Hopp til hovedinnald

Haldeplassane på gamle Oasen terminal vil ikkje lenger vere i bruk. Frå og med måndag 29. august vil bussane gå frå den nye Fyllingsdalen terminal.  
 
Det vil framleis vere anleggsarbeid på området, med avsperringar ved gamle Oasen terminal. Sjå kart under. For å kome deg til og frå bussterminalen, må du bruke gangfeltet ved perrong C. Det vil vere skilt som viser kvar du kan gå på området. Anleggsarbeidet er knytt til den nye taxisentralen, som skal stå klar i slutten av oktober. 

Ny terminal - same linjer som før

Alle busslinjer får faste perrongar på den nye terminalen. Sjå detaljert terminalkart nederst, som viser kva perrong bussen din har avgang frå. Fram til taxisentralen opnar, må alle bussar køyre gjennom den same «slusa» som tidlegare

Nytt namn i Skyss Reise og reiseplanleggaren 

Den 15. august endra Oasen terminal namn til Fyllingsdalen terminal. Frå og med måndag 29. august vil terminalen vise som «Fyllingsdalen terminal» også i appen Skyss Reise og reiseplanleggaren på skyss.no. Det nye namnet finn du også på ruteplakatar og rutetabellar på skyss.no.  

Klikk her for større versjon av terminalkartet.

Publisert:

Oppdatert: