Hopp til hovedinnald

Trafikken på den nye linje 600 er høgare enn prognosane Skyss hadde på førehand. Nokre avgangar har ofte vore fulle, derfor blir frekvensen på avgangar auka i rushtida, både om morgonen og ettermiddagen.

600-bussen går frå Osøyro til Lagunen langs nye E39, og deretter vidare til Bergen busstasjon. Det blir no satt inn fire nye avgangar både om morgonen og ettermiddagen, noko som inneber ei styrking av tilbodet.

Dei nye rutetabellane finn du her eller du kan sjekke Reiseplanleggar

Direkterute frå Gjermundshamn

I samband med omleggingane ved opninga av den nye vegen til Os blei det også gjort endringar på linje 740. Linja fekk fleire avgangar på strekninga Eikelandsosen - Osøyro, med byte til linje 600 på Osøyro terminal. Sjølv om dette har gitt fleire reisemoglegheiter har det medført nokre utfordringar for reisande til og frå Gjermundshamn og Kvinnherad.

For å bøta på dette blir det frå 6. mars lagt til ein avgang frå Gjermundshamn kl. 10.50 til Bergen busstasjon om Haukeland sjukehus, utan overgang på Osøyro. Det vil også vere ein direkteavgang frå Bergen busstasjon til Gjermundshamn om ettermiddagen kl. 16, utan overgang på Osøyro.

Dei nye rutetabellane finn du her eller du kan sjekke Reiseplanleggar

 

Publisert:

Oppdatert: