Hopp til hovedinnald

Bakgrunnen er at vi endrar salssystem, og at billettane som blir selde hos kioskar og butikkar ikkje fungerer med nytt utstyr.

Billettar som er kjøpt i kiosk eller butikk kan brukast fram til 1. november. Etter 1. november vil kiosk- og butikkbillettane vere ugyldige og du må kjøpe billett på anna vis.

Har du ubrukte billettar, kontakt Skyss for refusjon.

Slik kjøper du billett:

  • Appen Skyss Billett: I appen kan du kjøpe alle typar billett til buss, bybane og nokre båtruter.
  • SMS-billett: Du kan kjøpe enkeltbillett til buss, bybane og nokre båtruter ved å sende ein SMS.
  • Om bord: Du kan kjøpe billett om bord i alle bussar og båtar, ved og betale med bankkort eller kontantar. Merk at du i sone A må betale kontanttillegg dersom du kjøper billett med kontantar om bord.
  • Billettautomat: På billettautomatar langs Bybanen kan du kjøpe billett til buss, Bybanen og båtar i sone A.
  • Nettbutikken på skyss.no: I nettbutikken kan du kjøpe alle typar billett til buss, bybane og nokre båtruter.
  • Kundesenteret: På kundesenteret vårt kan du kjøpe billettar eller få hjelp til å ta i bruk appen Skyss Billett eller nettbutikken. Du kan også ringe oss på 55 55 90 70.

 

Publisert:

Oppdatert: