Vil du bli sjåfør
Ønsker du å søke jobb som bussjåfør, bybaneførar, eller som mannskap på båt eller ferje? Sjå korleis du kjem i kontakt med trafikkselskapa her.
I Skyss får du vere med på å påverke kvardagen til folk som bur i Vestland. Vi har eit komplekst samfunnsoppdrag som krev at vi har mange ulike fagfolk på laget vårt.
Skyss er eit kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk. Vi står bak det offentlege tilbodet med buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylke, og vi vidareutviklar mobilitetstenester. Vi er stolte av å vere ein av landets leiande mobilitetsaktørar. Skyss går i tet med å ta i bruk ny teknologi for meir berekraftig mobilitet.
Vi har om lag 100 engasjerte tilsette med bakgrunn frå mellom anna juss, økonomi, pedagogikk, marknadsføring, leiing, rådgiving, statsvitskap, geografi, ingeniørfag og informatikk. Dette gir oss kunnskapsrike team med brei kompetanse, og mykje tverrfagleg samarbeid både internt og eksternt.
Skyss har ledig ei prosjektstilling som rådgjevar, tilknytt ei faggruppe for strategisk vidareutvikling av mobilitetstilbodet. Vi treng deg som evnar å tenke heilskapleg og strukturert inn i eit større prosjekt knytt til båttilbodet i fylket. Du har god prosessforståing, er ein pådrivar og får andre med deg heilt i mål.
Les meir og søk på stillinga her (webcruiter.no)
Søknadsfrist: 12.05.2024
Ønsker du å søke jobb som bussjåfør, bybaneførar, eller som mannskap på båt eller ferje? Sjå korleis du kjem i kontakt med trafikkselskapa her.