Hopp til hovedinnald

Det er fylkestinget i Vestland som har gjort vedtak om endra prisar for fleire båtsamband.

Sonebillettar på fleire båtar

Frå og med 1. juli blei fire båtsamband i Vestland inkluderte i sonesystemet og prisa på same måte som Skyss bussane i Vestland, Bybanen i Bergen, Askøybåten og Nordhordlandsbåten.

Dette gjeld:

  • Båtruter i Florabassenget (sone H)
    • Florø - Askrova - Stavang - Svanøy (Florabassenget sør)
    • Florø - Barekstad - Batalden - Fanøy - Rognaldsvåg - Kinn (Florabassenget nord og vest)
  • Kaupanger kai - Frønningen (sone J)
  • Eidesvik - Espevær (sone C)

Med endringa fekk du som reiser med båt, langt billigare billettar og fleire billettypar å velje mellom. Du kan no også kjøpe billettar i appen Skyss Billett, nettbutikken på skyss.no og med SMS.

Her kan du lese meir om dei nye prisane, billettane og dei nye måtane å kjøpe billett på

Halv pris for passasjerar på Vik - Ortnevik - Nordeide

På sambanda Vik - Ortnevik og Ortnevik - Måren - Nordeide blei billettprisen for passasjerar halvert frå og med 1. juli. Du kjøper framleis billett om bord. Prisen for bilar er uendra.

På desse båtsambanda ville innføring av sonebillettar ikkje ført til redusert pris for dei reisande, og prisen for passasjerar er difor halvert, i tråd med fylkestinget sitt vedtak.

Les meir om prisendringa her

 

Publisert:

Oppdatert: