Kringom har blitt Skyss
No kan du reise med Skyss i heile Vestland. Bussbillettane har blitt betre og billegare for dei fleste i Sogn og Fjordane.

Velkommen til skyss.no. Den 20. juni blei Kringom til Skyss, og no er det her du finn alt du treng å vite om å reise kollektivt i Vestland.
Vi har samla viktig informasjon om alt som er nytt for deg som reiser med buss og båt i Sogn og Fjordane. For deg som reiser i Hordaland, er det ingen endringar.
Kringom.no er lagt ned, men informasjonen derifrå finn du på skyss.no.
Nye prisar og soner for buss
Prisar og soner
Den 20. juni fekk Vestland felles prisar og betalingssystem for buss.
Sogn og Fjordane blei delt inn i fire prissoner, og det er no billegare å reise for dei fleste. Ein enkeltbillett kostar 40 kroner for vaksen i éi sone, og prisen for ein 30-dagarsbillett for vaksen er 755 kroner for éi sone. Dette gjeld også for reiser med bybuss i Førde og Florø.
Innanfor ei sone betaler du same pris, uansett kor lang reisa er. Enkeltbillettar er gyldige i 90 minutt i ei sone, og blir gyldige i 30 minutt ekstra for kvar ny sone du betaler for.
Dersom du skal krysse éi eller fleire sonegrenser på reisa, vil billettprisen gå opp avhengig av kor mange sonegrenser du kryssar.
Du betaler aldri for meir enn fire soner, uansett kor langt du reiser med buss i Vestland.
Dei nye soneprisane gjeld på Skyss sine linjer og ikkje på ekspressbussar.
Sjå meir på sida om prissoner og sonekart.
Prisar
Her finn du alle prisar for reiser med buss i éi eller fleire soner. Prisane gjeld i Sogn og Fjordane frå og med 20. juni.
Reiser med Serviceskyss vil framleis koste 30 kroner. På Trygt Heim-rutene kan du no også bruke ungdomsbilletten, medan enkeltbilletten kostar 40 kroner.
Flybussane i Førde og Sogndal har same pris og billettar som før.
Båtprisane blir ikkje endra og du kjøper billett om bord slik som før.
Skyss-billettar på ekspressbussar
Skyss har samarbeidsavtalar med ekspressbussaktørane Vy og Nor-Way Ekspressbuss, som gjer at ein kan bruke utvalde Skyss-billettar på ekspressbuss. Her finn du informasjon om kva billettar dette gjeld.
Skyss-billettar på ekspressbuss
Ekspressbussaktørane Vy og NOR-WAY Ekspressbuss har fleire ruter til/frå og gjennom Vestland. I reiseplanleggar og rutetabellar er avgangar som vert køyrde av ekspressbussar merka med VY og NW, med eit tal bak.
På ekspressbussane gjeld eigne prisar og reglar. Du finn informasjon om dette på Vybuss.no og Nor-Way.no. Oversikt over rutene finn du her.
Følgande Skyss periodebillettar er gyldige på alle ekspressbussane til Vy og NOR-WAY Bussekspress i Vestland fylke:
- 30- og 180-dagars periodebillett.
- Du må ha periodebillett for sonene der du reiser med ekspressbussen. Ved reiser utover sonene du har gyldig periodebillett for, må du kjøpe enkeltbillett hos Vy eller NOR-WAY. Du betaler for den strekninga du ikkje allereie har billett for.
- 30-dagars ungdomsbillett.
Dersom du vil ha enkeltbillett eller annan billett til ekspressbuss, må du kjøpe denne i kanalane til Vy eller NOR-WAY.
OBS: Dersom du har Skyss-billett på Skysskort (30 og 180-dagars periodebillett eller 30-dagars ungdomsbillett), må du vise kvittering frå nettbutikken i tillegg til Skysskort når du skal reise med ekspressbuss.
Enkeltbillett på Haukeliekspressen (NW180)
På Haukeliekspressen (NW180) kan du på strekninga Odda-Røldal-Etne reise med Skyss enkeltbillett som er gyldig i sone D. Du kan kjøpe billetten i Skyss sine kanalar, om bord i bussen eller i NOR-WAY sine kanalar. Dersom du har billetten på Skysskort, må du vise kvittering frå nettbutikken i tillegg til Skysskort.
Billettar kjøpt i NOR-WAY sine kanalar er berre gyldige på NW180 Haukeliekspressen. Dei kan ikkje brukast på Skyss sine transportmiddel. Unntaket er dersom du har kjøpt billett hos NOR-WAY til Haukeliekspressen, der billetten også gjeld heile eller deler av strekninga Seljestad-Bergen. Denne billetten kan brukast på Skyss linje 930.
Strekningar der Skyss-billettar ikkje kan nyttast:
Ver merksam på at Skyss-billettar ikkje kan brukast på ekspressbuss på strekningar der Skyss sjølv har eit godt tilbod. Dette gjeld alle ekspressbussruter rundt Bergen på strekningane
- mellom Bergen busstasjon og Knarvik
- mellom Bergen busstasjon og Halhjem
- mellom Bergen busstasjon og Trengereid
På desse strekningane må du kjøpe eigen billett hos Vy eller NOR-WAY.
Skyss-billettar kan heller ikkje nyttast på flybussen i Bergen.
OBS: For at du skal vere garantert plass på ein ekspressbuss, må du reservere plass på førehand. Dette gjer du i kanalane til Vy eller NOR-WAY. Sjå vybuss.no og nor-way.no for meir informasjon.
Nye billettar, rabattar og aldersgrenser på buss
Fleire billettypar
Frå og med 20. juni kan du kjøpe desse billettane for reiser med buss:
Om bord i bussen kan du berre kjøpe enkeltbillett og 24-timarsbillett. Du kan betale med bankkort eller kontantar.
I appen Skyss Billett og nettbutikken kan du kjøpe alle typar billettar.
Nye aldersgrenser for barn
Barn reiser no gratis på bussen fram til dei fyller 6 år. Barn i alderen 6–17 år må ha barnebillett, og etter fylte 18 år gjeld vaksenbillett.
Honnør får rabatt på periodebillettar
Honnørreisande får no ca. 50 prosent rabatt på alle periodebillettar.
Familierabatt - ta med barna gratis i helgene
Med familierabatt kan reisande over 18 år ta med seg inntil fire barn i alderen 6–17 år gratis på bussen. Familierabatten gjeld berre på laurdagar, søndagar og offentlege fridagar. Den vaksne må ha gyldig billett, men barna reiser gratis og treng ikkje eigne billettar.
Grupperabatt
Når ti eller fleire reiser saman, blir det gitt 17 prosent rabatt på vaksenbillettar.
Barn og honnørreisande får ikkje eigen rabatt, men blir rekna med i talet på reisande. Barn under 6 år reiser alltid gratis og blir ikkje rekna med.
Grupper på 15 personar eller meir må melde frå til operatør før reisa startar.
Dyr reiser gratis
Dyr reiser no gratis på bussen.
Nye måtar å kjøpe bussbillett på
Om bord i bussen
Nett som tidlegare kan du kjøpe enkeltbillett om bord og betale med bankkort og kontantar, men i tillegg kan du no kjøpe 24-timarsbillett.
Du kan ikkje lenger kjøpe periodekort om bord på bussen. I staden må du kjøpe periodebillett i appen Skyss Billett eller i nettbutikken på skyss.no.
Har du Kringom Ungdomskort eller bruker du Kringom Periodekort eller Kringom Verdikort på bussen? Desse korta blir ugyldige og må bytast ut. Du kan bruke korta ut perioden du har betalt for. Informasjon om refusjon finn du her.
Appen Skyss Billett
No kan du bruke appen Skyss Billett for å kjøpe alle typar billettar til bussreiser i Sogn og Fjordane. Du må kjøpe billett i Skyss Billett-appen før du går om bord, og vise sjåføren billetten i appen. Her finn du alt du treng å vite om appen Skyss Billett.
Billettar til båt i Sogn og Fjordane kan ikkje kjøpast i appen. Desse kjøper du om bord i båten, slik som før.
Nettbutikken på skyss.no
I nettbutikken på skyss.no kan du kjøpe alle enkeltbillettar, 24-timarsbillett og periodebillettar for buss. Du vel kva soner og frå kva tidspunkt billetten skal gjelde.
Skal du kjøpe periodebillett i nettbutikken, treng du eit Skysskort. Dette kan du bestille her. Når du får kortet i posten, kan du registrere det i nettbutikken og bruke det til å kjøpe billett.
Enkeltbillettar og 24-timarsbillettar kan du også få tilsendt på SMS eller e-post, eller skrive ut på papir. I nettbutikken kan du òg kjøpe billettar til andre.
Hugs å ha med deg Skysskortet når du reiser!
SMS-billett
Du kan kjøpe enkeltbillett til bussen ved å sende ei tekstmelding. Du får då tilsendt billetten på ei tekstmelding som du viser fram når du går om bord.
Slik kjøper du SMS-billett for éi sone:
Send tekstmelding til telefonnummer 2412 og skriv kva billett du vil ha:
- Vaksen
- Honnør
- Barn
Det fungerer også om du skriv «Voksen», og det blir ikkje skilt mellom små og store bokstavar.
Du kan også kjøpe SMS-billett for fleire soner. Meir informasjon finn du her.
Planlegg reisa di
Reiseplanleggar
Appen Skyss Reise
Med appen Skyss Reise kan du planlegge reisa di. Her finn du alle rutetider for kollektivtrafikken i Vestland. Eventuelle avviksmeldingar vil bli viste på kvar linje.
Søk etter adresse eller haldeplass, merk av på kartet eller finn haldeplassar i nærleiken.
Her finn du fleire detaljar om appen Skyss Reise.
Reiseplanleggar på nettsida
Du finn også reiseplanleggar på framsida av Skyss.no eller på reise.skyss.no.
Entur-appen og reiseplanleggaren til Entur på nett vil framleis ha reiseinformasjon frå Sogn og Fjordane.
Nye linjenummer
Den 7. juni fekk bussane og båtane nye linjenummer.
Nye rutetabellar
Frå og med 7. juni finn du rutetabellane for Sogn og Fjordane berre på Skyss.no.
Løysinga som viser rutetabellar på Kringom.no er erstatta av nye tabellar. Dei nye tabellane viser alle rutetider for heile året i ein tabell, som du enkelt kan laste ned. Rutetabellane er delte inn etter dei same områda som på kringom.no
Her finn du alle rutetabellar for buss, båt og ferje i Vestland.
Trafikkmeldingar
Du vil framleis få informasjon om endringar og avvik i Sogn og Fjordane. Dette finn du frå 20. juni på framsida av skyss.no ved å klikke på Sjå forseinkingar og endringar - avvik i kollektivtrafikken. Der ser du kva linjenummer endringa gjeld for.
Kva kan du ha med om bord?
Vi har samla viktig informasjon for deg som skal reise kollektivt med barn, barnevogn, rullestol, hund eller sykkel i Vestland. Her finn du også nyttig informasjon for reiser med buss, bybane, båt og ferje.
Serviceskyss og Trygt Heim
Serviceskyss
Tilbodet Serviceskyss i Sogn og Fjordane er som før, med dei same faste rutene og same billettpris.
Serviceskyss er eit transporttilbod i Sogn og Fjordane som skal vere ope og tilrettelagt for alle.
Brukarane bestiller skyss seinast innan eit bestemt tidspunkt dagen før. Brukarane blir henta heime og køyrde frå dør til dør. Dei som nyttar tilbodet, betaler 30 kroner kvar veg.
Trygt Heim
Tilbodet om Trygt Heim i Sogn og Fjordane er som før, med dei same rutene som tidlegare. Frå og med 20. juni kan du også bruke ungdomsbilletten når du reiser med Trygt Heim. Billettprisen for ei enkeltreise er no 40 kroner. Du betaler til sjåføren når du går om bord.
Trygt heim-rutene går kvar natt til søndag heile året, i tillegg til natt til 1. mai, natt til 17. mai og natt til 3. juledag. Hugs at fleire av rutene er bestillingsruter som berre går dersom minst tre reisande har bestilt turen på førehand.
Flybuss i Førde og Sogndal
For flybussane til Førde lufthamn Bringeland og Sogndal Lufthamn Haukåsen gjeld dei same prisane og billettane som før.
Følgande prisar og reglar gjeld på flybussane:
- Enkeltbillettar for vaksen 90 kroner og barn 45 kroner.
- Du kjøper billett om bord på bussen og kan betale kontant eller med bankkort.
- 30-dagars ungdomsbillett kan brukast som billett på flybussane.
Lokalreisande som skal reise korte strekningar med flybussen, og som ikkje startar eller avsluttar reisa på flyplassen:
- betaler ordinær pris (sonepris)
- kan bruke periodebillettar (7-, 30- og 180-dagarsbillett).
Praktisk informasjon
Kva skjer med Kringom?
Kringom.no
Frå og med 20. juni vil du finne all informasjon om å reise kollektivt i Vestland på skyss.no. All informasjon som du tidlegare fann på Kringom.no, blir flytta over til skyss.no.
Bussane i Sogn og Fjordane
Det vil framleis vere Kringom-fargar og -namn på bussane i Sogn og Fjordane. Dette blir først endra når bussane blir bytta ut ved oppstart av nye busskontraktar.
Bussane med Kringom-profil er likevel å rekne som Skyss-bussar, og blir omtalte som det. Dette gjeld mellom anna på skyss.no, i reiseplanleggaren og i appane Skyss Billett og Skyss Reise.
Har du Kringom reisekort?
Fleire av reisekorta frå Kringom er no ugyldige. Her finn du informasjon om korleis du kan bytte ut det gamle reisekortet ditt med ein ny og betre periodebillett.
Kringom periodekort
Kringom periodekort vil frå og med 20. juni ikkje lenger kunne nyttast på bussen. Du kan bruke kortet ut perioden du har betalt for, men du får ikkje kjøpt ny periode.
Du kan også søke om refusjon. Du får då refundert panten og dagane kortet ikkje har vore brukt etter 20. juni. Ønsker du refusjon, må du be om dette innan 30. september 2022.
Du kan framleis bruke Kringom periodekort på dei fleste båtane i Sogn og Fjordane. Sjå informasjon om billettar og prisar for båt her.
Frå og med 1. juli er Kringom periodekort ikkje lenger i bruk på båtrutene i Florabassenget. Her kan du lese meir om endringane.
Slik kjøper du ny periodebillett
Frå og med 20. juni kan du kjøpe periodebillett for 7, 30 eller 180 dagar. Med periodebilletten kan du reise så mykje du vil innanfor sona eller sonene du har kjøpt billett for. Du kan kjøpe periodebillett for kategoriane vaksen, barn, honnør og student. Billetten kjøper du i appen Skyss Billett eller i nettbutikken her på skyss.no
Les meir om periodebillett her
Kringom Verdikort
Kringom verdikort vil frå og med 20. juni ikkje lenger vere i bruk på buss. Dersom du har igjen pengar på kortet, kan du bruke desse når du kjøper enkeltbillett eller 24-timarsbillett om bord på bussen. Du får ikkje lenger 17 prosent rabatt og kan heller ikkje fylle på kortet.
Du kan også søke om refusjon, der du får refundert attståande verdi i tillegg til pant på kortet. Dersom du søker om refusjon etter 30. september, vil det blir trekt 10 prosent (maks 100 kr) av attståande verdi i administrasjonsgebyr.
Du kan framleis bruke Kringom verdikort for å betale for personreiser på dei fleste båtane i Sogn og Fjordane. Sjå informasjon om billettar og prisar for båt her.
Frå og med 1. juli vil Kringom verdikort ikkje lenger vere i bruk på båtrutene i Florabassenget. Her kan du lese meir om endringane.
Kringom periodekort Kombi
Frå og med 20. juni vil Kringom periodekort Kombi ikkje lenger vere i bruk. Du kan bruke kortet på buss og båt ut perioden du har betalt for, men du kan ikkje kjøpe ny periode.
Du kan også søke om refusjon. Du får då refundert panten og dagane kortet ikkje har vore brukt etter 20. juni. Ønsker du refusjon, må du be om dette innan 30. september 2022.
Kringom ungdomskort
Kringom ungdomskort vil frå og med 20. juni ikkje lenger kunne nyttast i Vestland, verken på buss eller båt. Du kan bruke kortet ut perioden du har betalt for, men du du kan ikkje kjøpe ny periode.
Du kan også søke om refusjon. Du får då refundert panten og dagane kortet ikkje har vore brukt etter 20. juni. Ønsker du refusjon, må du be om dette innan 30. september 2022.
Slik kjøper du ny 30-dagars ungdomsbillett
Med ungdomsbilletten kan du framleis reise så mykje du vil i heile Vestland for 380 kroner i månaden. Du kan kjøpe ungdomsbilletten i appen Skyss Billett eller i nettbutikken her på skyss.no
Om Skyss
Skyss har ansvaret for det offentlege tilbodet av buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylke.
Skyss skal vere eit samla kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk i fylket, og vi skal sikre at vi når dei politiske måla som fylkestinget set for kollektiv- og mobilitetstenester.
Vil du vite meir om Skyss?
Her finn du informasjon om mellom anna kven vi er, korleis vi er organiserte, strategiar, rapportar, informasjon til pressa og nyheiter.
Kontakt oss
Lurer du på noko? Har du ris eller ros å kome med? Ta kontakt på den måten som passar deg best.
For reiser med båt
Båt
Frå og med 1. juli fekk enkelte båtsamband i Sogn og Fjordane nye prisar.
Sonebillettar på båt
Frå og med 1. juli blei tre båtsamband i Sogn og Fjordane inkludert i sonesystemet og prisa på same måte som Skyss sine bussar i Vestland, Bybanen i Bergen, Askøybåten og Nordhordlandsbåten.
Dette gjeld:
- Båtruter i Florabassenget:
- Florø - Askrova - Stavang - Svanøy (Florabassenget sør)
- Florø - Barekstad - Batalden - Fanøy - Rognaldsvåg - Kinn (Florabassenget nord og vest)
- Kaupanger kai - Frønningen
Endringa gir svært mykje billigare billettar for dei båtreisande, i tillegg til fleire billettypar. Du kan no også kjøpe billettar i appen Skyss Billett, nettbutikken på skyss.no og med SMS på desse sambanda.
Her finn du alt om nye prisar, billettar og nye måtar å kjøpe billett på
Halv pris for passasjerar på Vik-Ortnevik-Nordeide
På sambanda Vik-Ortnevik og Ortnevik-Måren-Nordeide blei billettprisen for passasjerar halvert frå og med 1. juli. Du kjøper framleis billetten din om bord. Det er ingen endringar i prisen for bilar.
Det er fylkestinget i Vestland som har gjort vedtak om endra prisar for desse båtsambanda.
Ingen endringar på dei andre båtsambanda
På alle andre båtsamband i Sogn og Fjordane er alt som tidlegare, med unntak av bruk av Kringom Ungdomskort. Dette må du vite:
Kringom Ungdomskort
Kringom Ungdomskort vil frå og med 20. juni ikkje lenger kunne nyttast i Vestland, verken på buss eller båt. Du kan bruke kortet ut perioden du har betalt for, men du du kan ikkje kjøpe ny periode.
Du kan også søke om refusjon. Du får då refundert panten og dagane kortet ikkje har vore brukt etter 20. juni.
Slik kjøper du ny 30-dagars ungdomsbillett
Med ungdomsbilletten kan du framleis reise så mykje du vil i heile Vestland for 380 kroner i månaden. Du kan kjøpe ungdomsbilletten i appen Skyss Billett eller nettbutikken på Skyss.no.
Kringom Verdikort og Kringom Periodekort på båt
Kringom Verdikort og Kringom Periodekort brukast på båt som tidlegare. Når du brukar desse korta på båt, er det ingen endringar i pris, rabattar eller måten korta blir brukte på.
Publisert:
Oppdatert: