Når du skal reise med barn
Generelt:
- Ver alltid fleire vaksne saman når ei gruppe barn skal ut å reise.
- Gå ikkje over vegen før bussen eller Bybanen har køyrt.
På haldeplassen
- Ikkje la barna springe eller leike på haldeplassen/terminalen.
- Bli sett! Både store og små bør nytte refleksvest.
Ombord- og avstiging
- Hjelp barna trygt om bord og sørg for at dei kjem seg trygt av.
Under reisa
- Pass på at barna held seg unna dørene under reisa.
- Dersom det er mogleg, bør alle barna ha sitteplass.
- Ta vare på sekkar, jakker og andre ting som de har med på turen.
- Gje beskjed til barna i god tid før de kjem til endehaldeplass, slik at dei kan forberede seg på at dei skal av.
- På Bybanen og nokre bussar kan barnevognknappen nyttast dersom det er behov for meir tid.
Reise med barnevogn (på buss og bybane)
- Du kan ha med barnevogn gratis hvis det er plass om bord.
- Det er sjåføren som avgjer om det er plass til barnevogn, ut frå tryggleiken.
- Sørg for at barnevogna står trygt med bremsen på, og hald den fast om nødvendig.
Nokre bussar har barnesete. Les meir om barnesete her
Barn som reiser åleine
Det er dei føresette sitt ansvar når barn blir sende åleine på reise.
Barn under 12 år kan ikkje reise åleine med båt, men må ha følgje av ein person over 16 år.