Nye billettautomatar
I løpet av hausten og vinteren skiftar vi ut billettautomatane langs bybanen. Den største endringa for deg som brukar billettautomaten er at bankkortet du betalar med blir billetten din.

Dei nye billettautomatane er enklare å bruke. Med få tastetrykk kan du kjøpe enkeltbillett for reiser i sone A. Du betaler med bankkort, og i staden for ein papirbillett vil bankkortet fungere som billetten din. Du kan òg betale med smarttelefon eller smartklokke, så lenge dei er tilknytta eit gyldig betalingskort.
Den første tida kan du berre kjøpe éin billett om gongen, men etter kvart vil du kunne kjøpe fleire billettar samtidig.
Desse korta kan du bruke på dei nye billettautomatane
- Visa: Debet– og kreditkort
- Mastercard: Debet- og kreditkort
- Maestro: Debet- og kreditkort
Dei første nye billettautomatane er allereie på plass i Ytrebygda. Alle bybanehaldeplassar mellom Byparken og Bergen lufthavn får nye billettautomatar i løpet av vinteren. Langs bybanenlinje 2, mellom Fyllingsdalen og sentrum, vil det vere nye automatar på plass til opninga 21. november. Ei oversikt over kor du finn dei ulike typane billettautomat finn du her.
Utskiftinga av dei gamle billettautomatane langs Bybanen er ein del av arbeidet vårt med å skifte ut det gamle billettsystemet.
Slik fungerer dei nye billettautomatane
- Kjøp enkeltbillett til reiser i sone A.
- Billetten er gyldig i 90 minutt frå kjøpstidspunktet
- Betal med bankkort (Visa, Mastercard eller Maestro), smarttelefon eller smartklokke.
- Billetten er knytt til bankkortet du har betalt med (meir om det under).
- Du kan få tilsendt billetten på SMS ved å legge inn telefonnummer etter fullført kjøp.
Slik sjekkar du billetten din
Med bankkortet som reisebevis, slepp du å passe på kvitteringar eller Skysskort. Billetten din er knytt til bankkortet du har betalt med. Du får ikkje lenger papirbillett eller kvittering på billettautomaten. Du kan sjekke billetten eller ta ut kvitteringar på følgande måtar:
- Tæppe bankkortet på billettautomaten: Tæpp bankkortet, smarttelefonen eller smartklokka du betalte med, på billettautomaten.
- Få billett tilsendt som SMS: Når du kjøper billett på nye billettautomatar, kan du be om å få billetten sendt som SMS til telefonen din. Du legg inn telefonnummeret på billettautomaten og får billetten sendt til nummeret du har registrert.
- Sjekk billetten på skyss.no: Legg inn kortinformasjon her for å få opp ei oversikt over alle billettar du har kjøpt på nye billettautomatar. Dersom du har ein gyldig billett, vil du sjå kor lenge han er gyldig. Du kan enkelt skrive ut kvittering ved behov.
Billettane gjeld for reiser i sone A
Billettar frå dei nye billettautomatane gjeld for reiser i sone A, og gjeld i kommunane Bergen, Askøy, Øygarden, Osterøy, Alver, Austrheim, Fedje og tidlegare Os kommune. Sjå sonekart her.
Billettane kan brukast på alle Skyss-bussar, bybanen og på Askøybåten og Nordhordlandsbåten. Du kan i tillegg bruke billetten på tog mellom Bergen og Arna/Trengereid (Arnalokalen og Vossebanen). Dersom du skal bruke billetten på tog må du vise fram kvittering frå skyss.no/kvittering eller billett på SMS.
Fleire funksjonar kjem snart
I løpet av hausten og vinteren kjem fleire funksjonar på plass på dei nye billettautomatane.
Desse funksjonane kjem:
- Kjøp av 24-timarsbillett for sone A
- Opplesing av innhald ved bruk av knappar (ein funksjon tilpassa blinde og svaksynte)
- Kjøpe fleire billettar samtidig
Gamle og nye billettautomatar side om side
Utskiftinga av billettautomatar, stegvis haldeplass for haldeplass, tek tid. Langs bybanen kan du i haust og vinter difor treffe på to ulike typar billettautomatar.
Nyttig å vite:
- Periodebillettar kjøper du i appen Skyss Billett eller i nettbutikken på skyss.no
- Skal du reise ut av sone A, må du kjøpe billett på andre måtar
- Skysskortet kan ikkje brukast på nye billettautomater. Du kan bruke Skysskortet ditt når du kjøper alle typar billettar i nettbutikken på skyss.no
- Treng du kvittering? Slik kan du hente ut kvittering.
- Du kan ikkje hente ut parkeringsbevis på nye billettautomatar. Dersom du har Skysskort og brukar å hente ut parkeringsbevis frå billettautomat, kan du få utdelt parkeringsbevis på kundesenteret vårt. Du kan også kjøpe periodebillett i appen Skyss Billett, der kan du registrere parkeringsbevis direkte i appen.
Publisert:
Oppdatert: