Hopp til hovedinnald

Skyss har installert sanntidsutstyr i bussane i desse områda: 

  • Bergen
  • Nordhordland
  • Askøy og Øygarden
  • Osterøy
  • Hardanger
  • Modalen
  • Sunnhordland

Mobilappen
Mobilappen Skyss Reise viser deg avgangstid i sanntid frå busshaldeplassar i områda nemnt over. Appen viser også tidtabell-tider for buss, bybane, båt, ferje og tog i heile Vestland og har reiseplanleggarfunksjon. 

Les meir om appen Skyss Reise

Last ned appen gratis i Google Play eller App Store 

Estimert tid i minutt til passering er vist med orange skrift.

Skilt på haldeplass
Skilta viser berekna tid for når bussen vil passere haldeplassen (tel ned frå 14 til 0 minutt). Avgangar som ikkje har berekna tid tilgjengeleg, viser planlagt rutetid i klokkeslettform (tt:mm). Alle haldeplasskilt er monterte med ein høgtalar, der dei som ønskjer det kan få lest opp informasjonen som står på skjermen.

Til no har vi montert ut over 130 haldeplasskilt og skjermar. Vi har valt ut haldeplassar og terminalar med mange reisande, berekna ut frå tal påstigingar og talet på passerande linjer. 

Sanntidsskilt viser berekna tid for når bussen køyrer frå haldeplassen.