Hopp til hovedinnald

Elevar med rett til fri skoleskyss ved ungdoms- og vidaregåande skoler i Vestland kan frå hausten av velje å få skoleskyssbilletten sin på mobilen, i appen Skyss Billett. Skoleskyssbilletten vil då vere aktiv i appen på alle skoledagar.

Elevar som ønsker det, kan fortsette med dagens løysing med fysiske skolereisekort.

Skoleskyssbillett på mobilen skal bidra til;

  • ein enklare kvardag for elevane
  • mindre administrasjon for skolane
  • ei meir berekraftig og brukarvennleg løysing
  • Meld frå til skolen om at du ønskjer skoleskyssbillett på mobil og oppgje telefonnummeret ditt.
  • Sørg for å ha lasta ned Skyss Billett-appen på telefonen din
  • Ver logga inn i appen med same telefonnummer som du oppgir til skolen.
  • Når skolen har registrert at du ønsker skoleskyssbillett på mobil og søknad om skoleskyss er godkjent, vil billetten dukke opp under “mine billetter” i appen på alle skoledagar.
  • Reis som vanleg til og frå skolen, og vis fram skoleskyssbilletten på mobilen ved behov. Sørg for å ha nok straum og mobildata på telefonen, men i dei tilfella det likevel skulle vere tomt, vil vektarane kunne søke opp billetten ved hjelp av telefonnummeret ditt.

Elevar som berre treng buss og bur utanfor ungdomsbillettområdet, kan søkje om skoleskyss sjølv via sjølvbetjeningsportalen på www.skuleskyss.vlfk.no  og logge inn som ELEV.

Skolen må søke for elevar som bur innanfor ungdomsbillettområdet (over 21 år og for gammal til å kjøpe ungdomsbillett), medisinske søknader, eller elevar som manglar kollektivtilbod.

Elevar kan sjølv sjekke om dei bur innanfor / utanfor ungdomsbillettområdet her: https://skuleskyss.vlfk.no/kart

  • Kryss av for at du ønsker å få billetten på mobil i søknaden om skoleskyss og oppgi telefonnummeret ditt. Kryss også av om du treng å nytte tog eller båt.
  • Sørg for å ha lasta ned Skyss Billett-appen på telefonen din.
  • Ver logga inn i appen med same telefonnummer som du oppgir i søknaden.
  • Når du har registrert at du ønsker skoleskyssbillett på mobil og søknad om skoleskyss er godkjent, vil billetten dukke opp under “mine billetter” i appen på alle skoledagar .
  • Reis som vanleg til og frå skolen, og vis fram skoleskyssbilletten på mobilen ved behov. Sørg for å ha nok straum og mobildata på telefonen, men i dei tilfella det likevel skulle vere tomt, vil vektarane kunne søke opp billetten ved hjelp av telefonnummeret ditt.

Har du allereie søkt skoleskyss, men ønsker billetten på mobil? Då kan du enkelt sende inn søknaden på nytt og velje å få skoleskyssbilletten på mobil.

 

 

Korleis vil det sjå ut på eleven sin telefon?

Det blir sendt ut to billettar kvar dag. Éin frå heim til skole som kan nyttast i tidsrommet frå kl.06:00-12:00, og éin frå skole til heim som kan nyttast i tidsrommet kl.12:00-19:00 for elevar ved ungdomsskolen og kl.12:00-22:00 for elevar ved vidaregåande skole.

Vi håpar dette er ei positiv og brukarvennleg løysing. Ved spørsmål, ta kontakt med oss på skoleskyss@skyss.no.