Hopp til hovedinnald

INNLEIING

Fylkeskommunen er i følgje opplæringslova ansvarleg for skoleskyss for elevar i vidaregåande skole og har vedtaksmynde i slike saker. I Vestland fylke er Skyss ansvarleg for skoleskyss og fattar vedtak for Vestland fylkeskommune.

Som skoleskyss blir rekna den daglege skyssen mellom heim og skole til skolen sine ordinære start- og sluttider.

Ein skal nytte søknadssystemet Skyss elev for søknad om skoleskyss. For søknader om buss kan elevane søkje sjølve, men for tilrettelagt skyss er det skolen som søker om skoleskyss på vegne av elevane. Fristen for å søke er snarast råd etter skoleinntaket.

Skyss må ha tilstrekkeleg tid til å planlegge og organisere skyssen. Dette inneberer at søkjarar må akseptere at det kan ta noko tid før skysstilbodet blir sett i gang etter at søknad er meldt inn. I samband med skolestart i august må ein rekne med inntil 14 dagar handsamingstid på nye søknader og endringar i eksisterande søknader.

I medhald av forskrift til opplæringslova § 10-3 har Statsforvaltaren i Vestland gitt dispensasjon til tidlegare Hordaland fylkeskommune om regelen til gratis skoleskyss etter § 7-2 i opplæringslova i dei områda av fylket der det er eit tilfredsstillande kollektivtilbod på fritida. For Vestland fylkeskommune gjeld dette Bergensområdet («ungdomsbillettområdet»). Dette inneber i praksis at elevar i vidaregåande skole som har adresse innanfor «ungdomsbillettområdet» og oppfyller avstandsvilkåret for skoleskyss som hovudregel ikkje får innvilga gratis skoleskyss og må kjøpe 30-dagars ungdomsbillett sjølv. Dette gjeld og med omsyn til skyss til/frå utplassering/praksisplass. Sjå www.skyss.no/reise/skoleskyss for meir informasjon om bruk av ungdomsbillett til skoleskyss. Her finst også kart over «ungdomsbillettområdet».

Skoleskyss som blir utført av Skyss skal primært gjennomførast som del av den ordinære kollektivtrafikken.

1. KVA GIR RETT PÅ GRATIS SKOLESKYSS?

1.1 Avstand mellom heim og skole

Opplæringslova § 7-2
Elevar i vidaregåande skole som bur seks kilometer eller meir frå skolen, har rett til gratis skyss eller full skyssgodtgjersle.

Kommentar
Avstandsgrensa på 6 km er absolutt. Det er ikkje rom for å utøve skjønn med omsyn til avstanden.

Ved oppmåling av avstand nyttar Skyss digitale geografiske kart. Kartgrunnlaget og vegdata kjem frå Kartverket ( Skyss) og Fylkesatlas (Kringom). Private oppmålingar med til dømes bil og GPS blir ikkje vektlagt i klagesaker.

Avstanden mellom heim og skole vert målt langs kortaste gangbare veg rekna frå dør til dør. Dersom det er fleire inngangsdører eleven kan bruke på skolen, skal avstanden målast til den døra eleven brukar mest.

Med gangbar veg meiner vi vegar som ikkje er skilta forbode for gåande. I tillegg til offentleg veg, blir også gangvegar, stiar og private vegar som er open for allmenn ferdsel rekna som gangbar veg. Det avgjerande er om vegen er som open for gåande.

Unntak frå retten til fri skoleskyss – «ungdomsbillettområdet»
I medhald av forskrift til opplæringslova § 10-3 har Statsforvaltaren i Vestland gitt dispensasjon til tidlegare Hordaland fylkeskommune om regelen til gratis skoleskyss etter § 7-2 i opplæringslova i dei områda av fylket der det er eit tilfredsstillande kollektivtilbod på fritida. For Vestland fylkeskommune gjeld dette Bergensområdet («ungdomsbillettområdet»).

Dette inneber i praksis at elevar i vidaregåande skole som har adresse innanfor «ungdomsbillettområdet» og oppfyller avstandsvilkåret for skoleskyss, som hovudregel ikkje får innvilga gratis skoleskyss og må kjøpe 30-dagars ungdomsbillett sjølv. Dette gjeld også elevar som ikkje enno er fylt 16 år. Elevar som er fylt 21 år på søknadstidspunktet og som oppfyller vilkåra i § 7-2 har likevel rett på gratis skoleskyss sjølv om dei bur innanfor «ungdomsbillettområdet».

Sjå www.skyss.no/reise/skoleskyss for meir informasjon om bruk av ungdomsbillett til skoleskyss. Her finst også kart over «ungdomsbillettområdet».

1.2 Særleg trafikkfarleg skoleveg

Elevar som har ein avstand på mindre enn 6 km frå bustad til skole eller mindre enn 3 km frå bustad til påstigningsstad, har ikkje rett til gratis skyss eller full skyssgodtgjersle sjølv om dei grunngjev søknaden med særleg farleg skoleveg. Etter opplæringslova er det berre grunnskoleelevar som har rett på skyss grunna særleg farleg skoleveg.

1.3 Skyss med båt

Opplæringslova § 7-2

Når det er nødvendig, har elevar rett til gratis båttransport utan omsyn til reiselengda.

Kommentar
Gangavstand til haldeplass/oppsamlingsplass på 3 km gjeld også ved båttransport.

Søknad om privat skyss med båt skal skulen/føresette sende til Skyss, som fattar vedtak i saka. Skyss har avgjerdsmynde i saker vedkomande privat båttransport. Reglane om «ungdomsbillettområde» gjeld også med omsyn til båttransport.

1.4 Skyss for elevar med varig funksjonshemming

Opplæringslova § 7-3

Elevar som på grunn av funksjonshemming eller mellombels skade eller sjukdom har behov for skyss, har rett til det uavhengig av avstanden mellom heim og opplæringsstaden.

Kommentar
Det må vere funksjonshemminga eller sjukdomen som gjer at eleven har behov for skoleskyss. Omgrepet «funksjonshemming» vil kunne omfatte både varige fysiske og psykiske funksjonsvanskar.

Skyssbehovet må vere dokumentert med legeerklæring eller erklæring frå behandlande psykolog. Erklæringa må innehalde diagnose og skildring av eleven sin evne til å handtere reisa mellom heim og skole. Skildringa må seie noko om:

• Grunnen for kvifor eleven treng skyss
• Kva slags type skyss eleven treng (buss, privatskyss (utført med eige transportmiddel), drosje/tilrettelagt skyss)
• Tidsrom for når eleven treng skyss (veker, månader, år)

I særskilte tilfelle kan Skyss be om vurdering utover dette, til dømes av PP-tenesta. Mangelfull erklæring frå lege/behandlande psykolog kan resultere i lengre saksbehandlingstid – og i enkelte tilfelle avslag på søknaden.

Den fylkeskommunale legenemnda beståande av spesialistar innan allmennmedisin vil kunne vurdere legeerklæringa, og vurdere eleven sitt transportbehov.

Alle elevar skal i utgangspunktet nytte kollektivtransport i samband med skoleskyss, og behov for tilrettelagt skoleskyss med drosje/privat skyss utført med eige transportmiddel må vere dokumentert gjennom legeerklæring eller erklæring frå behandlande psykolog.

Skoleeigar har ansvaret for følgjeperson, dersom eleven har behov for det.

1.5 Skyss for elevar med mellombels skade/sjukdom

Opplæringslova § 7-3

Elevar som på grunn av funksjonshemming eller mellombels skade eller sjukdom har behov for skyss, har rett til det uavhengig av avstanden mellom heim og opplæringsstaden.

Kommentar
Mellombels skoleskyss blir brukt når eleven har ein skade eller ein sjukdom, og det er naudsynt med transport mellom heim og skole i ein kortare periode (maksimalt 8 veker).

Skyssbehovet må vere dokumentert med legeerklæring eller erklæring frå behandlande psykolog. Erklæringa må innehalde diagnose og skildring av eleven sin evne til å handtere reisa mellom heim og skule. Skildringa må seie noko om:

• Grunnen for kvifor eleven treng skyss
• Kva slags type skyss eleven treng (buss, privatskyss (utført med eige transportmiddel), drosje/tilrettelagt skyss)
• Tidsrom for når eleven treng skyss (veker, månader, år)

Alle elevar skal i utgangspunktet nytte kollektivtransport i samband med skoleskyss, og behov for tilrettelagt skuleskyss med drosje/privat skyss utført med eige transportmiddel må vere dokumentert gjennom legeerklæring eller erklæring frå behandlande psykolog.

Skoleeigar har ansvaret for følgjeperson, dersom eleven har behov for det.

1.6 Vaksne med rett til vidaregåande opplæring

Rundskriv Udir-2-2008

Vaksne elevar som er tatt inn på vidaregåande skole gjennom ordinært inntak, har rett til skoleskyss på lik linje med andre elevar.

Vaksne som er tatt inn på vidaregåande skole med heimel i opplæringslova § 4A-3 (tilbod spesielt organisert for vaksne), har ikkje rett på skyss.

Elevar som tek kurstilbod på ein vidaregåande skole har ikkje krav på skyss eller godtgjering.

Kommentar
Vaksne som er tatt inn i vidaregåande skole på særskilte vilkår, til dømes attføring eller går på særskilte linjer spesielt oppretta for vaksne, har ikkje rett på skyss. Desse fell utanfor skyssansvaret etter opplæringslova.

1.7 Yrkes- og studiekompetanse, YSK

Elevar ved yrkes- og studiekompetanse, YSK, har rett til skoleskyss til den teoretiske delen ved skolen.

Dei to første åra har eleven rett til gratis skyss eller skyssgodtgjersle også når dei er i praksis. Dette gjeld til praksis både i helgar, feriar og fridagar.

Dei to siste åra er dei lærlingar med lærekontrakt og har såleis ikkje rett på gratis skyss eller skyssgodtgjersle.

1.8 Oppfølgingstenesta

Elevar som er knytt til Oppfølgingstenesta blir rekna som ordinære elevar etter §§ 7-2 og
13-4.

2. ELEVGRUPPER SOM IKKJE HAR SKYSSRETT

2.1 Lærlingar, praksisbrevkandidat og lærekandidat

Opplæringslova § 4-1

Lærlingar, praksisbrevkandidat og lærekandidat vert ikkje definert som elev og har difor ikkje rett til skyss etter opplæringslova.

Kommentar
Unnataket er elevar som får sluttopplæring på skole og ikkje i bedrift, og framstiller seg til fag- eller sveineprøve som elev. Desse har rett til skoleskyss som andre elevar etter gjeldande reglar.

2.2 Hospitantar

Elevar som etter avtale mellom ungdomsskule/rehabiliteringsteam/behandlingsinstitusjon og elev/føresette hospiterer i den vidaregåande skole i eitt år før vidaregåande opplæring startar opp, har ikkje rett på skoleskyss etter opplæringslova.

3. ELEVEN SIN HEIM

3.1 Adresse

Rundskriv Udir-2-2019

Elevar har rett til skyss til og frå sin heim dersom vilkåra for skyss elles er oppfylt. Eleven sin heim er i utgangspunktet den adressa eleven står oppfør med i folkeregisteret. Ved delt bustad kan begge føresette sin bustad vere eleven sin heim. Asylmottak, fosterheim og avlastningsheim kan også bli rekna som eleven sin heim.

3.2 Delt bustad

Rundskriv Udir-2-2019

Elevar som har delt bustad vil vere folkeregistrert på ei adresse sjølv om dei deler tida mellom to heimar. For å ha rett til gratis skoleskyss, må eleven sitt opphald vere ei rimeleg fast, planlagt og regelmessig ordning, ikkje improvisert enkeltbesøk. Det er ikkje eit krav om at eleven bur like mykje i kvar heim, men det avgjerande er at eleven faktisk bur to stadar.

Der eleven har delt bustad og dagleg skyss til ein av heimane ikkje vil vere forsvarleg, må føresette enten sjølve ordne skyss, revurdere eleven sin busituasjon eller innlosjere eleven.

Elevar med to heimar vil kunne ha rett til skyss til og frå begge heimane, sjølv om den eine heimen ligg i ein annan kommune eller i eit anna fylke enn skolen eleven går på.

Kommentar
For å ha rett til skyss frå begge bustader må vilkåra for skyssrett i opplæringslova vere oppfylt (§§ 7-2 og 7-3) for begge adressene.

Skyss er ansvarleg for å organisere eit forsvarleg skysstilbod. Vurdering av om eleven har rett til skyss, kva som er akseptabel reisetid og kva som er forsvarleg skyss vil bli gjort sjølvstendig og konkret for begge heimane. Dersom ein av dei føresette bur slik til at dagleg skyss ikkje kan organiserast innanfor akseptabel reisetid og kan reknast for samfunnsøkonomisk forsvarleg, vil eleven ikkje ha rett til gratis skyss til og frå denne heimen.

Rett til skyss frå begge føresette vert godkjent når det ligg føre ein signert avtale av begge føresette der fordelinga av samværet er beskrive. Mellombels endringar frå den faste planen gjev ikkje rett på skyss.

Bur eleven i to fylke er det fylket der eleven er folkeregistrert i som er ansvarleg for eleven og kostnader knytt til skuleskyssen.

3.3 Hybel

Dersom eleven bur på hybel blir denne rekna som eleven sin bustad. Heimreiser til føresette sin bustad i helgar, feriar eller fridagar blir ikkje dekka.

3.4 Fosterheim

Rundskriv Udir-2-2019

Elevar i fosterheim har rett til gratis skoleskyss mellom fosterheimen og skulen dersom opplæringslova §§ 7-2 eller 7-3 er oppfylt. I så tilfelle er det den fylkeskommunen der eleven budde då plasseringa i fosterheim blei vedteke som er ansvarleg for skyssen.

Dersom eleven ikkje kan nytte offentleg kollektivtransport må skyssmiddel avklarast i samarbeid mellom heimfylket og fylket der eleven bur.

3.5 Avlastningsheim

Rundskriv Udir-2-2019

Avlastningsheimen vert rekna for eleven sin heim dei dagane eleven er i avlasting.

Kommentar
Det er berre avlastning godkjent av kommunen etter enkeltvedtak som gir rett på gratis skoleskyss, når vilkåra for dette er oppfylt. Kopi av enkeltvedtaket om avlastning må leggjast ved søknaden om skyss til/frå avlastningsheimen.

3.6 Mellombels bustad utanfor heimen/fleire bustader i løpet av året

Rundskriv Udir-2-2019

Elevar som i ein særskilt situasjon mellombels må bu utanfor heimen, har rett til å fortsette på den skolen eleven går på. Dette betyr at born som i særskilte situasjonar mellombels bur utanfor heimen vil ha rett til skyss dersom vilkåra for skyss er innfridde. Dette gjeld også om mellombels bustad er i ein annan kommune/fylke. Retten til skyss vil ikkje gjelde private ordningar som ikkje kjem av offentleg vedtak.

Uforsvarleg lang reisetid kan likevel føre til at eleven må byte skole ved mellombels flytting.

I tilfelle der eleven bur mellombels utanfor heimen må det bli tatt omsyn til at eleven er i ein vanskeleg livssituasjon. Involverte instansar bør av omsyn til eleven vere fleksible og ha evne til å ta raske avgjersler.

Kommentar
Døme på mellombels bustad kan vere mellombels opphald på krisesenter, barnevernsinstitusjon, helseinstitusjon eller opphald i mellombels avlastnings-/fosterheim.

Bustad utanfor heimen som skuldast andre meir «frivillige tilhøve» som t.d. oppussing/utleige av heimen, gir ikkje rett til gratis skoleskyss. Utgifter til skuleskyss grunna mellombels bustad utanfor heimen grunna brann, vannskade eller liknande dekkast ikkje av opplæringslova sine føresegner.

Ved barnevernssaker (vedtak om at eleven skal bu på korttidsinstitusjon eller i midlertidig fosterheim) har det statlege eller kommunale barnevernet som har fatta vedtaket ansvar for meirkostnader ved skyss fram til barnet har fått ein meir permanent bustad.

Elevar som har fleire faste bustader i løpet av skuleåret (til dømes dersom heimen driv turistbedrift med sesongdrift, stølsdrift), har rett på skyss dersom vilkåra for å få skyss elles er oppfylt. Har bustaden funksjon som ferie- eller fritidsbustad, har elevar ikkje rett på skyss.

3.7 Elevar på institusjon

Opplæringslova § 13-3a, Rundskriv Udir-2-2019

Elevar på institusjon har rett til gratis skoleskyss dersom vilkåra elles er oppfylt. Fylkeskommunen der institusjon ligg, er ansvarleg for vidaregåande opplæring og eventuell skoleskyss. Dette gjeld institusjonar som er eigd av eit regionalt helseføretak og private institusjonar som har avtale med regionale helseføretak.

3.8 Heimreise i helgar for funksjonshemma internatelevar

For funksjonshemma elevar som bur på internat dekkjer Skyss inntil 6 heimreiser pr. skoleår. Det er ein føresetnad at eleven nyttar det rimelegaste kollektive transportmiddelet.

Dersom opphaldet ved skulen berre omfattar deler av skoleåret blir talet på heimreiser avkorta tilsvarande.

3.9 Asylmottak

Opplæringslova § 3-1

Elevar som bur i asylmottak har rett til fri skoleskyss etter opplæringslova §§ 7-2, 7-3 og 7-4 når eleven mottek vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1. Asylmottaket blir rekna som eleven sin heim.

4. ELEVEN SIN SKOLE/OPPLÆRINGSSTAD

4.1 Undervisning utanfor skolen sitt område

Skyss av elevar i skoletida mellom ulike undervisningsstadar, som til dømes køyring til gymnastikk og symjeundervisning, fell utanfor Skyss sitt skyssansvar. Det same gjeld transport i samband med utflukter, ekskursjonar, teoriundervisning, spesialpedagogiske tiltak som vert lagt utanfor skolen, og liknande. Den enkelte skole må organisere og finansiere denne skyssen.

4.2 Obligatorisk utplassering/praksis

I dei tilfella arbeidspraksis eller utplassering av elevar er ein obligatorisk del av undervisninga blir skyss dekka etter same reglar som for skyss mellom heim og skole. Reglane om Ungdomsbillett gjeld også med omsyn til skyss til/frå utplassering/praksis.

Det er ein føresetnad at praksisstaden er i Vestland fylke. Unntak for elevar som bur i grenseområde til andre fylke. Dei kan få dekka reiseutgifter til praksisstad i nabofylke dersom reiseavstanden er forsvarleg for dagleg skyss.

Kommentar
Elevar som må bu vekke i samband med praksis kan få godtgjering for dagleg skyss mellom bustad på praksisstad og praksisplassen når avstanden er 6 km eller meir. Reisa til bustad på praksisstad blir ikkje dekka, med mindre det kan dokumenterast at det ikkje er mogeleg for eleven å få praksisplass nærmare heimen. Skyss vil i slike tilfelle dekke ein tur/retur pr. praksisperiode.

Det er ein føresetnad at elevar som får dekka skyss i samband med obligatorisk utplassering/praksis nyttar det rimelegaste kollektive transportmiddel. Ved krav om refusjon skal kvitteringar leggjast ved. Refusjonskrav utan kvittering vil ikkje bli utbetalt.

4.3 Skyss til friskolar (private vidaregåande skolar)

Friskolelova § 3-7, Opplæringslova § 3-1

Elevar ved friskolar som mottek statsstøtte har rett til skyss etter reglande i opplæringslova §§ 7-2, 7-3 og 7-4. Privatskolar utan statsstøtte er ikkje omfatta av retten til skoleskyss.

For elevar i vidaregåande skolar gjeld retten til skyss, reisefølgje og tilsyn berre innanfor fylkeskommunegrensa i den fylkeskommunen der eleven bur.

4.4 Skoleplass i anna fylke

Opplæringslova § 7-2, Forskrift til opplæringslova §§ 10-1 og 19-2

Reglementet gjeld og for elevar heimehøyrande i Vestland som går på skole i andre fylke dersom ein av følgjande føresetnader er oppfylte:

a) Eleven går på ei line som det ikkje er tilbod om i Vestland
b) Eleven får ikkje skoletilbod/praksisplass i Vestland
c) Eleven går på skole utanom fylket etter avtale mellom Vestland fylkeskommune og vedkomande fylke (gjesteelev)
d) Eleven, som på dokumentert grunnlag frå lege, tek utdanning i anna fylke

Ein gjesteelev er i § 19-2 i forskrift til opplæringslova definert som elev som er tatt inn til eit vidaregåande skoletilbod i eit fylke der eleven ikkje er folkeregistrert pr. 1. januar det året kurset startar. Folkeregistrert adresse pr. 1. januar er avgjerande for kva for eit fylke som har økonomisk ansvar for skoleplass og skoleskyss det komande skoleåret dersom det ikkje føreligg særskilte avtalar mellom fylkeskommunane.

Kommentar
Eleven er sjølv ansvarleg for å sende søknad om skoleskyss/skyssgodtgjersle til fylkeskommunen. Eleven må legge ved stadfesting frå opplæringsavdelinga på at skoleplass i anna fylke er innvilga.

Fylkeskommunen har ikkje ansvar for skyss når eleven sjølv vel vidaregåande opplæring i eit anna fylke dersom fylkeskommunen gir tilsvarande tilbod.

Elev heimehøyrande i andre fylke som har gjeste-elevplass eller som av «eigen fri vilje» går på skole i Vestland, må søkje skyssrefusjon frå heimfylket.

Skyssretten gjeld berre mellom hybel/internat og skule når avstanden er 6 km eller meir.

4.5 Opphald på kompetansesenter

Reiseutgifter i samband med opphald på kompetansesenter blir dekka av Skyss etter rimelegaste kollektive reisemåte.
Eleven må på førehand søkje om å få dekka reiseutgiftene.

4.6 Landslinje og statlege vidaregåande skolar

Opplæringslova §§ 7-2 og 13-4 og Forskrift til opplæringslova

Elevar som tar vidaregåande utdanning ved statlege vidaregåande skolar eller landslinjer har rett på skyss mellom heim (hybel/internat) og skole etter dei same retningslinjene som andre elevar. Reiseutgifter blir dekka etter rimelegaste kollektive reisemåte.

5. TILRETTELAGT SKYSS

5.1 Generelle reglar

I særskilte tilfelle kan Skyss godkjenne tilrettelagt skyss til/frå skolen. Vilkår for å kunne søke om tilrettelagt skyss er:

• Manglande offentleg rutetilbod
• Strekninga mellom heim og offentleg skyssmiddel er over 3 km (sidevegsskyss)
• Behov for skyss på medisinsk grunnlag (grunna mellombels eller varig funksjonshemming/sjukdom)

Det er Skyss som skal innvilge og organisere tilrettelagt skyss. Det kan gjelde heile eller deler av skolevegen.

Ved manglande offentleg rutetilbod kan Skyss velje anten å organisere eit tilrettelagt skysstilbod eller å gi full skyssgodtgjersle til eleven/føresette (sjå kap. 6 for nærmare omtale).

Kommentar
Tilrettelagt skyss inneber at det blir organisert eit tilrettelagt skysstilbod til eleven, t.d. med drosje. Skoleskyss utført med drosje erstattar rutegåande transport, og er ikkje ei bestillingsdrosje der hentetider kan endrast etter behov – dette gjeld også skyss på medisinsk grunnlag.

Føresetnader for tilrettelagt skuleskyss:
• Transportør som utfører tilrettelagt skoleskyss på vegne av Skyss kan sette føringar for hente- og leveringstider
• Skyssretten gjeld berre mellom heim og skole
• Elevar må rekne med å bli henta/levert på ein oppsamlingsplass der dette er mogeleg

For elevar som har fått innvilga tilrettelagt skyss kan foreldre/føresette søke om å utføre dette som eigentransport med refusjon (sjå kap. 5.3 for nærmare informasjon om privat skyss).

5. 2 Eleven sine rettar og plikter i samband med tilrettelagt skyss

Skyssretten er avgrensa til skolen sine ordinære start- og sluttider. Elevar som har innvilga skyss på medisinsk grunnla kan få skoleskyss til tilrettelagt timeplan om behovet er dokumentert og timeplanen er fast.

Elev/føresette/skule gjer avtale med transportøren om faste hente- og bringetider med utgangspunkt i dei ordinære start- og sluttidene. Elevar har ikkje rett til å bli henta til uregelmessige tider. Dette gjeld til dømes skoleavslutningar, eksamen og liknande.

Eleven må vere klar til avtalt tid. Grunna køyreplan og samkøyring kan transportør køyre vidare dersom eleven ikkje er klar til avtalt tid.

Transportøren kan legge opp køyreruta slik at eleven kan kome til skolen inntil 15 minutt før starttid og bli henta på skolen inntil 15 minutt etter siste time. Det kan bli gjort unntak frå dette dersom det er dokumenterte medisinske årsaker som krev ekstra tilrettelegging.

All skoleskyss er i utgangspunktet samordna. Dette gjeld også den tilrettelagte skyssen. Dette medfører at eleven kan få ekstra køyretid som følgje av slik samordning. Det kan også oppstå forseinkingar på inntil 15 minutt grunna trafikale forhold.

Transport mellom skole og medisinsk behandling er ikkje å rekne som skoleskyss. Dette er helseføretaka sitt ansvarsområde.

Henting utanom fastsette hentetider i samband med akutt sjukdom fell utanfor retten til skoleskyss etter opplæringslova.

5.3 Privat skyss (avtale om skoleskyss utført med eige transportmiddel)

For elevar som har fått innvilga tilrettelagt skyss kan ein søke om å utføre dette som eigentransport etter refusjon. Dersom ein slik søknad blir godkjent blir køyringa godtgjort etter gjeldande refusjonssatsar. I dei tilfella der privat skyss blir godtkjent skal det sendast inn refusjonskrav frå skyssutøvar ein gang pr. halvår. Refusjon for faktisk utført skyss blir utbetalt etterskotsvis etter at skolehalvåret er avslutta. Refusjonsskjema og informasjon om satsar for refusjon finn ein på www.skyss.no/reise/skoleskyss.

Skyss refunderer berre forhandsgodkjent privat køyring. Søknader som vert sendt inn etter skolestart blir godtgjort frå den datoen søknaden er sendt inn, dersom søknaden blir godkjent. Det er viktig at skolane overheld informasjonsplikta til dei føresette om rettane til skoleskyss.
Skyssutøvar som utfører privat skyss og køyrer eins ærend får dekka reise både tur og retur.

6. REFUSJON AV UTGIFTER VED MANGLANDE SKYSSTILBOD (SKYSSGODTJERING)

Forskrift til opplæringslova § 10-1, Rundskriv Udir-3-2011

Fylkeskommunen kan velje om elven skal få gratis skyss eller full skyssgodtgjering.

Eleven har rett til full skyssgodtgjering i dei tilfella fylkeskommunen ikkje gir tilbod om gratis skyss.

Ved bruk av privat bil, skal skysskostnadane bli dekte etter satsane for dekning av utgifter ved reise for undersøking og behandling. Eventuelle naudsynte kostnader som er større enn det satsen dekkjer, må dokumenterast. Slike kostnader kan mellom anna vere betaling av bompengar og ferjeturar.

Kommentar
Når eleven har rett på skyss, men ikkje har eit tilgjengeleg og akseptabelt reisetilbod, kan Skyss anten velje å organisere eit tilrettelagt skysstilbod eller å gi full skyssgodtgjersle til eleven/føresette. Skyss har avgjerdsmynde i slike saker.

Eleven får dekka skyss etter rimelegaste kollektive reisemåte eller bruk av eige transportmiddel. Utgifter utover dette må vere godkjent av Skyss på førehand.

Alle utgifter utover kilometergodtgjering må dokumenterast. Dokumentasjonen skal kontrollerast av skulen. Berre dokumenterte utgifter blir refundert.

For alle refusjonar av utgifter til skuleskyss skal refusjonsskjema nyttast (sjå www.skyss.no/reise/skoleskyss)

7. SKYSSTANDARD OG REISETID

7.1 Organisering av skysstilbod

Skyss skal organisere eit skyssopplegg som er rasjonelt og økonomisk forsvarleg. All skoleskyss er i utgangspunktet samordna. Dette gjeld også den tilrettelagde transporten.

Retten til skyss gjeld til skolen sine ordinære start- og sluttider, og ikkje til dømes ved fritak frå enkelttimar, heildagsprøve, tentamen, eksamen og skoleavslutning.

Skyss avgjer om skyss av fleire elevar skal samordnast. Endringar av skyssløysing kan difor bli sett i verk på kort varsel.

7.2 Akseptabel gangavstand til transportmiddel

Merknader frå Ot.prp. nr. 46 (1997-98), Rundskriv Udir-2-2019

Skyssretten er knytt til strekninga mellom heim og skole. Eleven må pårekna å måtte ta seg fram ein rimeleg distanse til ein oppsamlingsplass.

Elevar som får skyss på grunn av funksjonshemming, midlertidig skade eller sjukdom vil normalt ha krav på skyss frå sjølve heimen.

Kommentar
Skyss legg til grunn ein gangavstand på inntil 3 kilometer til haldeplass/oppsamlingsplass. Elevar som har lengre gangavstand enn dette til haldeplass/oppsamlingsplass kan søkje om tilrettelagt skyss på denne strekninga (sidevegsskyss). Det er ein føresetnad at vilkåra om avstand i opplæringslova § 7-2 er oppfylt.

Kilometergrensene for sidevegskyss er rettleiande og i vurderinga av søknaden blir desse momenta vektlagt:
• Avstand
• Samla reisetid (gangtid, ventetid og tid med transportmiddel)
• Framkomst på veg (til dømes skilnad mellom vinter- og sommarføre)
• Kostnad ved tilrettelagt skyss

7.3 Akseptabel reisetid

Opplæringslova § 7-2, Merknader frå Ot.prp. nr. 46 (1997-1998) kapittel 31 til § 7-2

Skoleskyssen må organiserast på ein slik måte at elevane får ei akseptabel reisetid.

Målsettinga er at samla reise- og ventetid skal vere kortast mogleg, samtidig som ein tek omsyn til at ein får ei rasjonell og økonomisk god organisering av skoleskyssen.

Kommentar
Det er ikkje sett maksimale reisetider for skoleskyss i lovverket og elevane må akseptere ei viss reisetid i samband med skoleskyssen.
I vurdering av forsvarleg reisetid blir det i tillegg til samla reisetid lagt vekt på følgjande moment:
• Kvar eleven må vente (på skolen, ute, i venterom)
• Kor stor del av reisetida som er på transportmiddel
• Rasjonell og samfunnsøkonomisk organisering av skyssen

Elevar med lang avstand mellom heim og skole må rekne med lengre samla reisetid. Ekstraordinær kostbare skyssordningar og skyssordningar med ikkje akseptable reisetider, kan medføre at dagleg skyss ikkje blir forsvarleg.

7.4 Reisefølgje og tilsyn

Opplæringslova §§ 7-4, 9A-3 og 13-4, Ot.prp. nr. 46 (1997-1998) kapittel 31, Merknader til Opplæringslova § 7-4, Rundskriv Udir-2-2019

Elevar som har behov for tilsyn/følgje i samband med transport til og frå skole, har krav på dette. Skolen må dekkje alle kostnadene knytt til tilsynet eller følgjet, til dømes løn og reiseutgifter for den som følgjer eleven. Dette gjeld også dersom eleven kan gå til skolen med følgje.

Eleven har rett til nødvendig tilsyn når det blir ventetid før undervisninga startar og etter at undervisningstida er avslutta. Skolen har ansvar for tilsynet.

Kommentar
Søknad om reisefølgje og tilsyn må sendast til skolen.
Tilsyn i samband med skoleskyssen er oftast aktuelt for elevar med skyss på medisinsk grunnlag.

Elevar som treng hjelp til klargjering før eller etter skyss (på- og avkleding, hjelp i trapper, oppgangar eller gardsplass) må få dette av føresette eller tilsette ved institusjon/eleven sin bustad/skole.

Elevar som kan ha trong for medisinering undervegs i transporten, må ha med følgje.

Transport av reisefølgje gjeld på same strekning som eleven. Dersom skolen ønskjer ekstra transport utover dette må det avtalast særskilt med transportør, og skolen vil vere ansvarleg for meirkostnadane. Reglane om reisefølgje og tilsyn gjeld også for elevar i friskolar med til dømes lang/vanskeleg reiseveg og som må byte transportmiddel.

7.5 Innlosjering

Opplæringslova § 7-2

Fylkeskommunen skal hjelpe til med å skaffe losji for elevar i vidaregåande skole som bur slik til, eller som har så lang veg, at dei ikkje kan nytte dagleg skyss til skolen. Om nødvendig skal fylkeskommunen byggje elevheim.

8. SAMORDNING

8.1 Generelle reglar

Opplæringslova § 13-4, Marknader frå Ot.prp. nr. 46 (1997-1998) kapittel 31 til § 13-4

Der det er høveleg og hensiktsmessig (økonomisk gunstig) skal det vere felles ruter for ordinære passasjerar, elevar i grunnskolen og elevar i den vidaregåande skolen. Kravet til samordning gjeld òg for funksjonshemma og mellombels skada eller sjuke elevar.

Skolane skal i størst mogeleg grad samordne årsplanane og tidene for skolestart og skoleslutt, oppstart og avslutning av skoleåret, fridagar og feriar for å avgrense tal køyredagar. Dersom ein skole avvik frå den samordna årsplanen utan at dette er samordna med andre skolar i same skyssregion, kan dette få konsekvensar for skoleskyssen.

Den enkelte skole må vere i dialog med Skyss ved ønskje om endring i start- og/eller sluttid tidlegast mogleg, men seinast innan 1. mars. Endringar etter fristen kan få konsekvensar for skoleskyssen, til dømes i form av lengre ventetid for elevane.

8.2 Informasjonsplikt

Skolane og fylkeskommunen har plikt til å informere elevane om deira skyssrettar.

9. REGLAR FOR BRUK AV SKOLESKYSSBEVIS

9.1 Generelle reglar

Alle elevar som blir innvilga gratis skoleskyss, og som nyttar offentleg transport, får tildelt ein skoleskyssbillett for buss (ev. andre transportmiddel som båt, tog, ferje).

Skoleskyssbillettane er tilpassa skoleruta og gjeld med følgjande avgrensingar:

  • Skoleskyssbilletten er gyldig mellom heimen og opplæringsstaden
  • Skoleskyssbilletten kan nyttast til 2 reiser pr. skoledag med ev. omstiging
  • Skoleskyssbilletten er ikkje gyldig i helger, feriar og fridagar
  • Skoleskyssbilletten gjeld for maksimalt 190 skoledagar

Skoleskyssbilletten er personleg, og kan ikkje brukast av andre, eller på andre strekningar enn mellom heim og opplæringsstad.

Skolen skal deaktivere elevar sin skoleskyss dersom eleven sluttar, flyttar eller av andre grunnar går ut av skyssordninga midt i skoleåret. Elevar som går ut av skyssordninga må levere inn fysisk skoleskyssbillett til skolen.

Kommentar
Skoleskyssbilletten kan ikkje nyttast for til dømes reiser til og frå fritidsaktivitetar eller til andre stader enn mellom heim og opplæringsstad.

Skolane blir fakturerte persontakst for skoleskyssen til elevane etter reglar i opplæringslova § 13-4. Fakturering blir gjort ut i frå når det meldast i frå om at eleven går ut av skyssordninga. Ein kan altså ikkje melde ut med «tilbakeverkande kraft».

9.2 Tap og feil på skoleskyssbillett

Ved tap eller feil på skoleskyssbillett gjeld følgjande:

  • Melding om feil, tapt eller øydelagd skoleskyssbillett skal snarast meldast via skolen til Skyss
  • Ved fysisk billett vil eleven få utlevert ny skoleskyssbillett på skolen
  • Fysisk skoleskyssbillett som er meldt tapt blir sperra og kan ikkje brukast seinare

9.3 Misbruk

Ved misbruk eller ugyldig skoleskyssbillett vert den reisande sanksjonert i tråd med transportvedtektene.

Kommentar
Sjå https://www.skyss.no/billett-og-pris/transportvedtekter/ for meir informasjon om transportvedtekter.

10. VEDTAK OG KLAGERETT

Forvaltningslova § 28, Opplæringslova § 15-2

Vedtak om skoleskyss er eit einskildvedtak etter forvaltningslova.

Vedtaket om fri skoleskyss kan klagast på av part eller dei med rettsleg klageinteresse. Frist for å klage er tre veker rekna frå den dagen eleven får melding om vedtaket.

Ei eventuell klage skal sendast til Vestland fylkeskommune ved Skyss, som vil handsame saka på nytt. Dersom vedtaket blir oppretthald og ikkje gjort om av Skyss, blir saka sendt vidare til den fylkeskommunale klagenemnda som fattar endeleg vedtak.

Elevar og føresette har plikt til å gi skulen og fylkeskommunen den informasjon som er naudsynt for at det kan fattast vedtak om skoleskyss. Dersom eit vedtak er gjort på openbart feil grunnlag, kan fylkeskommunen gjere om vedtaket, jf. forvaltningslova sine føresegner.
Klageretten gjeld vedtak om retten til skoleskyss og organiseringa av skoleskyssen.