Trygt Heim i Sogn og Fjordane
Treng du skyss heim natt til søndag?
Trygt heim er eit nattbusstilbod frå seks stader i Sogn og Fjordane for deg mellom 16 og 24 år. Andre reisande kan nytte tilbodet dersom det er ledig plass.
Trygt heim-rutene går kvar natt til søndag heile året. I tillegg går rutene natt til 1. mai, natt til 17. mai og natt til 3. juledag. Rutene er lagt opp til å vere både faste ruter og bestillingsruter. For at bestillingsrutene skal gå, må det vere minst tre reisande.
Prisen for alle er 40 kroner. Dersom du har Skyss ungdomsbillett, gjeld denne som billett på Trygt heim-rutene. Hugs at du likevel må bestille dersom ruta er ei bestillingsrute.
Du finn tilbodet følgande stader i Sogn og Fjordane:
Trygt Heim Florø
Rutene går frå Florø kulturhus via MH24-stasjonen kl. 03.00 natt til søndag.
Fast rute:
- Florø - Eikefjord
Bestillingsrute - ruta må bestillast på tlf. 57 74 43 60 innan kl. 1800 dagen før:
- Florø - Norddalsfjord
Trygt Heim Førde
Rutene går kl. 0300 natt til søndag frå rutebilstasjonen.
Faste ruter:
- Førde - Vassenden - Skei - Stardalen
- Førde - Dvergsdalen
- Førde - Naustdal - Fimland
- Førde - Bygstad - Laukeland
- Førde - Holsen - Viksdalen - Oppedal
- Førde - Sande - Sygna - Hestad - Senneset
Bestillingsrute - ruta må bestillast på tlf. 95 95 63 18 innan kl. 1800 same dag:
- Førde - Naustdal - Helle - Vevring
Bestillingsrute - ruta må bestillast på tlf. 57 81 91 36 / 90 55 15 10 innan kl. 1800 same dag:
- Førde - Naustdal - Åsdalen - Byrkjeflot
Bestillingsrute - ruta må bestillast på tlf. 958 89 770 innan kl. 1800 same dag:
- Førde - Haukedal
Bestillingsrute - ruta må bestillast på tlf. 57 82 14 25 innan kl. 1800 same dag:
- Førde - Solheimsdalen - Kvammen - Liset
Trygt Heim Nordfjordeid
Rutene går frå rutebilstasjonen kl. 0245 natt til søndag, via busstopp ved Esso.
Fast rute:
- Nordfjordeid - Kjølsdalen - Bryggja
Bestillingsruter - må bestillast på tlf. 57 86 08 09 innan kl. 1800 dagen før:
- Eid - Hennebygda
- Eid - Heggjebygda/Navalsaker
- Eid - Torheim
- Eid - Nes - Holmøyane - Grodås - Hornindal
Trygt Heim Sandane
Rutene går kl. 0230 natt til søndag, frå drosjesentralen.
Fast rute:
- Sandane - Byrkjelo - Myklebustdalen
Bestillingsruter - må bestillast på tlf. 948 55 555 innan kl. 2000 same dag:
- Sandane - Sørstranda
- Sandane - Nordstranda
Trygt Heim Sogndal
Rutene går kl. 0230 frå rutebilstasjonen natt til søndag.
Faste ruter:
- Sogndal - Kaupanger
- Sogndal - Hafslo - Gaupne
- Sogndal - Leikanger - Henja - Eggum
Bestillingsruter - må bestillast på tlf. 57 67 10 00 innan kl. 1800 same dag:
- Sogndal - Slinde - Øvstedalen
- Sogndal - Sogndalsdalen
Trygt Heim Stryn
Rutene går kl. 0230 natt til søndag frå rutebilstasjonen via Stryn Hotel.
Bestillingsrute - må bestillast på tlf. 906 79 666 innan kl. 1800 same dag:
- Stryn - Grodås - Seljeset
Bestillingsruter - må bestillast på tlf. 57 87 23 50 innan kl. 1800 same dag:
- Stryn - Blaksæter - Hopland
- Stryn - Oppstryn - Hjelledalen - Skåre
- Stryn - Utvik - Tistam
Bestillingsrute - må bestillast på tlf. 950 86 146 innan kl. 1600 same dag:
- Loen - Lodalen - Oldedalen