått. Du kan også følgje bestillinga di på hentmeg.no. 

Dess tidlegare du bestiller, dess større sjanse er det for at bussen kjem akkurat når du ønskjer. Du kan bestille turen din inntil sju dagar i forvegen. Bussen køyrer i hovudsak etter "først til mølla"-prinsippet.

Sjå opningstidene våre på telefon her

Når køyrer bussen:

  • Måndag til fredag 16.00-20.00

Utanom desse tidene følger bussen rutetidene.

Her finn du oppdatert rutetabell for linje 984, 985, 994 og 995 eller du kan søke i reiseplanleggaren 

Kva kostar det?

Bussen har vanleg billettpris. Du finn meir detaljert prisinformasjon her.

Du kan kjøpe billett på same måte som til andre bussreiser. Her finn du meir informasjon om korleis du kjøper billett. 

Kvar køyrer bussen?

HentMeg er tilgjengeleg i området merka på kartet. Bussen hentar deg på eit ordinært busstopp.

Kart over Odda som viser kor tilbodet Hent meg er tilgjengeleg. Kartet viser Eitrheim, Tokheim, Kalvanes, Hatleflot og Trolltunga camping.

 

Personvernerklæring for HentMeg

Heilagdagar
HentMeg i Odda er tilgjengeleg kvardagar enten det er skulefri eller ikkje, og er innstilt på bevegelege heilagdagar. 

Servicelinjene er eit tilbod særskilt tilrettelagt for eldre og andre som har ærend i nærområdet sitt på dagtid. Bussane er spesialtilpassa med lågt golv og er tilpassa for rullestol, barnevogner o.l.


Heilagdagar
Servicelinja går kvardagar enten det er skulefri eller ikkje, og er innstilt på bevegelege heilagdagar. 

Serviceskyss er eit transporttilbod i Sogn og Fjordane som skal vere ope og tilrettelagt for alle.  

Brukarane bestiller skyss seinast innan eit bestemt tidspunkt dagen før. Brukarane blir henta heime og køyrde frå dør til dør. Dei som nyttar tilbodet, betaler 30 kroner kvar veg. Du kjøper og betaler billett om bord, og kan betale med bankkort eller kontantar.

Sjå alle serviceskyssrutene her


Utskrift av rutetabellar

For privatpersonar som ikkje har anna moglegheit, kan du bestille papirutskrift av rutetabellar her.

Passeringstider på haldeplassar
Rutetider som er oppgitt viser passeringstider for buss på haldeplassane. Passeringstidene kan avvike noko frå det som er oppgitt. 

Assistanse

Treng du assistanse på Bergen busstasjon? Ring til vektar rett før du kjem fram til Bergen busstasjon. Vakttelefon vektar: 47 70 33 14

Planlegg reisa i appen Skyss Reise

Visste du at du enkelt kan planlegge reisa di på mobilen? Prøv appen vår Skyss Reise. Her kan du søke etter reiser frå både haldeplass og adresse. Du kan også få hjelp av telefonen, ved at den brukar GPS-posisjonen din og viser deg dei næraste haldeplassane.

Les meir og last ned appen Skyss Reise