Hopp til hovedinnald

Vi tek deg dit du skal – heile semesteret

Som student får du alltid 40 prosent rabatt på alle typar billettar til Skyss sine bussar, bybanen og båtrutene som er inkluderte i sonesystemet. Du får også rabatt når du skal reise med dei andre båtane våre.  
 
Så uansett kvar du skal i studietida, kan du reise med oss. Velkommen om bord til eit nytt semester! 
 
Gladnyheit for studentar over 30 år!
1. februar fjerna vi aldergrensa på studentrabatten.

Informasjon om studentrabatt på buss, bybanen og nokre båtruter  

Du får studentrabatt på enkeltbillettar, 24-timarsbillettar og periodebillettar til Skyss sine bussar, bybanen og båtrutene som er inkluderte i sonesystemet. Dette gjeld:

  • Askøybåten - båtruta Kleppestø - Strandkaien
  • Nordhordlandsbåten - båtruta Knarvik - Frekhaug - Bergen
  • Florø-Askrova-Stavang-Svanøy (Florabassenget sør)
  • Florø-Barekstad-Batalden-Fanøy-Rognaldsvåg-Kinn (Florabassenget nord og vest) 
  • Kaupanger kai-Frønningen

På dei andre båtrutene i Vestland, gjeld eigne reglar:

Her finn du informasjon om studentrabatt og prisar på båtrutene i Sunnhordland og Austevoll

Her finn du informasjon om studentrabatt og prisar på båtruter i Sogn og Fjordane

Tips: Fleire av Skyss sine billettar kan også brukast på andre transportmiddel. Her finn du meir informasjon:

Skyss-billettar på tog

Skyss periodebillett på ekspressbuss og Osterøyferja

Du får studentrabatt dersom du er

  • student/elev som studerer på heiltid ved vidaregåande skule, fagskule, høgskule/universitet eller andre læreinstitusjonar som kvalifiserer til støtte gjennom Lånekassen. Ordninga omfattar også norske utanlandsstudentar. Studiet må vare i minst tre månader, og for høgare utdanning skal studiet utgjere 30 studiepoeng eller meir per semester. I vidaregåande opplæring skal studieomfanget svare til eit årskurs.
  • lærling eller lærekandidat på fulltid som innfrir krava i lov om opplæring, kapittel 4.
  • vaksen framandspråkleg som får opplæring i norsk og samfunnskunnskap, eller flyktning som er med i introduksjonsprogrammet.

Er du under 21 år?

Dersom du er yngre enn 21 år, lønner det seg å kjøpe 30-dagars ungdomsbillett. Med ungdomsbilletten kan du reise så mykje du vil i heile Vestland for 390 kroner i månaden. 

Her finn du informasjon om studentrabatt på båtrutene i Sunnhordland og Austevoll

Her finn du informasjon om studentrabatt på båtruter i Sogn og Fjordane

Når du reiser med studentbillett, må du alltid kunne bevise at du studerer eller går i lære det aktuelle semesteret. Du kan bli bedt om å vise bevis av sjåfør, mannskap eller kontrollør.

Gyldig bevis må innehalde namn, fødselsdato og studiestad, og vise at det gjeld dette semesteret.

Dette blir rekna som gyldig bevis:

  • Studiekort/studentbevis på mobil som stadfestar at du er student dette semesteret.
  • Dokumentasjon frå skule som stadfestar skulegang dette semesteret, saman med bankkort, førarkort, pass eller annan legitimasjon med foto.
  • Studentar ved utdanningsinstitusjonar i utlandet må ha ISIC-kort (ANSA-kort blir ikkje godteke).
  • Utanlandske studentar må ha med legitimasjon og inntaksbrev frå skulen.

Studiebevis for vårsemesteret gjeld til og med august, og for haustsemesteret ut januar. Dersom du avsluttar studiet, er siste dato for kjøp av periodebillett 31. juli og 31. desember.

For lærlingar/lærekandidatar blir dette rekna som gyldig bevis:

  • Personleg ID-kort frå bedrifta, merka «Lærling» eller «Lærekandidat».
  • Kopi av lærekontrakt (i digitalt eller fysisk format).
  • Stadfesting frå bedrifta på at du er lærling/lærekandidat, merkt med periode for lærekontrakt, namn og fødselsdato.

Dersom du i ein billettkontroll ikkje kan vise gyldig bevis på at du har krav på studentrabatt, må du betale gjeldande gebyr.

Her finn du meir informasjon om billettkontroll

Du får 40 prosent studentrabatt på enkeltbillett, 24-timarsbillett og periodebillett for 7-, 30- eller 180 dagar til Skyss sine bussar, bybanen og nokre båtruter.

Her finn du prisar for alle typar billettar i ei og fleire soner

Kontanttillegg: I sone A må du betale kontanttillegg når du kjøper enkeltbillett kontant om bord. Kontanttillegg for vaksen, student og militær er 16 kroner, og for barn og honnør 8 kroner.

Tips: Hugs at dersom du er yngre enn 21 år, lønner det seg å kjøpe 30-dagars ungdomsbillett som gjeld i heile Vestland.

Her finn du informasjon om studentrabatt og prisar på båtrutene i Sunnhordland og Austevoll

Her finn du informasjon om studentrabatt og prisar på båtruter i Sogn og Fjordane

 

Er du under 21 år? 

Dersom du er yngre enn 21 år, lønner det seg å kjøpe 30-dagars ungdomsbillett. Med ungdomsbilletten kan du reise så mykje du vil i heile Vestland for 390 kroner i månaden.