Hopp til hovedinnald

Reisepengar på Skysskort er ein betalingsmåte som no blir fasa ut også på båtar og på Bybanen. Utfasinga skjer i samband med at vi byter ut billettsystem.

Frå og med 1. september kan du ikkje lenger fylle på reisepengar på billettautomatar, om bord på båtar eller på kundesenteret vårt.

Bruk av reisepengar:

  • På Bybanen: Du kan bruke reisepengar/Favoritt om bord på Bybanen fram til 1. oktober. Frå 1. oktober blir alle kortlesarar i bybanevognene slått av og du må kjøpe billett på anna vis.
  • På billettautomat: Du kan inntil vidare bruke reisepengar på Skysskortet til å kjøpe billett på billettautomatar langs Bybanen, men det er ikkje mogleg å fylle på.
  • På båtar i Hordaland: Fram til nytt billettsystem kjem på plass, kan du bruke bruke reisepengar på Skysskortet til å kjøpe billett om bord på båtane, men det er ikkje mogleg å fylle på. 
  • På kundesenteret på Bergen busstasjon: Du kan inntil vidare bruke reisepengar på Skysskortet til å kjøpe billett på kundesenteret, men det er ikkje mogleg å fylle på.
  • På buss: Du kan verken fylle på eller bruke reisepengar på bussen.

Slik kjøper du billett:

  • Appen Skyss Billett: Her kan du kjøpe alle typar billett til buss, bybane og nokre båtruter.
  • Nettbutikken på skyss.no: Her kan du kjøpe alle typar billett til buss, bybane og nokre båtruter.
  • SMS-billett: Du kan kjøpe enkeltbillett til buss, bybane og nokre båtruter ved å sende ein SMS.
  • Om bord: Du kan kjøpe billett om bord i alle bussar og båtar, ved og betale med bankkort eller kontantar. Merk at du i sone A må betale kontanttillegg dersom du kjøper billett med kontantar om bord.
  • Billettautomat: På billettautomatar langs Bybanen kan du kjøpe alle typar billettar til Bybanen, i tillegg til billettar til buss og båt i Hordaland.
  • Kundesenteret: På kundesenteret vårt kan du kjøpe billettar eller få hjelp til å ta i bruk appen Skyss Billett eller nettbutikken. Du kan også ringe oss på 55 55 90 70 om du treng hjelp.

Refusjon:

Dersom du har att reisepengar på Skysskortet, men ikkje får brukt desse, kan du be om refusjon. 

Minikort på billettautomatar:

Frå og med 1. september vil du ikkje lenger få ut eit minikort når du kjøper enkeltbillett eller 24-timarsbillett på billettautomatar. Du vil då få ut ein papirbillett, og det er denne som fungerer som reisebevis. Hugs å ta vare på billetten til du er ferdig med reisa. 

 

Publisert:

Oppdatert: