Kulturbilletten for Bergen kommune

For grunnskolen til bestilling av kollektivreiser for kulturføremål.

Gå vidare for å bestille billettar eller sjå historikk

Kulturbilletten er ein avtale mellom Skyss og Bergen kommune om transport for kulturføremål for å fremje kvalitet i opplæringa. Kvar skole skal bidra til at elevane får ei innføring i skikk og bruk på transportmiddelet før reiser blir gjennomførte. 

Avtalen inneber: 

Kvar skole bestiller billettane sine gjennom denne løysinga. Det må bestillast éin billett for tur og éin for retur. Føremålet skal vere ei kulturoppleving innanfor Bergen kommune.  
Billetten gjeld for opp til 33 elevar og 2 lærarar. 

Reiser må gå føre seg innanfor dette tidsrommet måndag-fredag:

  • Buss: 09.00–13.30
  • Bybanen: 09.00–13.50
  • NSB sine tog: 09.00–14.30, alle lokaltog etter 17.00

Legg merke til at løysinga viser rutetider heile døgnet, men du kan berre velje tidspunkt innanfor tidsromma over. 

Gruppene må vere budde på at heile eller delar av gruppa må vente til neste avgang dersom det er fullt på bussen/Bybanen/toget. Billetten vil vere gyldig sjølv om den ikkje viser heilt rett avgangstid dersom gruppa må vente til neste avgang. 

Hugs å bestille returbillett! Det må bestillast éin billett for tur og éin for retur. 

Kulturbilletten skal ikkje brukast til transport som vanlegvis blir rekvirert av skolane, til dømes transport til svømmeundervisning, ekskursjonar, studiebesøk osv. 

Ein kan bestille billettar for inneverande halvår. På tog og Bybanen kan det vere fleire enn 35 tilgjengelege plassar sjølv om systemet maksimalt viser 35 ledige på kvar avgang. Bestill billettar på avgangen før eller etter dersom fleire enn 35 personar skal reise på same tid. Desse avgrensingane gjeld: 

Bybanen: 70 personar på kvar avgang
Tog: 30–120 personar på kvar avgang 

Bestilte reiser kan kansellerast fram til dagen før reisedagen. 
Dette gjer du under Mine reiser. Her kan du òg sjå alle bestillingar, både dei som ligg fram i tid og reiser som er gjennomførte.