Hopp til hovedinnald

For å finne pris brukar du ferjepriskalkulatoren på autopassferje.no.

Denne har informasjon om alle ferjesamband, og lar deg enkelt finne pris avhengig av kva type køyretøy og kva type billett (avtaleform) du har. 

Gå til ferjepriskalkulator

  • Vel samband i nedtrekksmenyen med ferjesamband.
  • Vel type køyretøy - anten konvensjonell (bensin/diesel/hybrid) eller nullutslepp(elektrisk/hydrogen).
  • Vel type billett - fullpris, AutoPASS-brikke utan forskotsavtale, forskotsavtale for privat eller forskotsavtale for bedrift.
  • Klikk på søk og du vil få opp prisane på valde samband.
  • Finn takstgruppa for køyretøyet ditt i oversikta (MC/moped eller lengd på køyretøyet).

Dersom ferjesambandet har fleire ulike strekningar, vil du få opp dei ulike strekningane og detaljar etter at du har valt samband.

Er du busspassasjer på Osterøyferja, vil ferja vere inkludert om du har  7-, 30- eller 180-dagars Skyss periodebillett.

Fleire ferjesamband i Vestland er gratis. Dette gjeld følgande samband:

  • Krokeide - Hufthamar 
  • Hisarøy - Mjånes
  • Barmen - Barmsund
  • Klokkarvik - Lerøy - Bjelkarøy - Hjellestad
  • Daløy - Haldorsneset
  • Fjelberg - Sydnes - Utbjoa
  • Kinsarvik - Utne
  • Fedje - Sævrøy
  • Masfjordnes - Duesund
  • Rysjedalsvika - Rutledal - Krakhella
  • Husavik - Sandvikvåg

I tillegg er det nokre delstrekningar på fleirkantsamband som også er gratis. Dette gjeld

  • Askvoll - Gjervik - Fure – Værlandet (Gjeld reisande til og frå Gjervik og Værlandet).
  • Jektevik - Nordhuglo – Hodnanes (Gjeld reisande til og frå Nordhuglo).
  • Måløy - Husevågøy – Oldeide (Gjeld reisande til og frå Husevågøy).
  • Gjermundshamn - Varaldsøy – Årsnes (Obs: Gjeld reisande til og frå Varaldsøy).

Dei fleste av våre ferjesamband i Vestland følger AutoPASS-regulativet. Du betalar berre for køyretøyet, passasjerar reiser gratis. Nokre få samband følger Riksregulativet. 

AutoPASS

For å få rabatt, gjer du følgande:  

  • Skaff deg ei AutoPASS-brikke hos eit bompengeselskap. Sjå kvar du kan bestille på www.autopass.no. Då får du 10 prosent rabatt på ferjereiser på samband som har betaling med AutoPASS-brikke.
  • Teikn ein "AutoPASS for ferje"-avtale på www.autopassferje.no og knyt AutoPASS-brikka til ferjeavtalen. Då får du 50 prosent rabatt (40 prosent rabatt for bedrifter).  På ferjesamband i Vestland som følger Autopass-regulativet får også nullutsleppsbilar inntil vidare framleis 50 prosent rabatt.  

AutoPASS-rabattordningar og prisar

Med AutoPASS-brikke og ferjeavtale (med forskotsbetaling) får du 50 prosent rabatt på køyretøyet (40 prosent rabatt for bedrift). Dersom du har AutoPASS-brikke i bilen, men ingen ferjeavtale, får du 10 prosent rabatt på køyretøyet. Dersom du ikkje har verken AutoPASS-brikke eller ferjeavtale, betalar du fullpris. El-bil (nullutsleppskøyretøy) har eigne prisar tilsvarande halv pris.

FerryPay – ingen rabatt, men enkel betaling

FerryPay er ei enkel betalingsløysing utan rabattar, og gjeld for køyretøy som ikkje har AutoPASS-brikke eller AutoPASS ferjeavtale. Registreringsnummeret på køyretøyet vert lest av ved ombordkøyring på ferja, og koplar dette opp mot FerryPay-avtalen din. Du betalar automatisk med kreditt-eller debetkort, og slepp å motta faktura med gebyr i posten. Du finn informasjon om løysinga på ferrypay.no

Osterøyferja (Breistein-Valestrand)
Er du busspassasjer på Osterøyferja, er ferja inkludert dersom du har Skyss periodebillett for 7-, 30- eller 180-dagar.

Riksregulativet

Nokre fylkeskommunale samband følger Riksregulativet for ferjetakst.  Dette er

  • Kaupanger-Frønningen (gjeld bil på bilførande båtar)
  • Vik-Ortnevik (gjeld bil på bilførande båtar)
  • Ortnevik-Måren-Nordeide (gjeld bil på bilførande båtar)
  • Florabassenget (gjeld bil på bilførande båtar)

På samband med Riksregulativet for ferjetakst er det betaling både for køyretøy og person.

For å få rabatt på desse sambanda må du ha AutoPASS-ferjekort.

AutoPASS

Riksregulativet

Riksregulativ for ferjetakstar

Ferjetakstar - Riksregulativet

Ferjetakster for nullutsleppskøyretøy - RiksregulativetRegulativa er forvalta av Statens vegvesen på vegne av Samferdselsdepartementet. Takstane vert vanlegvis oppdaterte ved årsskiftet. 

 

På dei fleste ferjesamband i Vestland reiser alle passasjerar gratis. På dei andre ferjesambanda kan du som er mellom 16 og 21 år bruke Ungdomsbilletten. Les meir om ungdomsbilletten her.

Forskrift om transport med ferje

Takk for at du hjelper oss å bli betre!

Fann du det du leita etter?

Du vil ikkje få svar på denne meldinga. Den er berre for å hjelpe oss å bli betre. Treng du hjelp kan du kontakte kontakte kundeservice her.

Du vil ikkje få svar på denne meldinga. Den er berre for å hjelpe oss å bli betre. Treng du hjelp kan du kontakte kontakte kundeservice her.